Uran kan ha forårsaka kreft på Rødbergodden

Svært høge førekomstar av uran i fjellet kan vere ein del av årsaka til at fleire tilsette ved Rødbergodden fort i Troms har fått kreft. Det syner målingar gjort av Seksjon for arbeidsmedisin ved Universitetet i Bergen, som no skal undersøke kreftførekomstane nøyare.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Undersøkingane ved Rødbergodden er ein del av ei større arbeidsmiljøkartlegging i Sjøforsvaret, forklarer professor Bente E. Moen ved Institutt for samfunnsmedisin.

Ho er leiar for Seksjon for arbeidsmedisin og medlem av arbeidsgruppa som arbeider med prosjektet «HMS Sjø», eit prosjekt som skal kartleggje risikofaktorar i arbeidsmiljøet til tilsette i Sjøforsvaret. Prosjektet kom i gang etter mykje diskusjon kring tilfelle som Kvikk-saka, der det var spørsmål om misdanningar på born av sjøforsvarstilsette på grunn av stråling. Arbeidet tok til hausten 2001, og skal dekkje både noverande og tidlegare tilsette på ulike arbeidsplassar i Sjøforsvaret.

"Professor Bente Moen arbeider med å kartleggje krefttilfelle i Sjøforsvaret."

- Målingane vart gjort i november i fjor, og har vore behandla etterpå, og vi har nettopp levert rapporten, seier Moen.

Ho meiner resultata gjev gode grunnar for å halde fram med undersøkingane.

- Vi fann høge førekomstar av uran - nokre stader tre-fire gonger høgare enn normalt. Også thorium fann vi i store dosar. Desse gassane kan spaltast til radon, som er kreftframkallande, fortel ho.

Radon er den viktigaste kjelda til stråleindusert kreft i Norge, i følgje Den norske kreftforening. Radon er ein radioaktiv gass som kjem frå jordskorpa, og som når han blir pusta inn spesielt aukar sjansen for å utvikle lungekreft. Problemet varierer sterkt frå stad til stad.

- I dette tilfelle var det ein slump at det var sjøforsvarstilsette som var ramma. Strålinga kjem frå berggrunnen, og har ikkje noko med arbeidet å gjere. Det jobbar ikkje folk der lenger no, men Sjøforsvaret vurderer å selje området, og difor var det interessant å gjere desse målingane, seier Moen.

Målingane vart utførte med hjelp frå Norges geologiske undersøkelser. No skal prosjektet «HMS Sjø» arbeide vidare med tal frå Kreftregisteret for å kartleggje kreftførekomstane i området. Heile helseundersøkinga i Sjøforsvaret skal vere ferdig i 2004.

Powered by Labrador CMS