– Ikkje så enkelt å vere SV

SV kan stå utan representantar på Stortinget etter valet til hausten, og det er liten sjanse for at dei framleis vil sitje i regjering, meiner valforskar.

Publisert
 (Foto: SV)
(Foto: SV)

– SV er eit parti som er veldig markante i det politiske landskapet. Dei representerer veljarar med sterke meiningar i mange saker, og er svært tydelege i sin politikk. Dette gjer dei sårbare for korleis opinionen svingar.

- Det er noko av det som gjer det vanskeleg å vere SV, konkluderer Anders Todal Jenssen, valforskar og professor i statsvitskap ved NTNU.

Han har skrive artikkelen «Den viktigaste saka i vår tid! SV?», som nyleg vart publisert i Norsk statsvitenskapelig tidsskrift i eit temanummer om dei ulike partia før valet.

Utan representantar

Professoren har i artikkelen tatt alt frå partiet si historie til partiet si rolle i regjering i nærare augesyn. Todal Jenssen meiner det er liten sjanse for at dei framleis vil sitje i regjering etter haustens stortingsval.

Fleire meiningsmålingar indikerer ein oppslutnad om SV på under fire prosent.

Kva er grunnen til at SV er eit så ustabilt parti, spør valforskar og professor Anders Todal Jenssen. (Foto: NTNU)
Kva er grunnen til at SV er eit så ustabilt parti, spør valforskar og professor Anders Todal Jenssen. (Foto: NTNU)

– Det er meir enn teoretisk muleg at SV blir utan stortingsrepresentantar etter valet i 2013, og eg vert svært overraska om det framleis vert ei raud-grøn regjering etter valet, seier Todal Jenssen.

Eit verdiparti

Sosialistisk Folkeparti (SF) vart danna i 1960, og var ifølgje Todal Jenssen eit parti som ikkje passa inn i skiljelinemodellen. Medlemmane og veljarane var i all hovudsak fagforeiningsfolk, fredsaktivister, studentar og lærarar.

I programmet frå 1962 definerte partiet seg som reformistisk og parlamentarisk, og var for privat eigedomsrett til småbedrifter, gardsbruk og fiskebåtar. Partiet var også for internasjonal solidaritet, mot medlemskap i EEC (no EU) og Nato.

Todal Jenssen hevdar at det ikkje er tvil om at SV hentar relativt fleire veljarar frå offentleg enn privat sektor. Han skildrar SV som eit verdiparti, og peikar på nokre sentrale trekk som sterke saksstandpunkt i nye stridsspørsmål, verdibasert politikk, og eit parti støtta av høgt utdanna unge med nye verdiar.

Han meiner også at SV er eit parti med svak partiorganisasjon.

Med sterke meiningar

Todal Jenssen nyttar i artikkelen sin omgrepet «ideologiske dimensjonar», og viser til at SV-veljarane har ytterleggåande meiningar langs fleire av dei ideologiske dimensjonane.

Partiet har dei mest venstreorienterte, mest miljøorienterte, mest innvandringsliberale og mest verdsleggjorte veljarane av alle partia på Stortinget.

Det betyr at SV er følsamt for svingingar.

– Partiet er både avhengig av at mange veljarar er opptekne av stridsspørsmål i desse dimensjonane, og at valvinden blæs i SV si retning. Det har ikkje vore mange stemmer å hente på ein liberal innvandringspolitikk dei siste tiåra, men i 1989 var miljø ei vinnarsak og i 2001 var folk misnøgde med forfall i skulen.

- Dette ga igjen framgang for SV, fortel Todal Jenssen.

Svekka eigarskap til saker

I 2001 gjorde SV eit veldig godt stortingsval. Då var dei som stemte SV opptekne av skule- og utdanningsspørsmål. Partiet hadde også fokusert på dårlege skulebygg, og manglande vedlikehald i fleire år.

– I tillegg trudde nok mange at SV også stod for eit alternativt syn på skuleinnhaldet, men dei enda opp med å ikkje setje noko særskilt preg på utdanningspolitikken, seier han, og legg til at det ikkje vart løyvt meir pengar til forsking og høgare utdanning, noko som heller ikkje hjelpte på.

– Ved valet i 2009 var det tydeleg at SV sitt eigarskap til mange saker, særleg skule -og utdanningspolitikk, var sterkt svekka, seier han.

Komplisert forhold til Ap

Todal Jenssen viser også til korleis SV har gått frå å kritisere Arbeiderpartiet til å gå i regjering saman med dei og Senterpartiet.

Forholdet mellom Arbeiderpartiet og SV har, ifølgje valforskaren, alltid vore komplisert.

– Dette vert ytterlegare komplisert ved at veljarframgang for SV betyr tap for Ap og omvendt, og dette skapte eit dilemma for SV. Korleis kan dei stele veljarar frå ein ynskt samarbeidspartnar? spør Todal Jenssen.

Korleis kom SV i regjering?

Så korleis enda dei to konkurrentane opp i regjering saman? Dette er eit av tema Todal Jenssen tek opp i artikkelen, og viser til at i 2001 vart Stoltenbergs første regjering audmjuka av stortingsfleirtalet og veljarane, og Arbeiderpartiet gjorde sitt dårlegaste stortingsval sidan 1924.

SV derimot, gjorde sitt beste val nokosinne. I Ap utløyste nederlaget ein debatt om behovet for fleirtalsregjeringar og alliansar med andre parti.

I SV såg mange derimot eit svekka Ap som ein mindre truande samarbeidspartnar. Motførestellingane mot regjeringssamarbeid internt i SV vart svekka. Men når eit samarbeid vart aktuelt for dei, viste det seg at SV var lite førebudde på si nye rolle.

Store forventningar

Partiet hadde heller ikkje sett føre seg at både Senterpartiet og Arbeiderpartiet først og fremst var interesserte i å forsvare status quo, ikkje i å endre det norske samfunnet, slik som SV var interessert i.

Vidare står det i artikkelen at i delar av opinionen hadde folk store forventningar til SV sin innverknad.

– Mange oversåg at SV sin oppslutnad vart halvert i løpet av nokre månadar før valet i 2005. SV møtte heller ikkje eit audmjukt Ap i regjeringsforhandlingane, snarare tvert i mot.

- Og ved vala i 2007, 2009 og 2011 gjekk SV tilbake, seier Todal Jenssen.

Har svelt mange kamelar

Dette vart diskutert fram og tilbake i media, og nokre meinte det handla om regjeringsslitasje, lite motiverte politikarar eller dårleg negativ framstilling i media.

Todal Jenssen er ikkje heilt einig i dette. SV har klart seg dårlegare enn regjeringspartnarane sine - han meiner dette kan forklarast med at dette handlar om kva politiske kamelar SV har vore villig til å svelgje.

– SV sitt ja til norske troppar i Afghanistan og bombinga av Libya har falt den gamle garden av fredsaktivister tungt for brystet. Det vart inga månelanding for regjeringa sitt CO2-prosjekt, og handelen med klimakvotar og dei såkalla grøne sertifikata har ikkje redusert utsleppa av klimagassar.

- Dei unge miljøengasjerte har vanskeleg for å sjå at SV i regjering har utgjort ein skilnad. Med unntak av barnehageutbygginga har SV sine sigrar bestått i å hindre endring til det verre. SV har saman med Senterpartiet så langt hindra olje – og gassproduksjon utanfor Lofoten og Vesterålen, seier Todal Jenssen.

“Det eigentlige, skjulte SV”

SV sin eigenart har tidlegare vore å vere eit tydeleg, radikalt alternativ til Arbeiderpartiet. Dette har dei ikkje klart å markere etter at dei kom i regjering med ”sin største konkurrent”, ifølgje Todal Jenssen.

– Det partiet som vert skildra i media vert meir og meir utydeleg, og dermed vanskelegare å skilje frå Arbeiderpartiet. Avstanden mellom veljarane sitt bilete av SV og partiet sitt bilete av seg sjølv, er aukande.

- Om SV ynskjer å stå fram som eit alternativ til Arbeiderpartiet, er det nok enklare å kommunisere ei forteljing om «det eigentlege, skjulte SV», enn forteljinga om dei mange, store sigrane i den raud-grøne regjeringa, argumenterer han.

Professoren meiner vi kjem til å få eit spanande val til hausten, der fleire små parti står overfor eit skjebneval.

– Likevel er det Venstre og SV som har mest grunn til å vere nervøse, då dei ikkje har ein tydeleg og definert veljarbase. At dei bestemte seg for å gjere valkamp på eiga hand, kan avgjere om dei kjem til å overleve, seier han.