Dårleg råd dårleg helse?

-Utgangspunktet er at vi alle er ulike frå fødselen av, ikkje berre når det gjeld genar og medfødde evnar, men også når det gjeld kva foreldre vi har og kva type miljø og påverknad vi blir utsette for gjennom oppveksten. Alt dette har noko å seie for korleis det går oss i livet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det seier Astrid Grasdal frå Program for Helseøkonomi i Bergen (HEB), som er ein av forskarane frå Universitetet i Bergen (UiB) som skal innleie på Helseøkonomikonferansen 2003, som skal haldast i Bergen midt i mai. Grasdal er postdok-stipendiat ved Institutt for økonomi, og skal snakke om «Sosial ulikhet i helse - hva viser norske levekårsdata?»

"Astrid Grasdal frå Program for helseøkonomi arbeider med eit prosjekt som skal undersøke sosiale skilnader og skilnader i helse."

- Poenget med å drive velferds- og omfordelingspolitikk er nettopp å forhindre at det som i utgangspunktet er små skilnader, blir akkumulert til store og uønskte skilnader over tid. I eit komparativt perspektiv vil vi til dømes studere om det er slik at dei landa som har små sosio-økonomiske skilnader mellom folk, også har små skilnader i helse. Små helseskilnader kan bli store, men i kor stor grad er det økonomien som påverkar helse, og omvendt? Er det til dømes slik at dårleg helse fører til dårleg økonomi på grunn av lågare evne til å arbeide, og høgare helseutgifter? Eller er det heller slik at dårleg økonomi i seg sjølv er årsak til helseproblem? Vi veit at effekten går begge vegar, men ikkje kva for ein effekt som er sterkast. Dette er vanskeleg å måle.

Små skilnader i Norge

Grasdal arbeider med data frå 1997 - 2000, frå levekårsundersøkingane til Statistisk Sentralbyrå.

- Mine data kjem frå det som blir kalla Levekårspanelet: Eit utval på 5 000 personar som har fått dei same spørsmåla fleire år på rad. Slik kan vi følgje utviklinga over tid, seier ho.

Grasdal arbeider med eit prosjekt som skal undersøke sosiale skilnader og skilnader i helse, og som enno ikkje er ferdig. Men så langt tyder resultata på at det i Norge, som har liten grad av sosioøkonomisk ulikheit, ikkje er nokon avgjerande samanheng mellom sjølvopplevd helse og inntekt.

- Ser vi på dei reine tala, er det heilt klart ein samanheng. Men når vi korrigerer for andre faktorar slik som kjønn, alder og utdanning, er ikkje samanhengen lenger så klar. Då er det nok ein tettare samanheng mellom utdanningsnivå og helse, meiner ho.

Dei rikaste går til spesialist

- Det kan sjå ut som om høgt utdanna personar er flinkare til å gjere seg nytte av den kunnskapen dei har om livsstil og helse. Folk med låg utdanning som røyker, til dømes, veit nok at røyking er skadeleg, men færre av dei ser ut til å ta konsekvensen av denne kunnskapen. Også tidlegare norske undersøkingar tyder på at folk med låg utdanning har ein meir risikofylt åtferd når det gjeld ting som røyking, kosthald og fysisk aktivitet. Men her er det sjølvsagt mange ting som spelar inn.

Når det gjeld forbruk av helsetenester, er det i OECD-området stort sett lik tilgang til slike tenester.

- Men det treng ikkje tyde at ein har lik utnytting. Når det gjeld forbruk av primærlegetenester i Norge, ser vi førebels ein liten grad av overrepresentasjon hos dei dårlegast stilte. Men når vi ser på spesialisttenester, blir det omvendt. Folk med høg inntekt har større sannsynlegheit for å oppsøke spesialist. Det er ein tendens som er verd å sjå nærare på, meiner Grasdal.

Powered by Labrador CMS