Annonse
VR blir i dag brukt i medisinsk behandling som stressavlasting for kreftpasientar, mot fobiar eller som smertelindring ved brannskadar, der pasientar speler i VR under smertefull behandling, som ved skifte av bandasje. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Utviklar VR-trening mot kroniske ryggsmerter

Ny teknologi kan hjelpe pasientar med ryggsmerter, meiner studentar som utviklar eit virtuelt treningsprogram. 

Det nye masterprosjektet undersøker korleis virtual reality(VR)-trening kan hjelpe pasientar med kroniske smerter i nedre del av ryggen.

Bak står to studentar frå ulike fagfelt, masterstudent i fysioterapivitskap ved UiB, Maja Sigerseth og masterstudent i programutvikling ved HVL og UiB, Thomas Larsen.

VR blir i dag brukt i medisinsk behandling, som stressavlasting for kreftpasientar, mot fobiar eller som smertelindring ved brannskadar, der pasientar speler i VR under smertefull behandling, som ved skifte av bandasje.

Dei to studentane ønsker no å utforske korleis VR kan brukast til å behandle kroniske smerter. Tanken er å kunne tilby ulike spel i VR, der pasientane gjer øvingar og bevegelsar som del av ei fysioterapi-behandling i primærhelsetenesta.

Powered by Labrador CMS