Over ein halv million ungdomar har svart på Ungdata-undersøkingar sidan 2010. No viser tala at norsk ungdom er mindre optimistiske med tanke på framtida. (Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB Scanpix)

Mindre framtidsoptimisme blant norsk ungdom

Norske ungdomar er meir involvert i problemåtferd og har eit meir negativt syn på eiga framtid, viser ny rapport.

Dei siste 10–15 åra har Ungdata og anna ungdomsforsking vist oss ungdomar som stadig har blitt meir veltilpassa og skikkelege.

No trur forskarane at trenden har snudd.

Det viser tal frå årets Ungdata-rapport.

Mindre tru på framtida

Det er fleire funn i årets rapport som i sum ber bod om eit meir negativt syn på eiga framtid.

Det har lenge vore ein auke i kor mange ungdomsskuleelevar som trur dei vil ta høgare utdanning på universitet eller høgskule, men årets tal viser ein nedgang både for gutar og jenter.

Anders Bakken er leiar av Ungdatasenteret. (Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet)

Også på nokre andre område ser vi at ungdomane er mindre optimistiske med tanke på framtida, mellom anna finn forskarane ein nedgang i talet på unge som trur dei kjem til å leve eit godt og lukkeleg liv.

– På eitt område er endringane nokså store, fortel Anders Bakken. Han er leiar av Ungdatasenteret ved NOVA på OsloMet.

– På berre nokre få år har talet ungdomsskuleelevar som trur at dei aldri vil bli arbeidslause, blitt redusert med nesten ti prosentpoeng. Også blant elevar på vidaregåande ser vi ein nedgang.

Om rapporten

Rapporten baserer seg på svar frå 249 100 elevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring som deltok i Ungdata i åra 2016 til 2018.

Resultata er nasjonalt representative og baserer seg på undersøkingar gjennomført på ungdomstrinnet i 412 kommunar og Svalbard og på dei fleste vidaregåande skulane i landet.

Svarprosenten er 85 prosent på ungdomstrinnet og 69 prosent på vidaregåande.

Meir problematisk åtferd

Dei siste 10–15 åra har vi sett ein nedgang i ungdomskriminalitet, vald og rusmiddelbruk. 2018-tala kan tyde på at det har vore eit brot i denne utviklinga.

Undersøkingane frå dei to siste åra viser no ei auke i talet gutar som naskar i butikkar, som driv med hærverk eller som driv med andre formar for regelbrot. Blant jentene er det mindre endringar.

Forskarane finn også ei utflating av trenden når det gjeld bruk av tobakk, alkohol og valdsbruk.

Samanlikna med ungdom i andre land, ligg bruken av cannabisprodukt som hasj og marihuana nokså lågt blant norsk ungdomar, men bruken har auka dei siste 2–3 åra.

Medan 13 prosent av gutane på vidaregåande hadde brukt cannabis i 2015, fortalte 16 prosent om det same i 2017. Talet på ungdom som har fått tilbod om cannabis, har òg auka, både på ungdomstrinnet og vidaregåande.

– Tala tyder på at det er i ferd med å skje nokre endringar i ungdomskulturane, seier Bakken.

– Kva dette skuldast er vanskeleg å seie ut frå tala, men det er urovekkjande at denne trenden skjer samstundes med at stadig fleire rapporterer om psykiske helseplagar. Årets tal viser at omfanget av psykiske plagar ikkje lenger berre aukar blant jentene, men også blant gutane.

Om Ungdata

Ungdata er eit samarbeid mellom dei sju regionale kompetansesentra innan rusfeltet (KoRus) og Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet – storbyuniversitetet.

Helsedirektoratet finansierer ein stor del av kostnadane ved Ungdata.

Framleis ein veltilpassa ungdomsgenerasjon

– Sjølv om vi ser ein negativ utvikling på fleire område, så må vi hugse at dette stort sett er mindre endringar, eller ei utflating av ei positiv utvikling, understrakar Bakken.

Vi har framleis ein veltilpassa, aktiv og heimekjær ungdomsgenerasjon. Dei aller fleste ungdomane trivst og er godt nøgde med foreldra sine, med venane sine, med skulen dei går på og med lokalmiljøet der dei bur.

Dei fleste har ei aktiv fritid der sosiale medium, dataspel, trening, organiserte fritidsaktivitetar, skulearbeid og samvær med venar pregar kvardagen.

Sjølv om vi ser nokre endringar i retning av auka kriminalitet, vald og cannabisbruk, er dagens unge enno truleg ein god del skikkelegare og på mange måtar endå meir veltilpassa enn mange tidlegare ungdomsgenerasjonar, påpeikar forskaren.

– Om brotet med og utflatinga av den positive utviklinga som har vore på desse områda, er ein varig trend, vil vi berre kunne sjå i framtidige undersøkingar, avsluttar Bakken.

Kjelde:

Bakken, A. (2018). Ungdata 2018. Nasjonale resultater. NOVA Rapport 8/18

Les meir om Ungdata på www.ungdata.no.

Powered by Labrador CMS