Ekskluderande teknologi

På kort sikt skaper teknologien fleire problem enn løysingar. Verst er det i utkantstrøk.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

- Mi forskning viser at teknologi like gjerne er ekskluderande, at den ofte gjer oss mindre fleksible og at den i like stor grad knyter oss til tid og rom, seier førsteamanuensis Ståle Angen Rye ved Universitetet i Agder.

Startpunktet hans var førestellingar som var meir eller mindre eksplisitte i det globale ordskiftet.

For eksempel at teknologi er inkluderande, at teknologi gir fleksibilitet og at teknologi kan fri oss frå tid og rom- dimensjonen.

- Det eg fann stemmer ikkje helt med den forteljinga, seier Rye.

Fjernundervisning

Rye har studert internettbruk i fjernundervisning og korleis denne har både tilsikta og utilsikta konsekvensar for folk og stader i utviklingsland.

Feltarbeidet er gjort ved Universitas Terbuka i Indonesia, ei av dei største utdanningsinstitusjonane i verda. Her gjorde han ein studie av studentar i Jakarta og frå Bangka Belitung, ein av dei minste provinsane i Indonesia.

- Mine funn er tydelegast der den teknologiske tettleiken er låg. Studentane sin fleksibilitet avheng av familiesituasjon, arbeidsgivar, venner og fritid.

- Det er ikkje berre sambandet mellom utdanningsinstitusjonen og studenten som er avgjerande. Ein gløymer den siste komponenten, som handlar om korleis studentane lever på heimstaden sin.

- Dette er viktig i det som blir kalla fleksibel utdanning, men det er alt for ofte oversett i utvikling og forsking, seier Rye.

Optimist

Han understrekar at han likevel er teknologioptimist.

- Eg er positiv og meiner at verda går framover. Teknologiar som Internett er viktige bidrag til dette. Men det går framover berre gjennom kritikk.

- Mine funn gir grunn til ei meir kritisk haldning til kva som er teknologien sin funksjon i ulike sosiale samanhengar. Det gir moglegheiter til å gå bak vedtekne sanningar, seier han.

Utkantstrøk

- Dei som bur i utkantstrøk har mest behov for teknologi, men dei er ofte ikkje i like stor grad i stand til å nyttiggjere seg teknologien, seier Rye.

Mangel på både regional infrastruktur og eigen digital kompetanse er nokre av problema. På kort sikt betyr det at teknologien gir meir problem enn læring.

- Det betyr ikkje at det er nyttelaust å ta i bruk teknologien, det betyr berre at vi må ha eit lengre tidsperspektiv på dette. En må også ta høgde for dei komplekse sosiale og kulturelle prosessane teknologibruken er ein del av.

- Poenget er at virtuelt samarbeid er sterkt avhengig av aktørane sin fysiske, lokale og sosiale kontekst, seier Rye.

No bruker han funna sine frå doktorgradsarbeidet i fleire samanhengar, som for eksempel evaluering av e-læringsprogram i eit interkommunalt samarbeid.

Bakgrunn:

Ståle Angen Rye disputerte for doktorgraden i kultur- og samfunnsgeografi ved NTNU, med avhandlinga “Conditions of Connectivity. The Internet and the time-space of distance education in Indonesia”. Han er tilsett ved Institutt for statsvitskap og leiing ved Universitetet i Agder.

Powered by Labrador CMS