Kvifor drap dei borna sine?

Eit nyfødt barn tek vi varsamt hand om og gleder oss over. Slik har det ikkje alltid vore. Forfedrane våre opplevde nokre barn som så mektige og trugande at dei ofra dei eller lét dei døy.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I nordisk folketru var utburd ei slags skogsånd som viste seg på den staden der eit barn hadde vorte drepe og bore ut til. Folk frykta desse stadene kor barnet kunne vise seg fram som for eksempel ein fugl. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

– Barna spring rundt med stor vitalitet. Dette er ei kraft som forfedrane våre har sett og gjort bruk av.

– Dersom det var uår, krig eller ein pest som kom, kunne ofring av eit barn vere det som trongst for å blidgjere gudane. Det finst eksempel på at dei grov ned barn levande nettopp for at dei skulle gi kraft og vitalitet til dei etterlevande.

– Dette er eksempel på korleis barn si kraft har blitt brukt på ein måte som vi i dag har vanskeleg for å fatte, fortel Grete Lillehammer ved Arkeologisk museum i Stavanger.

Barn i sentrum

Lillehammer har sett i gang ei ny historieskriving der barnet står i sentrum, og nyleg har ho publisert artikkelen «Transforming images: Exploring powerful children» i det vitskaplege tidsskriftet Childhood in the Past.

Her viser ho at ei eintydig forståing av barn som sårbare og hjelpelause ikkje alltid har vore gjeldande. I norrøn tid her i Skandinavia fekk nokre barn ein annan status: Samfunnet såg på dei som mektige og sterke, og derfor kunne dei òg vere trugande.

Grav med spedbarn i ei hengevogge av tre. Funne nedgravd i golvet i hus frå 300-tallet e.Kr. på Toftingboplassen i Tyskland. (Foto: Arkeologisk museum i Stavanger)

– Historieskriving har alltid handla om dei vaksne, men med merksemda retta berre mot dei vaksne får vi tak i berre halve historia, ja, mindre enn halve historia. Det er fødd fleire barn i verda enn det har levd vaksne, seier Lillehammer.

I forskinga si har ho flytta merksemda frå dei vaksne og sett etter spor som kunne fortelje noko om kva rolle barn hadde i førmoderne tid.

Sterke og vitale barn

Arkeologen og førstekonservatoren tolkar tidlegare gravfunn på nye måtar.

– Ein kan til dømes sjå på ein flintstein i ei barnegrav som ein kniv i staden for ein amulett. Det fortel noko om statusen barnet hadde i samtida, og den rolla barnet var tiltenkt i framtida.

Lillehammer bruker òg skriftlege kjelder frå norrøn tid og frå mellomalderen i forskinga. Ho tek òg i bruk nordiske folkeminne, segner og eventyr når ho leitar etter spor etter dei mektige barna.

(Foto: Clipart)

I førmoderne samfunn fekk barn ulike arbeidsoppgåver frå toårsalderen, og frå seks–sju-årsalderen vart dei sette til vaksenarbeid. Frå barnet var ganske ungt, måtte det klare seg sjølv og innordne seg i dei vaksne si verd.

Dette hang saman med overlevingsdrifta til samfunnet og slekta. Barn måtte lærast opp tidleg til å vere sterke, til å arbeide og overleve.

– Barna som hadde ein høgare sosial status, skulle i norrøn tid lære seg å forstå kodane til den krigande eliten, det vil seie: ære, rettferd og hemn.

– Gutar mellom tre og tolv år måtte til og med gjerne drepe vaksne menn og slik imøtekomme forventningane frå dei vaksne om at dei helst skulle bli mektig menn i framtida, fortel Lillehammer.

Ukjent og trugande

Slik Lillehammer tolkar den norrøne fortidas idéverd, så var eit nyfødt barn noko nytt og ukjent som verka trugande på folk. Enten vart barnet inkludert i slekta, eller så vart barnet ekskludert.

– Enten skulle barnet vekse opp, temjast og bli ein dyktig slave, bonde eller krigar, eller så vart barnet av forskjellige årsaker ikkje akseptert som ein del av familien. Då vart det overlate til naturen, til gudane, til kosmos.

I 1987 vart det funne fem hovudskallar av fem nyfødde barn på «Tviodlo», ei utmark på Nærbø i Hå kommune der det opphavleg var to kjelder. C14-dateringar knyter dette til hendingar rundt 100–400 e.Kr.

Arkeologane har tolka dette som ein stad der nyfødde barn vart ofra til gudane eller til ein stad der ein senka uønska barn.

– Ein må forstå slike barnedrap ut frå dåtidas samfunn. Dei aller minste barna vart ikkje sett på som menneske, sidan det var så stor barnedødelegheit.

– Dessutan hadde forfedrane våre eit anna forhold til døden enn det vi har i dag. I deira mytologi gjekk dei døde inn i eit kosmologisk univers som bade dei døde og levande var ein del av. Liv og død hang saman i eit syklisk kretsløp.

– Barna som døydde tidleg, gjekk inn i forfedretrua, som gjekk ut på at dei døde stod i kontakt med gudane og var slektas sendebod, fortel Lillehammer.

Utburd og barneutbering

I dei norrøne lovane og i skandinaviske mellomalderlovar blir det fortalt om praktisering av barneutbering. Det kunne vere fleire årsaker til at barn vart sette ut og overlatne til naturen.

Utburd var eit barn som vart drepen, boren ut av heimen og satt ut. Det kunne for eksempel vere på grunn av fattigdom og svolt; ein hadde ikkje nok mat til å mette endå ein munn.

Og så kunne det vere på grunn av æresomgrepet; nokre barn var ikkje ønskte. Særleg var jentebarn utsette. Det kunne også vere andre årsaker knytt til tro og mytar.

– Islandske mellomalderkjelder fortel om det å setje ut barn at ein som regel ikkje gjorde det, men av og til så kunne ein gjere det. Det var med andre ord noko som ein ikkje praktiserte i tide og utide, det måtte spesielle omstende til for at det skulle skje, seier Lillehammer.

Stadnamn

I nordisk folketru var utburd ei slags skogsånd som dukka opp om natta eller om kvelden, utfor hus, på gardane og i bygdene, i skogen eller på skogsvegen.

Utburden viste seg på den staden der barnet vart bore ut eller måtte bøte med livet. Utburden kunne ha form av eit nake barn eller eit dyr.

– Utburdane var ein del av den kosmologiske ordenen som forfedrane våre trudde på. Det var mytar knytte til desse barna, og folk frykta dei. På denne måten hadde desse barna makt, sjølv om dei var døde, seier Lillehammer.

I Rogaland finn ein for eksempel to stadnamn som vitnar om denne praksisen. Den eine staden er Utburen i Forsand kommune, den andre er Utburen i Gjesdal kommune.

Alter ego

Både ofring av barn og barneutbering heng saman med det norrøne sjelsomgrepet som var slik at alle har eit alter ego i form av ein dyreskapning. Utburdane kunne for eksempel vise seg som ein sau eller ein fugl alt etter om barnet hadde vorte sett ut ved ein fjøs eller i skogen.

– Mi innvending og min kritikk er at barn har falle ut av historia. Få har brydd seg om barna, om korleis dei kulturelt og sosialt har vorte lært opp i rollene sine. Når vi tek for oss barn som kategori, så dukkar det opp mange nye spørsmål.

– Kan dei samfunnsmessige endringane påvisast gjennom å studere barn? Kan vi ut ifrå studiar av barnegraver sjå endringar i forventningar til barn? spør Lillehammer.

Eit anna poeng for Lillehammer er at dette er allmenne, universelle spørsmål om samfunnet si evne til å overleve.

– Vi trur vi snakkar om ei fortid som er fjern og derfor uinteressant, men det har noko med oss å gjere likevel. Desse fenomena finst i dag andre stader i verda, det er altså snakk om omstende som er felles for barn i fortida og for barn i dag.

Powered by Labrador CMS