Dei siste åra har NIFES jobba med ein metode for å kartleggje dei mest selde fiskeartane i Noreg. (Foto: Frøland, Jonas, Samfoto, NTB scanpix)

Kan avsløre fiskejuks

Kva fisk er det eigentleg i fiskekakene du kjøper i butikken? Det skal forskarane finne svar på.

Studiar i USA og Europa har avdekt omfattande feilmerking av fiskeprodukt. Det vil seie at fiskeprodukt i butikken inneheld filet frå andre artar enn det som står på merkelappen. Til dømes hender det at filetar frå lågare prisa fisk vert selt som høgare prisa artar.

I ei undersøking av 1200 ulike sjømatprodukt frå utsalsstader i heile USA var over 30 prosent feilmerka.

– Dette kan vere eit problem til dømes for matallergikarar, forklarar Pål Olsvik, som jobbar som forskar hjå Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (Nifes).

Ein av artane som oftast var feilmerka i den amerikanske undersøkinga, var tunfisk. Men feilmerking er ikkje berre eit problem som gjeld fiskeprodukt.

Sidan 2013 har Mattilsynet gjennomført ei årleg undersøking, kalla Merkesjekken. I 2015 vart ulike kjøtprodukt undersøkte, og det viste seg at meir enn 50 prosent av varene var feilmerka.

DNA-identifisering

Dei siste åra har forskarane jobba med ein metode for å kartleggje dei mest selde fiskeartane i Noreg. Metoden er basert på DNA-identifisering. Sidan alle organismar har unikt DNA, kan arvestoffet brukast til å identifisere art.

– Slike metodar vil gje styresmaktene ein reiskap som kan slå fast om fisk som vert importert og selt i Noreg, er riktig merka og ikkje inneheld noko anna enn det som er oppgitt, seier Pål Olsvik.

Ved å ta i bruk denne framgangsmåten kan vi altså seie noko om kva fiskeartar som inngår i reine fiskeprodukt på den norske marknaden.

Fleire titals artar

Metoden vert testa. Fisk kjøpt i butikk, vert testa opp mot fiskedatabasen, som består av nærare 90 artar som vert selt i Noreg og utlandet.

Neste punkt på programmet er å finne ein metode for å bestemme art og mengde av kvar art i blandingsprodukt, som fiskekaker og fiskebollar. Dette har vist seg å vere hakket meir utfordrande.

– Fiskeprodukt som vert selde i Noreg kan potensielt bestå av filet frå fleire titals artar. Metoden vår kan til ein viss grad identifisere enkeltartar i produkta, men gjev ikkje noko godt bilete på mengdeforholda mellom artane, seier Olsvik, som no jobbar vidare med å forbetre metodane.

Hestekjøt i lasagne

Det kanskje mest kjende tilfellet av feilmerking av matvarer skjedde i 2013 då det vart gjort funn av hestekjøt i ei mengd storfeprodukt rundt om i Europa. I Noreg vart det gjort funn av hestekjøtt i fleire typar ferdiglasagne selt i daglegvarebutikk.

Etter desse avsløringane bad Mattilsynet Nifes om hjelp til å analysere DNA frå umerka hest og svin i matvarer. Forskingsinstituttet er norsk referanselaboratorium for DNA-basert testing av gris, hest og drøvtyggjande dyr. 

Powered by Labrador CMS