Utfordrar dysleksiforskinga

- Det er urovekkande lite diskusjon og refleksjon rundt kjerneomgrepa i dysleksiforskinga, hevdar førsteamanuensis Per Henning Uppstad hjå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dysleksi

Dysleksi kjem til uttrykk som alvorlege vanskar med å avkode skrivne ord og stave dei korrekt. Vanskane synast å ha si forklaring i mangelfulle fonologiske funksjonar.

Kjelde: Dysleksiforbundet

I artikkelen «The Notion of `Phonology` in Dyslexia Research: Cognitivism - and Beyond» tek Per Henning Uppstad og medforfattar Finn Egil Tønnessen eit oppgjer med eit svært upresist og lite konkret fonologi-omgrep.

I artikkelen konkluderer dei to UiS-forfattarane med at store delar av dysleksiforskinga er tufta på eit omgrep som inneheld alt og ingenting.

- I forskinga blir omgrepet fonologi brukt om alt frå lydar som kjem ut av munnen vår til lydbølgjer som kjem inn øyret. Mange forklarer også fonologi som noko som er medfødt og som ligg djupt inni oss. Omgrepet fonologi har ingen presis definisjon. Når forskarar bruker dette vage omgrepet til å forklare kva språkvanskar skuldast, får ein problem, seier Uppstad.

Ny definisjon

- I artikkelen hevdar vi at fonologi både blir brukt som symptom på og årsak til dysleksi. Den same tenkinga ligg også til grunn for det materialet som er blitt laga for å teste barn med dysleksi, seier han.

- Vi vil vekk frå grunnsetningane som er blitt repeterte igjen og igjen. Kanskje treng vi ein annan måte å tenke språk på, undrar Uppstad, som meiner lese- og skriveforskinga i alle høve står overfor store utfordringar når det gjeld grunnlagstenking.

Stort paradoks

- Det er eit stort paradoks at forskarar konkluderer så sterkt rundt kva dysleksi og språkvanskar er, når omgrepet dei byggjer forskinga si på er vagt og uklart. Dei fokuserer gjerne på den delen av omgrepet som høver best til si forsking, seier han og held fram:

- Dermed blir omgrepet fonologi brukt på alle tenkelege vis. Forskingsmiljøa har til no ikkje vist interesse for å finne fram til ein meir konkret definisjon, seier Per Henning Uppstad.

Han samanliknar dysleksiforskinga med eit døme frå geometrien.

- Det er som om forskarane snakkar om trekantar, firkantar og sirklar som ein og same ting. Når eit så grunnleggande omgrep som fonologi tolkast så ulikt av forskarane, kan vi stille spørsmål ved mykje av den forskinga som er gjort, seier han.

Powered by Labrador CMS