– Eg fekk leiarstilling på grunn av mastergraden min, seier Olive Norah Nabacwa (til venstre), leiar av ein av to fødeavdelingar på Mulago-sjukehuset i Kampala i Uganda. Her saman med kollega Stella Mushy. (Foto: Runo Isaksen, SIU)
Utdanningsstøtte utan hjerneflukt
Norsk støtte til utdanning i utviklingsland har positive ringverknader både for enkeltpersonar og for arbeidsplassane deira. Dei aller fleste studentane får arbeid i heimlandet.
NOMA: Norad's Programme for Master Studies (Noma) støtta utvikling og drift av masterprogram i utviklingsland gjennom partnarskap med høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg. Programmet er no avslutta, men totalt 44 masterprogram i 18 land fekk finansiering mellom 2006 og 2014.
NUFU: Nasjonalt program for utvikling, forsking og utdanning (Nufu) var eit program for akademisk samarbeid basert på partnarskap mellom institusjonar i utviklingsland og partnarane deira i Noreg. Programmet fokuserte på forsking, utdanning, kapasitetsbygging og institusjonsutvikling, og var aktivt frå 1991 til 2012.
Det viser ein studie som Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) har gjennomført.
Studien omfatta 2000 studentar frå 36 utviklingsland. Alle studentane har fått støtte frå Norads program for masterstudiar (Noma) eller Nasjonalt program for utvikling, forsking og utdanning (Nufu).
Får jobb i heimlandet
Over 90 prosent av studentane som svarte på undersøkinga, hadde fått jobb i sitt eige land eller i regionen. Like mange var i arbeid i løpet av det første året etter at dei var ferdige med ein mastergraden.
– Studien viser at mastergradene som vart utvikla i u-landa ved hjelp av dei norske utdanningsprogramma, uteksaminerer studentar med god og relevant kompetanse, og at kandidatane i stor grad deler denne kompetansen både på arbeidsstaden sin og på andre arenaer, fortel seniorrådgjevar Torill Iversen Wanvik i SIU.
– Det er særleg dei som har fått jobb innan akademia, som svarer at dei i større grad enn gjennomsnittet bidreg med kompetanse og påverkar rutinar og retningsliner, seier ho.
Store forskjellar
Om lag ein tredjedel av dei uteksaminerte har fått jobb innan høgare utdanning.
I tillegg til sjølve spørjeundersøkinga vart det gjennomført intervju med stipendmottakarar i tre land: Tanzania, Uganda og Nepal.
– I desse intervjua ser me stor forskjell på Uganda og Tanzania mot Nepal. Studentane frå dei to afrikanske landa svarer at mastergraden har gitt både høgare løn og høgare stilling. I Nepal er arbeidsløysa større, og fleire er tilsett i frivillige organisasjonar enn i offentleg sektor, seier Wanvik.
Fekk leiarstilling
Ved Makerere-universitetet i Uganda vart det oppretta ein mastergrad i jordmorpraksis og kvinnehelse i samarbeid med Høgskolen i Bergen og tre andre afrikanske universitet, støtta av Noma-programmet.
Olive Norah Nabacwa er tidlegare mastergradsstudent og jobbar no ved Mulago-sjukehuset, det største i Uganda.
– No leiar eg ein av to fødeavdelingar her på Mulago-sjukehuset. Eg fekk leiarstilling på grunn av mastergraden, seier Nabacwa.
Studiet inkluderte praksisopphald ved Free State-universitetet i Sør-Afrika. Nabacwa besøkte også Sverige, og omtaler desse to landa som «idealsituasjonar».
– Eg har allereie innført nokre endringar på fødestova. Hudkontakt for nyfødde er til dømes ikkje vanleg her, men me har starta med det.
Det er likevel ikkje så lett å vera endringsagent, påpeiker Nabacwa. Ting må skje gradvis.
Annonse
Bidreg i samfunna sine
– Målet med studien var å sjå i kva grad Noma og Nufu har klart å oppfylla målsettingane, som blant anna var å bygga kapasitet i heimlandet til studentane seier Gro Tjore, assisterande direktør i SIU.
– Me ville finna ut korleis kandidatane bidreg i ettertid i samfunna sine. Det er vanskeleg å definera på kva tidspunkt investering i individ går over til å bli institusjonsbygging, men resultata frå studien viser at dette truleg er tilfelle, seier Tjore.
Vurderingar av forholdet mellom individuell og institusjonell kapasitetsbygging var eit hovudperspektiv i studien: I kva grad mastergradskandidatane bidrog til kompetansespreiing på arbeidsplassen, og om dei også hadde høve til å påverka utviklinga av institusjonen.
Studien viser altså at dei aller fleste har fått ein relevant jobb etter å ha tatt ein mastergrad med stipend frå Noma- eller Nufu-programmet, og er tilsett i offentleg sektor eller innan høgare utdanning.
Kultur for læring
Rose Chalo Nabirye leiar fakultetet for sjukepleie ved Makerere-universitetet i Uganda. Ho er den sentrale drivkrafta bak opprettinga av mastergraden i jordomorpraksis og kvinnehelse, den einaste mastergraden ved fakultetet. Ho ser på graden som kapasitetsbygging.
– Uganda har svært få utdanna jordmødrer i forhold til folketalet. I tillegg til å oppretta mastergrad gjorde Noma-midla det mogleg å utveksla spesialistar med partnarane våre. No utdannar me lærarar som kan hjelpa oss å utvikla utdanningstilbodet vidare, forklarar ho.
Den tidlegare studenten Olive Norah Nabacwa ved Mulago-sjukehuset meiner det er problematisk høge barrierar mellom akademia og klinikkane. Nettopp difor er det ekstremt viktig å ha folk med master- og doktorgrad på sjukehusa, argumenterer ho.
– Eg kan vera med å utdanna betre jordmødrer, og jobbar for å innføra ein betre læringskultur på fødestova.