Saltstraumen er ein av landets største turistattraksjonar. (Foto: Gudmund Løvø, NGU)

Betre vern med nye kart over Saltstraumen

Nye geologiske kart over Saltstraumen kan gjere det enklare å ta vare på dei mest sårbare naturtypane. Dei kan òg bli eit viktig verktøy for turistnæringa i området.

Under den berømte Saltstraumen utanfor Bodø skjuler det seg spennande geologi og biologi.

Saltstraumen er ein av Noregs mest besøkte naturattraksjonar, og mange bruker havet her til dykking eller båtaktivitetar.

No er kystområdet kartlagd, og Noregs geologiske undersøking (NGU) har laga ein rapport om verdas kraftigaste tidvasstraum.

– Dei nye karta vil gi turistane betre informasjon om korleis havet og havbotnen ser ut. Dermed kan dei få enda meir ut av aktiviteten, seier NGU-geolog Oddvar Longva, som har vore med på kartlegginga i Saltstraumen.

Verna i 2013

Det unike kystområdet i Nordland vart verna i 2013. Med bakgrunn i etableringa av Saltstraumen marine verneområde har Fylkesmannen i Nordland bestilt marine grunnkart frå NGU.

– Geologien er grunnlaget for karta som vi no presenterer. Med ny kunnskap om korleis havbotnen ser ut, kor djupt det er og kva for sediment han består av, kan vi teikne eit ganske nøyaktig bilde av forholda under vatn, fortel prosjektleiar Liv Plassen.

Botnen på Saltstraumen byr på mykje spennande natur. (Foto: NGU)

– Kartlegginga er viktig i forvaltninga av verneområdet og gjer det enklare å ta vare på dei mest sårbare naturtypane. Samtidig vil kartlegginga gi ny og spennande informasjon om eit naturskjønt rike under havoverflata, seier fylkesmiljøvernsjef i Nordland, Roar Høgsæt.

Dei spesielle straumforholda er bestemt av geologiske strukturar og har stor betydning for plante- og dyrelivet i området. Å ta vare på sjøbotnen er derfor ein viktig del av verneformålet.

Saumfòr havbotnen

Grunnlaget for den nye rapporten er eit tokt i området med forskingsbåten «Seisma» i fjor haust. Havet og havbotnen vart saumfarne med multistråleekkolodd og videokamera, og geologane tok opp prøver av sedimenta.

NGU-geologane Oddvar Longva og Liv Plassen under tokt på «Seisma». (Foto: NGU)

I ettertid har Norsk institutt for vassforsking (Niva) analysert dei biologiske funna og registrert naturtypar ut frå videoopptaka, medan NGU-forskarar har arbeidd vidare med dei geologiske funna.

Resultatet er maringeologiske kart, som kvar for seg gir informasjon om botnsediment (kornstorleik), djup, skråning, ankringsforhold, gravbarheit og botnfelling.

Avansert modellering

Analyseresultata er òg brukt til å lage eit kart over naturtypane i området. Dette er gjort med statistisk modellering.

Ut frå registreringar langs 31 liner med videoopptak har NGU-forskar Thijs Christiaan van Son berekna kva for naturtypar heile det aktuelle havområdet består av.

– Niva gjennomførte totalt 4689 registreringar av naturtypar langs videolinene i verneområdet. Det er desse registreringane som saman med ulike heildekkande miljølag, er utgangspunktet for å modellere eit slikt naturtypekart, seier van Son.

Naturtypekartet over Saltstraumen vil gi ny og viktig informasjon for forvaltninga av området. (Foto: (Illustrasjon: NGU))

Vil kartlegge alt

Kartlegginga av Saltstraumen marine verneområde føyer seg inn i ei rekke geologiske prosjekt langs kysten. I tillegg til utviklinga av marine grunnkart på Søre Sunnmøre, er det gjort liknande kartlegging i Trøndelag og i Astafjordane i Troms.

No ynskjer NGU og Kartverket å kartlegge heile norskekysten.

– Vi kan levere det som trengst for ei god forvalting av areal, miljø og ressursar i kystområda. Det vil òg vere viktige data for Forsvaret, forskingsføremål og fiskerinæringa, seier spesialrådgivar Jan Høst.

– Fiskarar i andre havområde vi har kartlagt, seier at karta har vorte lommelykta, som gjer det lettare å fiske i mørket. Med ei maringeologisk kartlegging «slår vi på lyset» på havdjupet, seier Oddvar Longva.

Referanse:

Plassen mfl: Kartlegging av Saltstraumen marine verneområde. NGU-rapport 2015.057.

Powered by Labrador CMS