EU satsar tverrfagleg

Samarbeid skal løyse vår tids store utfordringar. Stadig fleire av utlysingane frå EUs forskingsdepartement krev at forskarar frå fleire fagområde går saman for å finne løysingar på eit problem.

Publisert

– Det er viktig at vi kan utnytte all tilgjengeleg kompetanse for å få så gode forskingsresultat som muleg, seier direktør for internasjonalt samarbeid i Noregs forskingsråd, Simen Ensby.

I EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling (7RP), skal til dømes havforskinga sjåast i eit breitt perspektiv. EU har sett av 2,7 milliardar kroner til ei marin og maritim utlysing som har fått namnet «Ocean of Tomorrow».

Samarbeidsprosjektet har til formål å få ei bærekraftig forvaltning av havet. Samstundes skal det leggjast til rette for havsaktivitetar som shipping, energiutvinning, fiskeri og turisme.

– Vi ser at EU-forskinga krev stadig meir samarbeid mellom forskarar frå ulike fag, fortel Ensby.

Slik vil EU møte auka internasjonalisering, miljø- og klimautfordringane, og framveksten av teknologisamfunnet.

Enda meir

– I åra framover vil EU-forskinga difor bli enda meir tverrfagleg orientert.

– Innanfor alle temaområda i Samarbeidsprogammet til EU er det behov for at forskarar frå ulike fagfelt går saman for å løysa problemstillingane, opplyser Ingunn Borlaug Lid som er koordinator for dei nasjonale kontaktpunkta i Forskingsrådet.

Lid trekkjer særleg fram EUs krisepakke som døme på samarbeidsforsking. Her må mange typar ekspertar gå saman for å skape ein meir miljøvennleg bilindustri, energieffektive bygnader og bærekraftig industri.

Lenker:

Norges forskningsråd: EU-forskning

Informasjonsseminar: «The Ocean of tomorrow»