Det trengst meir tid til dialog og refleksjon i det fleirkulturelle barnevernet. Det viser funn i ein fersk studie om møtet mellom muslimske foreldre og barnevernet i saker om unge muslimske jenter.
Fleire og fleire saker i barnevernet dreier seg om barn av foreldre med minoritetsetnisk bakgrunn. I møtet med barnevernet opplever foreldra til desse barna ofte at dei ikkje blir forstått, respektert eller lytta til.
– Særlig opplever foreldre som har blitt meldt til barnevernet av andre, som altså ikkje sjølve har teke kontakt, at dei ikkje blir lytta til, respektert eller forstått av saksbehandlarane.
– Dette kan skuldast dårleg tid i behandlinga av sakene, språkproblemer med og utan tolk og kulturelle skilnader i forståinga av kva som er best for barnet, seier Bente Nes Aadnesen, førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag ved Universitetet i Stavanger (UiS).
– Foreldra sin tillit er avgjerande for å lykkast med arbeidet i slike saker, seier Aadnesen.
– Gjennom dialog og refleksjon kan saksbehandlarar og foreldre få ei felles forståing av situasjonen. Og slik kan foreldra etablere ein tillit til barnevernet, seier ho.
Dialog og nye tiltak
I doktorgradsavhandlinga si har Aadnesen intervjua saksbehandlarar i barnevernet og foreldre med minoritetsetnisk og muslimsk bakgrunn om erfaringar og opplevingar knytt til arbeidet med ein barnevernssak.
Sjølv om ho finn at nokre foreldre synest dette har vore eit vanskeleg møte, er det også ein del foreldre som fortel at dei har gode opplevingar. I desse tilfella har foreldra opplevd å bli forstått og lytta til frå første dag.
Aadnesen er ikkje i tvil om kva som trengst for at fleire foreldre med minoritetsetnisk bakgrunn skal få gode opplevingar i møtet med barnevernet.
– Barnevernet må bli betre på dialogen med desse foreldra og på å utarbeide andre typer tiltak enn det som har vore vanleg i slike saker. Til dømes må barnevernet ta omsyn til at storfamilien har ein viktig plass i mange av desse familiane.
– Barnevernet må sjå at storfamilien både kan vere ein ressurs for barnevernet og det aktuelle barnet, samstundes som det kan by på utfordringar for barnevernet, seier Aadnesen.
Gode tolkar viktig
For å få til betre dialogar mellom foreldra og barnevernet, trengst det også kvalifiserte tolkar. UiS-forskaren meiner tolkane sin kompetanse på hevast om barnevernet skal lukkast i slike saker.
– Feil oversettingar er svært uheldig i desse situasjonane, og mange norske ord og uttrykk finst ikkje på andre språk eller dei blir brukt annleis konstaterer Aadnesen og held fram:
– Saksbehandlarane må også få betre rammer å jobbe innanfor. Den einskilde saksbehandlar har ofte for lita tid på seg, noko som kan få følgjer for saksbehandlinga.
– I saker med barn og foreldre med minoritetsetnisk bakgrunn treng saksbehandlarane ofte ekstra tid på seg til å få til gode dialogar. Mange treng også meir basiskompetanse på korleis dei kan møte foreldre med ulike kulturelle bakgrunnar, seier Uis-forskaren.
Bakgrunn:
Bente Nes Aadnesen disputerte 8. juni ved NTNU. Tittelen på avhandlinga hennar er «Jeg kan ikke være den afrikanske mammaen i Norge. De må også skjønne at min bakgrunn er en del av meg. En studie av samhandling i barnevernet mellom saksbehandlere og foreldre med minoritetsetnisk og muslimsk bakgrunn».