Forskarar kan bli drapstiltalt

I den italienske byen L’Aquila kan ei gruppe jordskjelvforskarar bli tiltalte for drap. Aktor meiner dei burde ha forutsett skjelvet og varsla innbyggjarane.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

6. april 2009: Eit jordskjelv på 6,3 på Richters skala rysta sentrale delar av Italia. Verst gjekk det ut over middelalderbyen L’Aquila.

Byen fekk store materielle skader. Bygningar raste saman og jamvel delar av sjukehuset kollapsa. Statsminister Silvio Berlusconi erklærte nasjonal unntakstilstand og reiste straks til det katastroferåka området. Nærare 300 menneske døde denne vårdagen.

Jordskjelvet i 2009 raserte mange bygningar i L'Aquila. (Foto: iStockphoto)

No kan den nasjonale jordskjelvkomiteen bli tiltalt for drap. Aktor i L’Aquila meiner at dei burde ha forutsett og varsla om jordskjelvet som kosta så mange liv.

Seismologiprofessor Kuvvet Atakan ved Universitetet i Bergen meiner at denne saka er det ytterste eksempel på kva som kan skje når forskarar ikkje klarer å kommunisere usikkerheit.

– Seismologi er eit fagfelt som tydeleg viser kor viktig det er å formidle usikkerheit ved forskinga. Konsekvensane blir så alvorlege. Vi har ikkje dei vitskaplege metodane som skal til for å forutseie jordskjelv nøyaktig, og det har ikkje den italienske komiteen klart å formidle.

– No vert dei skulda for å ikkje ha levert varene, og dei vert stilte ansvarlege for menneskeliva som gjekk tapt, seier han.

Medieansvar

Innanfor dei fleste fagfelt vil det dukke opp usikre moment. Éin type usikkerheit har ein når ein ikkje har god nok kjennskap til sjølve fenomenet ein undersøkjer. Nye data vil ikkje minske usikkerheita fordi ein allereie i utgangspunktet veit for lite.

I andre tilfelle kan nye data fjerne usikkerheita.

Felles er i alle høve at usikkerheit må fram i lyset på ein heilt annan måte enn i dag, ifølge Atakan.

Ansvaret for å formidle den usikkerheita som heftar ved forsking er samansett meiner han. I første omgang må forskarane i klartekst uttrykkje kva sider ved forskingsresultata som er usikre og korleis denne usikkerheita skal tolkast.

– Deretter ligg ansvaret hjå media. Mediene har ein eigen dynamikk og sensasjonaliserer ofte for å vinne konkurransen om publikum. Det skaper forventning og tilspisser vinklinga, noko som er svært uheldig, spesielt i den typen saker som jordskjelvet i L’Aquila, seier han.

Han meiner at også mediene har eit ansvar for å tenke på konsekvensane av det som vert formidla. Til sist legg han også ein del av ansvaret på myndigheitene som må følge opp forskarane sine råd og vurderingar.

Jordskjelv frå barnsbein av

I Tyrkia samarbeider myndigheitene med forskarar, blant anna frå Universitetet i Bergen, for å vere best mogleg førebudde på jordskjelv. Delar av landet ligg utsett til, og mellom anna må entrepenørar halde seg til strenge reglar når dei fører opp nye bygg.

Frå tid til anna har utbyggjarar blitt stilte for retten fordi dei ikkje har bygd etter regelverket. I Japan, som også er utsett for jordskjelv, er bevisstheita kring jordskjelv høg.

– Her lærer ein heilt frå barnsbein av korleis ein skal forhalde seg til jordskjelv, tsunamiar og vulkanutbrot. Også i tider der det ikkje er høg fare for slike hendingar, er det ein del av den nasjonale bevisstheita. Dermed unngår ein den skremselspropagandaen og kaoset ein ser andre stader, seier Atakan.

Debatt og sirkus

Seismologiprofessor Kuvvet Atakan meiner at forskarar har eit ansvar for å formidle usikkerheit i forskinga.

Til trass for godt førebudde myndigheiter, manglar denne nasjonale bevisstheita om jordskjelvfaren i Tyrkia, ifølge Atakan.

Etter at eit stort jordskjelv råka landet i 1999 var det stor mediemerksemd kring skjelvet og ein vitskapleg debatt vart sett i gong.

Men debatten utvikla seg til eit sirkus, der forskarar utan den naudsynte kunnskapen krangla openlyst i mediene.

– Heile det vitskaplege miljøet mista andlet overfor publikum og debatten enda med at folk blei meir usikre enn dei nokon gong hadde vore. Det blei eit sirkus der alle kjempa mot alle. Noko av det same har vi sett i klimadebatten dei siste åra, seier Atakan.

Han peikar på at det heile dreier seg om å formidle vitskapen med den usikkerheita som følger med på kjøpet, og meiner at forskarane bør vere bevisste på kva slags bodskap dei formidlar gjennom kva slags medium.

Støttar italienske forskarar

Forskarar verda over har no sett i gong ein underskriftskampanje for å vise si støtte til dei italienske jordskjelvforskarane som kan hamne for retten med ei svært alvorleg tiltale mot seg.

Atakan meiner at mykje kunne ha vore unngått dersom formidlinga hadde vore klarare.

Forskarane har ikkje vore klare nok på usikkerheita ved dei vitskaplege metodane utad, og mediene har gjort sitt ved å skape urealistiske forvetningar.

– Det var denne uheldige kombinasjonen som skapte illusjonen om at dei italienske jordskjelvforskarane kunne forutseie når eit jordskjelv ville kome, seier han.

Powered by Labrador CMS