Tilbake til livet

Å kjempe seg gjennom underlivskreft er tøft. Men kva med livet etterpå, når ein skal komme seg tilbake til kvardagen? Forskarar skal finne ut kva som aukar livskvaliteten etter behandlinga.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskarane vil sjå om kvinnene lettare taklar dagliglivet ved å auke den fysiske forma og opparbeide styrke. (Foto: Frøy Katrine Myrhol)

I treningsalen spring ti kvinner i ring så sveitten renn. Etterpå er det fram med strikk for å trene styrke, før dei roar ned på matter.

For ein utanforståande kan det sjå ut som ei vanleg gruppetrening, men desse kvinnene deler ei tøff forhistorie.

Dei har nemleg alle hatt ein form for underlivskreft, og fekk etter avslutta behandling tilbod om å vere med på forskingsprosjektet ”Rehabilitering av kvinner som har hatt gynekologisk kreft”.

Lite oppfølging

Denne gruppa skal trene seg tilbake til dagliglivet. Ei av deltakarane er Linda Fortes, som fekk diagnosen eggstokk-kreft, og vart akutt operert.

– Eg fekk sjokk då eg fekk beskjeden, og må ha vore sjuk lenge utan at eg visste det. Etter operasjonen fekk ein lite informasjon, og var eigentleg overlatt til seg sjølv, seier Fortes.

- Mange saknar eit apparat etter behandlinga, som hjelper dei å kome tilbake til kvardagen, seier Frøydis Hausmann (t.v.) som leiar treningsgruppa. (Foto: Frøy Katrine Myrhol)

Saknar eit apparat

– Nyare forsking viser at mange slit med angst og depresjonar, og saknar eit apparat etter behandlinga, som hjelper dei å komme tilbake til kvardagen, seier høgskolelektor Frøydis Hausmann på Idrettsseksjonen, Avdeling for lærerutdanning ved Høgskolen i Bergen.

Ho leiar den fysiske testinga, samt treningsgruppa i prosjektet.

– Tidlegare har det vore relativt stor dødelegheit ved gynekologisk kreft, men no har ein gode behandlingsformer. Difor har vi no ei stor gruppe med kvinner som vi ikkje veit mykje om, seier ho.

Opparbeidar styrke

Deltakarane blir delt mellom treningsgruppe og samtale- og undervisningsgruppe for å sjå kva som aukar livskvaliteten mest for kvinnene etter behandlinga.

Linda Fortes og Anne Grethe Johannessen (frå v.) byggjer opp styrke med å trene med strikk. (Foto: Frøy Katrine Myrhol)

I tillegg har ein kontrollgruppe utan noko opplegg.

– Vi vil sjå om dei lettare taklar dagliglivet ved å auke den fysiske forma og opparbeide styrke. Trening har og ein positiv effekt på den mentale helsa, seier Hausmann, som trenar gruppene med eit spesialisert opplegg.

Ein anna energi

Reidun Sæbye fekk konstatert livmorhalskreft, og måtte gjennomgå stråling og cellegift.

– Eg merka langtidsvirkingane etter behandlinga, og kjente meg veldig sliten og trøtt. På eit punkt var og uføretrygding eit tema, men det har endra seg heilt no med treninga, seier Sæbye.

– Eg har ein heilt anna energi no, som eg ikkje har hatt på lenge. Treninga gir og oppfølging og eit sosialt samvær, fortel Fortes.

Involverar studentar

Kvinnene må gjennom omfattande fysiske testar og spørjeskjema. Ved Høgskolen i Bergen er idrettsstudentar og studenter på bachelor i folkehelsearbeid involverte i testinga og treninga.

No deltar det rundt 30 kvinner i forskingsprosjektet, men ein skulle gjerne hatt fleire.

Forskarane manglar og midlar til å halde fram. Viss prosjektet ikkje finn meir økonomisk støtte må ein avslutte etter sommaren.

Kreft ikkje eit tema

For kvinnene er det ein tryggleik at Hausmann som trenar kjenner den medisinske forhistoria deira.

– Treninga er spesialtilpassa behova våre, og det fins eigentleg ikkje eit anna alternativ, seier Fortes.

Sjølv om dei har vore gjennom ei tøff tid, er ikkje kreft og sjukdom eit samtaleemne på treningane.

– Vi er ikkje sjuke no, men friske. Alle er her fordi vi har hatt kreft, men når vi trenar ilag er det for å ha det kjekt, fortel Anne Grethe Johannesen.

Bakgrunn: 

Forskningsprosjektet er basert på doktorgradsarbeidet ”Livet etter underlivskreft- fem år etter behandling” av Ragnhild Sekse.

Det er eit samarbeid mellom Høgskolen i Bergen, Haukeland Universitetssjukehus, Universitetet i Bergen og Universitetet i Agder.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS