Utfordra unge forskarspirer

- Dette er eit eksperiment du kan gjere når foreldra dine ikkje er heime, sa Newton-programleiar Per Olav Alvestad, då han opna Kunnskapsfesten under Forskningsdagane i Bergen. 

Publisert
Newton-programleiar Per Olav Alvestad skapte stort engasjement då han viste ei rekke eksperiment frå scena. (Foto: Jørn Lavoll)
Newton-programleiar Per Olav Alvestad skapte stort engasjement då han viste ei rekke eksperiment frå scena. (Foto: Jørn Lavoll)

Både barn og vaksne fekk pirra nysgjerrigheita si under opningsshowet på Festplassen.

– Eg skal få dette sugerøyret til å gå gjennom denne poteta, seier Newton-programleiaren. Men til det treng han litt hjelp:

– Ein, to, tre, ropar folkemassen på Festplassen, og plutseleg har eit tynt sugerør trengt gjennom ei rå potet.

Mange ler og synes eksperimenta er underhaldande og lærerike. Ikkje alle håpar at eksperiment som blir vist seinare blir testa ut heime…

Etter opninga fordeler folk seg i ulike telt. Nokre går for å få med seg eit interessant foredrag, andre vil teste ut kunnskapen på dei ulike forskingsstasjonane.

Stasjonane inviterer til aktiv deltaking og lærer barn og vaksne meir om forskinga som føregår i Bergen.

Lågt blodtrykk?

Mange ville måle blodsukkeret sitt på denne forskningsstasjonen. (Foto: Jørn Lavoll)
Mange ville måle blodsukkeret sitt på denne forskningsstasjonen. (Foto: Jørn Lavoll)

På ein av forskingsstasjonane til Høgskolen i Bergen kan ein få svar på korleis det står til med helsa. Fleire vil måle blodtrykket sitt, og det er også populært å måle blodsukkeret.

Ein gut set seg ivrig ned på stolen for å få målt blodsukkeret, men blir litt i tvil når det er snakk om eit stikk i fingeren. Sjukepleiarstudenten forklarer roleg kva som skal føregå, og får etter kvart lov til å ta eit lite stikk i fingeren.

Forskingsstasjonen med tittelen “Hvordan få en sunnere hverdag” er utforma av studentar og lærarar ved institutt for sykepleie.

Dei gir tips om sunnare alternativ til usunn kost, og lærer oss blant anna at i staden for å ete 100 gram melkesjokolade kan du heller ete 10 eple. Me får også vite meir om skilnaden på diabetes 1 og 2.

Motordur

Dette måleapparatet viser kor mykje CO2 ein motor på bioetanol slepp ut. (Foto: Jørn Lavoll)
Dette måleapparatet viser kor mykje CO2 ein motor på bioetanol slepp ut. (Foto: Jørn Lavoll)

Motoren durar og mange lurer på kva som føregår.

– Dette er ein motor som går på etanol i staden for bensin, får eg forklart.

Sprit slepp nemleg ut mykje mindre CO2 enn bensin, og difor er dette ein mykje meir miljøvennleg motor.

Stasjonen demonstrerer korleis ein motor på bioetanol fungerer, og me får følgje med på måleutstyret og sjå kor mykje CO2 motoren på bioetanol slepp ut samanlikna med ein motor på bensin.

Studentar og lærarar frå ingeniørutdanninga står for forskingsstasjonen.

Motivasjon til å komme i betre form

To engasjerte foredragshalderar fortel korleis me kan komme i betre form. F.v: høgskolelektor Oddrun Hallås og Torunn Herfindal. (Foto: Jørn Lavoll)
To engasjerte foredragshalderar fortel korleis me kan komme i betre form. F.v: høgskolelektor Oddrun Hallås og Torunn Herfindal. (Foto: Jørn Lavoll)

På foredraget til høgskolelektorane Oddrun Hallås og Torunn Herfindal får ein høyre at inaktivitet vil bli eit stort helsemessig problem i framtida.

Utfordringa er å få personar som i dag er lite eller ikkje i aktivitet, til å bevege seg.

- Ein skritteljar kan vere ein god motivasjonsfaktor for å få folk til å bevege seg meir, seier Torunn Herfindal.

Oddrun Hallås seier at naturen er eit ypperleg alternativ til eit treningsstudio for å komme i betre form.

Sats på fornybar energi!

Høgskolelektor Nils-Ottar Antonsen hadde foredrag om fornybare energikjelder. (Foto: Jørn Lavoll)
Høgskolelektor Nils-Ottar Antonsen hadde foredrag om fornybare energikjelder. (Foto: Jørn Lavoll)

Høgskolelektor Nils Ottar Antonsen underviser om korleis Noreg og resten av verda kan møte ei framtidig energikrise.

Antonsen peikar på at han trur nøkkelen til å møte energikrisa er å satse på fornybare energikjelder.

Me lærer om vindkraft, bølgeenergi og solenergi, og får sjå mange eksempel på korleis ein satsar på fornybare energikjelder rundt om i verda.

Barn med diabetes

Doktorgradsstipendiat Anne Haugstvedt fortel om forskinga si på korleis foreldre opplever å få eit barn med diabetes. Ho peikar på at sjukdommen krev mykje innsats frå foreldra.

– Når eit barn får diabetes rammer det mange personar, og både familien og nettverket rundt blir involvert, seier Haugstvedt.

– Me må vite meir om korleis ein opplever å få eit barn med diabetes for at helsepersonell kan møte foreldre og barna på ein betre måte, seier Haugstvedt.

Meir spennande program

Forskingsdagane i Bergen har meir å by på fram til søndag 28. september.

Det blir open dag på Vervarslinga på Vestlandet torsdag 25.september.

Fredag 26. September kan du delta på Researchers Night både på Akvariet og VilVite.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer