Annonse

Utsette operasjonar skaper problem

Når operasjonar og undersøkingar blir utsette, kan fastande pasientar bli tørste, kvalme, slappe eller irritable om dei ikkje får tilført næring. Det viser ei undersøking som sjukepleiestudentar ved Høgskolen i Bergen står bak.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Sjukepleiarstudent Berit Netland i samtale med ein pasient. 112 sjukepleiarstudentar ved Høgskolen i Bergen har gjennom- ført samtalar med over 100 sjukehuspasientar. (Foto: Liv Utne)"

 

Undersøkinga avdekka at pasientar ikkje synest at det er problematisk å faste før dei skal undersøkast eller før operasjonar. Unntaket er når operasjonar blir utsett og pasientane må vente:

– Det er viktig å ta omsyn til dette når ein operasjon eller undersøking blir utsett. Det kan være til stor hjelp for pasientane om dei får informasjon om årsaka til utsetjinga, mat, intravenøs næring eller klare væsker å drikke i slike tilfelle, seier prosjektansvarlig, høgskulelektor Liv Utne.

Sjukehusmat

Studentar på sjukepleiarutdanninga har intervjua over hundre eldre pasientar om korleis dei opplever å ete og drikke når dei er på sjukehus.

Resultata viser at pasientane er svært nøgde med maten og korleis den blir servert. Dei synest at menyen er variert, at utvalet er godt, og at maten er delikat.

Men nokre av pasientane slit med låg appetitt, og fleire får i seg for lite drikke. Studentane har òg funne at mange pasientar slit med appetitten på grunn av sjukdomen sin.

Derfor er det viktig å variere kosten, å tinge ”ønskekost” til dei som har dårleg matlyst, og å presentere maten på ein god måte.

Slit med appetitten

Prosjektet er ein del av sjukehuspraksisen til andreårsstudentane på bachelorutdanninga i sjukepleie. 

112 studentar har intervjua meir enn 100 pasientar ved kirurgiske avdelingar på Voss sjukehus og Haukeland Universitetssjukehus. Pasientane var i alderen 60 til 94 år. Gjennomsnittlig alder var 78 år.

Appetitten og humøret til mange eldre på sjukehus kan være påverka av til dømes sjukdom, medikamentbruk, inngrep som er gjort eller dårleg tilpassa tannprotesar.

– Tilby ønskekost

"Høgskulelektor Liv Utne er prosjektansvarlig for undersøkinga."

– Det er viktig at dei tilsette ved sjukehuset kjenner til kva sjukehuset kan tilby av ønskekost, vegetariske alternativ eller tilbod til diabetikarar, meiner høgskulelektor Liv Utne.

Det er også avgjerande at det er ro rundt måltidene, at maten er variert og godt presentert, for at pasientane skal få i seg nok mat.

– Underernæring kan gjere sjukehuspasientar både sjukare og svakare, og sjansen for å døy aukar, fortel høgskulelektor Liv Utne.

– Underernærte pasientar treng meir hjelp og lengre tid på å bli betre, og dei nyttar fleire helsetenester. Dette gir store utfordringar for eldreomsorga og sjukehusa framover, seier ho.

I fjor gjorde studentar på andre årskull ei liknande undersøking.

– Dei pasientane vi har spurt i år verkar meir nøgde med maten enn dei vi spurte i fjor, opplyser Liv Utne.

Fleire eldre

Kunnskap om eldre og ernæring vil bli eit utfordrande arbeidsområde i framtida, når vi får ein stadig eldre befolkning.

– Undersøkingar som dette kan være med på å setje lys på problem som det er mogleg å løyse eller betre, og vert sett på som nyttige for dei det gjeld, avsluttar Liv Utne. 

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS