No bruker industrien vatn eller CO2 for å presse ut mest mogleg, men dei får nesten like mykje vatn ut som dei pøsar inn. Ved å bruke nanopartiklar i vatnet kan det endre overflateforholdet mellom stein og olje, og dermed drive ut meir olje.  (Foto: Scanpix, Marit Hommedal)
No bruker industrien vatn eller CO2 for å presse ut mest mogleg, men dei får nesten like mykje vatn ut som dei pøsar inn. Ved å bruke nanopartiklar i vatnet kan det endre overflateforholdet mellom stein og olje, og dermed drive ut meir olje. (Foto: Scanpix, Marit Hommedal)

Kuler kan få meir olje ut frå reservoara

Dei gode, gamle ugelstadkulene får nytt liv i neste generasjon LCD-skjermer og til å drive ut meir olje frå reservoara. 

Ugelstadkuler

Ugelstad-kuler, også omtalt i bestemt form som ugelstadkulene, er bittesmå, nøyaktige like store plastkuler som er biomagnetiske. Disse kan brukes for å modellere fysiske prosesser, for eksempel i bioteknologi når en skal skille ut biologisk materiale. 

Ugelstad-kuler har fått stor anvendelse i medisin, blant annet som kontrastvæske, til isolering av celler, DNA og mRNA samt til måling av proteiner.

Ugelstadkulene er oppkalt etter den norske sivilingeniøren John Ugelstad (1921–1997) som oppfant dem ved Sintef i Trondheim på 1970-tallet.

Kulene har blitt produsert av det norske bioteknologiselskapet Dynal Biotech.

Kilde: Wikipedia

- I USA og Canada har dei jobba lenge med bruk av nanoteknologi i petroleumsindustrien, men i Norge er dette eit relativt nytt forskingsfelt. Eg håper vi skal ta dei att, og trur vi kan bli verdsleiande på dette området innan ti års tid. Det skal vi klare først og fremst ved å utvikle enklare og meir effektive metodar, og gjere dei tilgjengelege for industrien, seier Jianying He.

Ugelstadkulene er oppkalt etter den norske sivilingeniøren John Ugelstad (1921–1997) som oppfant dem ved Sintef i Trondheim på 1970-tallet. (Foto: NTNU)
Ugelstadkulene er oppkalt etter den norske sivilingeniøren John Ugelstad (1921–1997) som oppfant dem ved Sintef i Trondheim på 1970-tallet. (Foto: NTNU)

Ho forskar på polymere partiklar, på dei såkalla ugelstadkulene (sjå faktaboks). Eit av hennar prosjekt er å vidareutvikle kulene til bruk i neste generasjon LCD-skjermar.

Billegare og miljøvennleg

- Vi gir kuler med polymerkjerne eit tynt metallbelegg utapå, slik at dei kan lede straum. Dermed kan dei erstatte dei mikroskopiske metallkulene som brukast i LCD-skjermar no. Det blir både billegare og meir miljøvennleg. Vi sparer metall, dei blir mellom anna blyfrie, seier He.

I ein og same LCD-skjerm er det behov for mange typar kuler, med ulike eigenskapar. På nanomekanisk lab kan dei teste ut ulike oppskrifter for å finne dei kulene som egner seg best på forskjellige bruksområde. I tillegg bruker dei datasimuleringar.

- Vi arbeider nært med industrien, og hjelper dei å utvikle ny teknologi. Vi kan skreddarsy kuler til ulik bruk, seier He.

Drive ut olje

He leiar også eit større forskingsprosjekt om bruk av skreddarsydde nanopartiklar for å få ut meir av oljen i oljefelta. Dette forskingsarbeidet tar til for alvor i sommar.

- Norge har den høgste utvinningsgraden i verda. Likevel blir om lag halvparten av oljen liggande att i reservoara. No bruker industrien vatn eller CO2 for å presse ut mest mogleg, men dei får nesten like mykje vatn ut som dei pøsar inn. Ved å bruke nanopartiklar i vatnet kan det endre overflateforholdet mellom stein og olje, og dermed drive ut meir olje, seier He, og samanliknar med oppvaskmiddel i vaskevatnet: Det påverkar overflata på dei skitne tallerkane, og gjer det lettare å få av feittet.

- Vi arbeider nært med industrien, og hjelper dei å utvikle ny teknologi. Vi kan skreddarsy kuler til ulik bruk, seier Jianying He, ei av 17 forskarar ved NTNUs eliteprogram.  (Foto: NTNU)
- Vi arbeider nært med industrien, og hjelper dei å utvikle ny teknologi. Vi kan skreddarsy kuler til ulik bruk, seier Jianying He, ei av 17 forskarar ved NTNUs eliteprogram. (Foto: NTNU)

Utgangspunktet er dei gode, gamle ugelstadkulene. Ein metode er å gi kulene ei overflate som gjer at dei snurrar rundt som hjul, og dermed driv oljen framover. Ein annan metode er å bruke kuler med lada overflate, slik at dei kan gli inn mellom oljen og bergarten i reservoaret.

Prosjektet er støtta av Forskingsrådets to store program for petroleum og nanoteknologi.

Dei små kulene kan gi store inntekter.

- For kvar prosent vi aukar utvinningsgraden i oljefelta, aukar inntektene med 300 milliardar kroner.

- Meir nyttig undervisning i Norge

He er født nordaust i Kina, i ein region med hardt klima, der det kunne bli 35 til 40 minusgrader om vinteren. Ho flytta til Beijing for å studere da ho var 18, og vart fanga av nanoteknologien. Ho kom til NTNU som doktorgradstipendiat i 2006, og har blitt her sidan.

- Eg visste svært lite om dei nordiske landa da eg kom hit. Det meste hadde eg frå eventyr og historier om vikingar. Men eg kom til eit land som var meir prega av høgteknologi enn av vikingar.

Ho vart mellom anna slått av dei store skilnadene i undervisningssystem mellom Norge og Kina.

- Før eg begynte på skolen i Kina måtte eg lære å telle til 100 - framlengs og baklengs. Måten dei lærer på i skolen i Kina er nok nyttig for eksamen. Men meir enn halvparten av det eg har lært, har eg ikkje hatt bruk for. Måten dei lærer på her er meir praktisk, og truleg meir nyttig for livet. Vi ser det også på studentane her. Dei studerer hardt i Kina, men dei blir meir kreative i Norge, meiner He.

Powered by Labrador CMS