– Noreg er ei narkosinke

Noreg ligg på europatoppen i overdosedødsfall. Portugal har oppnådd gode resultat etter avkriminaliseringa av narkotikabruk i 2001.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Overdosedødsfall

I 2011 døydde 263 menneske av ein overdose i Noreg. I Portugal var det 54 overdosedødsfall i fjor.

Kjelde: European Monitoring Centre for Drugs and Drug Addiction (EMCDDA)

– Når skal Noreg lære av det andre land har gjort? Norsk narkotikapolitikk er prega av moral og kjensler framfor fagleg kunnskap, seier Helene Jensvoll, som studerer master i sosialfag ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Ho får støtte frå Svanaug Fjær, rusforskar ved UiS og leiar ved Institutt for sosialfag.

I ein delstudie til EU-prosjektet Addictions and lifestyles in contemporary Europe, også kalla Alice Rap-prosjektet, har dei forska på styringsidear i narkotikapolitikken og samanlikna Noreg og Portugal.

– Medan Portugal har oppnådd gode resultat etter avkriminaliseringa av narkotikabruk i 2001, heng Noreg langt etter. I meir enn tjue år har overdosestatistikken vore ein klamp om foten til norske myndigheiter, seier Jensvoll.

Frå straff til behandling

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser nemleg at opp mot 300 nordmenn har døydd kvart år dei siste åra som følgje av overdosar. Samstundes har det aldri vore så mange innsette i norske fengsel som no. Om lag kvar tredje av dei innsette sit fengsla for narkotikalovbrot, ifølgje Kriminalomsorga.

Kvart år døyr nærare 300 nordmenn av overdosar. – Norsk narkotika-politikk er feilslått, seier masterstudent Helene Jensvoll og UiS-forskar Svanaug Fjær. (Illustrasjonsfoto: SIRUS/Nye bilder)

– I Noreg har narkotikapolitikken basert seg på forbod og straff. Ikkje berre for dei som innfører og omset narkotika, men også for dei som bruker det. I Portugal har ein valt og sjå på problemet med helsefaglege briller.

– Ved å avkriminalisere bruk og oppbevaring av narkotika har landet klart å redusere bruken av heroin samstundes som talet på overdosar har gått kraftig ned, seier Jensvoll.

– Land som har prøvd seg på avkriminalisering, har altså ikkje fått problem, slik mange trur, seier Fjær og nemner Sveits som eit anna døme på eit land med gode resultat.

Jensvoll fortel at i åra etter avkriminaliseringa i Portugal såg ein også ein nedgang i førekomsten av narkotiske stoff blant ungdom, og færre blei hiv-smitta.

Samstundes fekk fleire behandling, sidan ressursar som tidlegare gjekk til straffereaksjonar, no blei brukte til behandling og førebygging. I fengsla blei talet på innsette med narkotikarelaterte dommar halvert.

– Dei som trudde avkriminalisering skulle føre til auka bruk, tok feil. Mange frykta jo òg at narkotikaturismen skulle auke, men det skjedde heller ikkje, seier Jensvoll.

Vil Noreg lære?

Jensvoll og Fjær er difor spente på om Noreg no vil ta inn over seg dei gode resultata frå andre land og funn frå internasjonal forsking.

– Det blir spennande å sjå kva som kjem i stortingsmeldinga om rus, som er venta til hausten, seier Jensvoll, som i studien har dykka ned i fleire sentrale dokument og rapportar frå rusfeltet i dei to landa.

Mellom anna har ho sett på Stoltenberg-utvalet sin rapport frå 2010. Utvalet tilrådde såkalla nedkriminalisering og at heroin skulle brukast i behandlinga av dei tyngste rusmisbrukarane.

I rapporten «Alternative reaksjonar for mindre alvorlege narkotikalovbrot» frå 2011 anbefalte ei arbeidsgruppe som skulle sjå nærare på desse alternative reaksjonsformene, at unge som blir tekne for å bruke narkotika for fyrste gong, burde få sleppe straff om dei forplikta seg til eit motivasjonsprogram i staden.

Og vidare at dei tyngre rusmisbrukarane som blir tekne med narkotika på seg, burde få sleppe straff om dei forplikta seg til meir omfattande oppfølging.

Mandatet til arbeidsgruppa var å tilpasse forslaga frå Stoltenberg-utvalet til norske forhold. Avkriminalisering skulle ikkje vurderast.

– Likevel anbefaler arbeidsgruppa jo at samtalar og avtalar skal erstatte straff, etter ideen frå Portugal. Forslaga i dei to rapportane er dermed ei forkledd avkriminalisering, stadfestar Jensvoll.

– Dette er eit avgjerande bidrag i endringa av norsk narkotikapolitikk. Så det er påfallande at forslaga har fått så lite merksemd i den offentlege debatten, slår ho fast.

Powered by Labrador CMS