Denne laksen gjekk i fiskefella i Etne i Hordaland. Her vert fisken som går opp elva undersøkt slik at rømt oppdrettslaks kan plukkast ut før den kjem fram til gyteplassane til villaksen. (Foto: Øystein Paulsen, Havforskningsinstituttet)

Fiskefeitt fortel når laksen rømte

Ved å analysere feittet til rømt oppdrettslaks, kan forskarane sjå om fisken nyleg har rømt eller om den rømte som ungfisk.

Metoden er til no brukt på rømt laks som er fanga i Suldalslågen, Etneelva og Vestre Jakobselv.

– Sidan tidleg rømt laks truleg utgjer ein større risiko enn nyleg rømt laks, er kunnskap om rømmingstidspunkt viktig for å kunne vurdere dei potensielle negative effektane som rømt laks kan ha på den enkelte bestanden, seier forskar Monica Solberg.

– Men den kan også vere nyttig for forvaltinga når dei skal vurdere kvar det er mest effektivt å sette inn tiltak for å redusere omfanget av rømmingar.

I år har metoden vore nytta i arbeidet med den årlege rapporten om rømt fisk.

Maten påverkar feittinnhaldet

Det er maten til oppdrettsfisken som gjer at forskarane kan bruke feittsyre-metoden for å sjå kva tid den rømte.

– Oppdrettsfisk får mat som inneheld mykje planteolje, desse ser vi igjen når vi analyserer feittsyrene. Unntaket er dersom oppdrettsfisken har vore lenge på rømmen. Då har den ete same mat som villfisk i ein lang periode, dermed vil den ha same feittsyreprofil. Ein villfisk har nemleg mykje meir marine oljar i seg enn det oppdrettslaksen har, forklarar Solberg.

For å skilje villfisk og tidleg rømt oppdrettsfisk er løysinga å sjå på fiskeskjela. Hos villfisk har skjela tydelege vekstsoner heilt frå fisken var liten, og forskarane ser til dømes tydelege vintersoner som oppstår på grunn av endringar i mattilgangen gjennom året.

– Oppdrettslaks har alltid god tilgang på mat, dermed får dei ikkje slike tydelege soner, forklarar Solberg.

Viser når laksen rømte

I tillegg til å avsløre om ein laks nyleg har rømt, kan feittsyrene seie noko om kor lenge det er sidan fisken rømte.

Forskarane klassifiserer laks som nyleg rømt dersom den har like mykje planteolje i feittvevet som fiskefôret. Denne fisken har truleg rømt same år som den vart fanga i elva. Vaksen laks som rømmer vil ofte ha problem med overgangen til naturleg fôr. Dersom den likevel klarar denne overgangen, vil desse i ein periode ha ei lågare mengde planteoljar enn nyleg rømt laks, men likevel ikkje så lite som tidleg rømt laks og villfisk.

– Etter kvart som ein rømt oppdrettsfisk går over til å ete mat som den fangar sjølv, vil nivået av feittsyrer frå plantar bli redusert medan nivået av marine oljar aukar. Dermed kan vi til ei viss grad sjå kor lenge det er sidan fisken rømte, seier Solberg.

Rømmingstidspunktet avgjer om laksen klarar seg

Resultata viser at nyleg rømt laks er oftast observert i elvane, etterfølgt av tidleg rømt laks. Fisk som har rømt som vaksen, men i god tid før tidspunktet der laksen vandrar opp i elvene, er meir sjeldan.

– At tidleg og spesielt nyleg rømt laks ser ut til å dominere, stadfestar funn frå merkestudiar om at umoden, vaksen oppdrettslaks som rømmer, sjeldan overlever fram til dei vert kjønnsmodne, seier Solberg.

Tidleg rømt laks har truleg rømt som smolt eller i løpet av det første månadene i sjøen og får eit meir naturleg livsløp i det fri. Dei kan derfor utvikle mange av dei same eigenskapane som ein villaks. Dermed kan den vere ein sterkare konkurrent på gyteplassen enn ein nyrømt fisk som i hovudsak har levd i eit beskytta oppdrettsmiljø.

Tidsseriane frå dei tre elvane dekker perioden 2011-2016.

Avgjer mengde oppdrett kven som dominerer?

Forskarane har òg sett på kva område dei ulike rømlingane er observert i.

– Resultata våre kan tyde på at mengde oppdrett i eit område er avgjerande for om elvane har mest fisk som nyleg har rømt, eller om dei har fisk som rømte som liten og som har klart seg i lengre tid i det fri, seier Solberg.

Både Etneelva og Suldalslågen ligg i område med høg oppdrettstettheit. I desse elvane fann forskarane flest nyleg rømte laks. I Vestre Jakobselv som ligg i eit område med lågare oppdrettstettheit, fann dei derimot flest tidleg rømte laks.

– Foreløpig har vi for lite datagrunnlag til å seie heilt sikkert at mengde oppdrett i eit område påverkar kva type rømt laks som er i elvane, men det er ein interessant hypotese som vi kjem til å arbeide vidare med, seier Solberg.

Powered by Labrador CMS