Berekraftig etterspørsel

Tilgjengelegheit aleine er ikkje nok til at folk i utviklingsland skal kunne bruke internett på ein berekraftig måte.

Publisert
(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)
(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Agder og Tanzania

Bjørn Furuholt sin interesse og engasjement for informasjonsteknologi i utviklingsland strekkjer seg langt tilbake i tid.

Forskingssamarbeidet mellom Universitetet i Agder (UiA) og Mzumbe University i Tanzania starta i 1988, og den formelle avtalen kom på plass i 1990.

Furuholt kom inn i arbeidet som dekan på 1990-talet og har seinare jobba på den faglege sida. Han deltok i samarbeidet om å lage ein EDB-plan for Mzumbe i 1991, og i evalueringa av planen ti år etter.

Undervegs i doktorgradsarbeidet hans har han publisert ei rekkje artiklar som inngår i doktoravhandlinga om bruken av internett i utviklingsland.

Sida 1997 har samarbeidet mellom UiA og Mzumbe University vore konsentrert om fire område: Entreprenørskap og utvikling av småbedrifter, kjønnsforskjellar, lokalt styresett, og informasjons- og kommunikasjonsteknologi.

Bjørn Furuholt er no ansvarleg frå UiAs side for prosjektet om bruk av informasjonsteknologi for godt styresett.

Forskinga er ein del av programmet Governance, Gender and Scientific Quality for 2007-2011. Programmet er administrert av Nasjonalt program for utvikling, forsking og utdanning (NUFU) og finansiert av Norad.
 

Mzumbe University

Starta som Institute of Development Management i 1972.

Ligg 2,2 mil sørvest for Morogoro.

Blei det fjerde offentlege universitetet i Tanzania i 2001. 3 474 studentar (2006/2007). Fem fakultet
Har campus også i Mbeya og Dar es Salaam.

Tanzania


 

Offisielt navn: Jamhuri ya Muungano wa Tanzania (swahili), United republic of Tanzania (engelsk)
Norsk navn: Den forente republikk Tanzania
Statsform: Forbundsrepublikk i Afrika
Areal (km²): 885 800, 947 300 (ink sjøer og vann)
Innbyggertall: 49 253 000 (2013)
Innbyggere per km²: 56
Hovedstad: Dodoma
Offisielle språk: Swahili, engelsk
Religion: Kristendom, islam, lokale religioner
Nasjonaldag: 26. april
Mynt: Shilling à 100 cents

(Kilde: Store norske leksikon)

Førsteamanuensis Bjørn Furuholt ved Universitete i Agder meiner det som skjer på etterspørselssida er like viktig.
 

- Faglitteraturen og forskinga omkring internettbruk i utviklingsland handlar stort sett om tilbodssida. Tanken er at får ein gjort internett tilgjengeleg for vanlege folk, kjem etterspørselen av seg sjølv. Men det treng ikkje å vere tilfellet, seier Bjørn Furuholt.

Furuholt har i mange år arbeidt med problemstillingar knytt til informasjonsteknologi i utviklingsland.

Han disputerte i år for doktorgraden med avhandlinga ”Bridging the Digital Divide: Sustainable Supply and Demand of Internett Access in Developing Countries”.  Han gjorde feltarbeid på Java i Indonesia og i Tanzania, blant anna på Zanzibar.

Og trass i at både Indonesia og Zanzibar er muslimske samfunn, fann han store forskjellar i dei religiøse leiarane sine syn på bruken av internett.

- På Zanzibar var det religiøse samfunnet negativt til internettbruk, internett var sett på som noko negativt eller skittent. På Java var inntrykket stikk i mot, der oppfordra religiøse leiarar til internettbruk fordi ein kunne finne interessant informasjon om religion der, seier Furuholt.

Lurvet kafe eller gratis slott

Hans utgangspunkt var at folk i utviklingsland sjeldan har råd til eige datautstyr og dermed tilgang til internett. Derfor er dei avhengige av offentleg tilgjengelege tilbod som internettkaféar, telesenter og bibliotek for å kunne bruke internett jamleg.

- Telesentera er gjerne rommeleg finansierte i utgangspunktet, gjerne av vestlege organisasjonar som Unesco eller Norad og SIDA. Etter ein periode er det meininga at dei skal klare seg på eiga hand, men det viser seg at det gjer dei ofte ikkje.

- Sjølv om desse sentera er reiste for å fremje utvikling og ikkje for å tene pengar, bruker folk dei lite, forklarer Furuholt.

- Det er viktig med offentleg tilgjengelege tilbod, men det er også viktig at tilboda er berekraftige, at dei blir brukte, seier han.

- Den vanlegaste måten å få tilgang til internett på i utviklingsland er på kommersielle internettkaféar, som gjerne ser litt lurvet ut. Folk er meir skeptisk til dei mykje finare og ikkjekommersielle telesentera, nettopp fordi dei ser ut som små slott, seier han.

Nettsurfende ungdommer fra Nakaseke. (Foto: Carol Azungi Dralega)
Nettsurfende ungdommer fra Nakaseke. (Foto: Carol Azungi Dralega)

Levedyktig tilgang

Og der er vi ved kjernen i doktorgradsarbeidet hans: kva er det som skaper levedyktig tilgang på internett i utviklingsland, sett både frå tilbods- og etterspørselssida.

- Det som er banebrytande i arbeidet mitt er nettopp det sterke fokuset på etterspørselssida, det eg kallar etterspørselsberekraft. Og mykje av nøkkelen ligg i internettkaféane. Derfor er det viktig at styresmaktene samarbeider med dei som driv desse kaféane, både for å heve statusen og for å gjere bruken av internett meir samfunnsnyttig.

Furuholt såg at brukarane fekk mykje igjen for internettbruken, både i form av utdanning gjennom fjernundervisning, underhaldning og nettbutikkdrift, og journalistar, lærarar og skuleelevar brukte det i arbeidet sitt. I tillegg kom den sosiale funksjonen, for eksempel gjennom epost og Facebook.

- Og det viste seg at brukarane har ein sterk betalingsvilje. Dei er villige til å bruke ti prosent av det totale forbruket sin på internettilgang. Og det som byggjer opp betalingsviljen, er nettopp kva du får igjen for det, seier Furuholt.

- Ein annan sterk faktor på etterspørselssida er graden av kunnskap og medvit. Kunnskapsnivå, utdanningsnivå, personlege evner og erfaring byggjer opp under berekrafta. Brukarane må vite kva dei kan bruke og vere i stand til å bruke det.