For lite avkom i næringslivet

Bedrifter i Rogaland får lite avkom i form av spin-off-verksemder. Kan ein regional spin-off-akselerator bidra til meir nyetablering?

Published

Prosjekt: Regional spin-off-akselerator

Målsetjing: Undersøka korleis regionale innovasjonssystem kan bidra til at gode forretningsidear i bedrifter vert raskare utvikla og kommersialiserte gjennom etablering av såkalla avspinn-verksemder.

Prosjektansvarleg: Polytec

Fagleg prosjektansvar: Senter for innovasjonsforskning, Universitetet i Stavanger

Prosjektpartnarar: International Research Institute of Stavanger, Karmøy kommune, Haugaland Vekst IKS, Ipark Haugesundregionen, Greater Stavanger Economic Development, Universitetet i Nordland.

Varigheit: 2012-2015

Regionalt forskingsfond Vestlandet stør prosjektet med 1,9 millionar kroner

Rogaland har innovative bedrifter og sterke næringsklynger innanfor olje, gass og maritim sektor.

Dei siste ti åra er det likevel registrert få nyetableringar i form av avspinn frå eksisterande bedrifter.

Seniorforskar Kjersti Vikse Meland frå forskingsstiftinga Polytec trur ikkje det skuldast at siddisar og haugalendingar er atterhaldne av natur:

- Eg trur heller det kan ha samanheng med at dei ordningane vi har for innovasjons- og etableringsstøtte i dag, ikkje fangar opp potensialet for såkalla corporate spin-offs, seier ho. 

Vert liggjande i skuffen

Undersøkingar blant bedrifter på Haugalandet har vist at mange sit på svært gode forretningsidear, men manglar tid og andre ressursar til å utvikla dei vidare. Korleis kan ein leggje til rette for at desse ideane får bidra til auka verdiskaping og nye arbeidsplassar?

- Mange gir uttrykk for at det eksisterande støtteapparatet er for oppteke av gründerar som startar frå botn av, og manglar ordningar for dei som vil skapa ny verksemd med utgangspunkt i eksisterande bedrifter, seier Meland.

Ifølgje seniorforskaren kan det vera eit problem at verkemiddelordningar legg opp til at innovasjon skal skje med ekstern hjelp.

Ho fortel at nokre ordningar òg er utforma slik at til dømes teknologiutvikling skal skje i nært samspel med ein krevjande kunde, noko som slett ikkje treng å vera optimalt i ein tidleg utviklingsfase.

- Verksemdene gjev tilbakemelding om at tidleg i ein innovasjonsprosess, hadde det kanskje vore betre å driva utvikling internt utan å måtte ta omsyn til omverda. Så kan ein heller nærma seg kundane når ein har noko handfast å koma med, meiner Meland.

- Mange bedriftsleiarar gir i alle fall uttrykk for at dei ønskjer seg ordningar som gjer det lettare å drive innovasjon i bedrifta, på eigen kjøl og med eigne krefter. Mange ønskjer seg òg større delar offentleg støtte til sjølve kommersialiseringsfasen, der ein skal slå seg veg inn på marknaden, seier ho.

Fordelar med avspinn

Meland er ansvarleg for eit forskingsprosjekt som skal analysera korleis regionale ordningar kan bidra til at gode forretningsidear i etablerte bedrifter kan verta raskare utvikla og kommersialiserte gjennom avspinn. Prosjektet er støtta av Regionalt forskingfond Vestlandet.

Målet er ein regional ”spin-off-akselerator”, som – i motsetnad til kva namnet kan tyda på – ikkje er ei vedundermaskin.

- Det er meir snakk om å tilpassa ulike verkemiddel og støttesystem slik at dei svarar til behova i det etablerte næringslivet, seier Meland.

Statistikk frå Innovasjon Noreg viser at seks av ti nystarta bedrifter går dukken i løpet av dei tre første åra. Etter fem år er to av tre borte.

Denne statistikken skil ikkje mellom reine nyetableringar og avspinn frå eksisterande verksemd, men ifølgje Meland kan det vera mange grunnar til å leggja betre til rette òg for andre enn dei reine gründerverksemdene.

- Verksemder som spring ut frå etablerte bedrifter, har ein del viktige fortrinn samanlikna med små gründerbedrifter. Undersøkinga på Haugalandet viste at spin-off-gründerane ofte hadde høgt spesialisert kunnskap om teknologi, prosess eller råvarer – som dei makta å overføra til den nye verksemda.

- I tillegg har dei ofte eit breitt industrielt nettverk som gjer det lettare å få tilgang til krevjande kundar, spesialiserte underleverandørar og liknande.

- Å ha eit morselskap i ryggen kan dessutan gi større økonomisk tryggleik og meir rom for å prøva og feila. Det gir tilgang til eit større miljø med relevant ekspertise og ikkje minst eit større nettverk å spele på, seier Meland.

Rogaland og Nordland i bakleksa

Med data frå innovasjonsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) og den globale entreprenørdatabasen Global Entrepreneurship Monitor (GEM), har Meland & co. analysert nyskapinga i Stavanger-, Haugesund- og Bødo-regionane.

- Rogaland ligg langt under landssnittet for entreprenørskap, både når det gjeld nyetableringar og aktivitet i etablerte bedrifter, medan Nordland ligg på landssnittet, fortel Meland.

Nordland ligg likevel lågare når det gjeld talet på årsverk til forsking og utvikling (FoU) per 1000 innbyggjarar, med 3 mot 10 for Rogaland.

Når det gjeld FoU-utgifter per tilsett, ligg både Rogaland og Nordland godt under landssnittet (høvesvis 17 og 10 prosent lågare). Og medan 23 prosent av bedriftene i Noreg som heilskap er involverte i innovasjonsaktivitet, ligg tala for Rogaland (19 prosent) og Nordland (21 prosent) noko lågare.

- I den vidare forskinga skal vi sjå på korleis det regionale innovasjonssystemet kan bidra til raskare innovasjon og kommersialisering, seier Meland.

I 2013 og 2014 vert det gjennomført dømestudium med personlege intervju med representantar for både morselskap, avspinn-verksemder og det regionale verkemiddelapparatet. Både maritim sektor, energisektoren og IKT-næringa vert sett under lupa.

- Vi vil òg sjå på betydinga av det regionale miljøet som omgir bedriftene, effekten av intern risikovilje og motivasjonen til dei tilsette, seier Meland.