Den nordiske pasienten

Det skal bli enklare å vurdere og jamføre kvaliteten på ulike helsetenester mellom dei nordiske landa. Noreg sit på "standarden" når det gjeld målingar av pasientrøynsler.

Publisert
(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)
(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Fire jamføringsområde

Innafor desse fire område skal vi i framtida kunne gjere jamføringar av kvaliteten på helsetenestene i Norden:

  • Pasientrøynsler
     
  • Pasientsikkerheit
     
  • Tannhelsetenester
     
  • Spesifikke og generiske sjukdommar

- Den største utfordringa når det gjeld pasientrøynsler er å sikre naudsynt infrastruktur i alle landa for å gjennomføre store nasjonale undersøkingar, seier forskar Øyvind Andresen Bjertnæs ved Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta.

Han er leiar for ei arbeidsgruppe som førebur felles nordiske kvalitetsindikatorar for pasientrøynsler.

- Noreg har på ein måte gullstandarden når det gjeld landsdekkande målingar av pasientrøynsler.

- Vi har eit nasjonalt kompetansemiljø som arbeider både med undersøkingar ved somatiske sjukehus og institusjonar i psykisk helsevern, vi har eit system for å samle inn data frå faktiske pasientar og vi har praktiske røynsler.

- Det tek fleire år å byggje opp den slags kapasitet og dei tekniske og praktiske løysingane, seier han.

Enklare

Målet med det nordiske prosjektet er å utvikle målemetodar og presentasjonsformer som gjer det enklare å vurdere og jamføre kvaliteten på ulike helsetenester mellom dei nordiske landa, såkalla ”benchmarking”.

Det er tidlegare konstatert at det trengst å satse meir for å styrke datakvaliteten og få fram valide kvalitetsindikatorar til å gjere rettvise jamføringar mellom helsetenestene i Norden.

Derfor har Nordisk ministerråd sett i gong eit omfattande prosjekt for å kunne gjere slike jamføringar mogleg i framtida.

Spørjeskjema

Øyvind Andresen Bjertnæs førebur jamføring av pasientrøynsler.
Øyvind Andresen Bjertnæs førebur jamføring av pasientrøynsler.

I prosjektet har dei arbeidd med eit nytt spørjeskjema som skal måle dei vaksne pasientane sine røynsler med døgntenester ved somatiske sjukehus i Norden.

Det er ein tidkrevjande prosess å klårgjere eit slikt spørjeskjema. Til no har det vore omsett frå ein norsk basisversjon til finsk, islandsk og svensk.

Skjemaet er testa gjennom intervju med pasientar i Noreg, Sverige og Island for å sjekke om spørsmåla blir forstått slik det var meint.

I Noreg har dei òg gjort ei pilotundersøking ved Akershus universitetssjukehus, som viste at spørjeskjemaet har god kvalitet.

Vil måle fleire tenester

Arbeidsgruppa vurderer no om heile eller delar av dette spørjeskjemaet kan brukast i fleire spesialisthelsetenester, som somatisk poliklinikk og døgnbasert og poliklinisk psykiatri, slik Nordisk ministerråd ønskjer.

Eit alternativ gruppa har drøfta, er å tenkje seg eit spørjeskjema med nokre få kjernespørsmål som passar for fleire pasientgrupper.

Eit slikt skjema er Kunnskapssenteret no i gong med å utvikle og teste for Helse Vest RHF (sjå prosjektplanen). Data frå testen skal vere klåre for analyse i januar neste år.

Årleg

Nordisk ministerråd vil jamføre kvaliteten på helsetenester i Norden.
Nordisk ministerråd vil jamføre kvaliteten på helsetenester i Norden.

Det er planlagt at sluttrapporten om fellesnordiske kvalitetsindikatorar for helsetenestene skal kome rundt neste årsskifte.

Då skal vi snart kunne gå til statistikkheftet NOMESKO frå Nordisk ministerråd og finne nye data kvart år som jamfører helsetenester i Norden på ein rettvis måte. 

Kjelder:

Kvalitetsmåling i sundhedsvæsenet i Norden. TemaNord 2007:519. Nordisk Ministerråd, København 2007.

Oltedal S, Garratt A, Bjertnæs ØA, Bjørnsdottir M, Freil M, Sachs MA.: “The NORPEQ patient experiences questionnaire: data quality, internal consistency and validity following a Norwegian inpatient survey. 2007” Scand J Public Health 2007; 35: 540-547.

Lenke:

Kvalitetsmåling i sundhedsvæsenet i Norden