Har senka terskelen for intervensjon

Med Tryggingsrådet sin resolusjon om å intervenere i Libya, er terskelen for å gå inn i eit anna land senka, meiner jurist.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

FNs generalsekretær Ban Ki-moon briefa Tryggingsrådet om situasjonen i Libya 24. mars 2011. Ei veke etter at Tryggingsrådet autoriserte å bruke alle naudsynte midlar for å beskytte sivilbefolkninga i Libya, sa han at rask og besluttsom handling fra verdenssamfunnet er avgjerande, sett i lys av bekymringane om brot på menneskerettane i landet. (Foto: FN/Devra Berkowitz)

17. mars stemte Tryggingsrådet i FN for ein resolusjon om å gripe inn i den dramatiske situasjonen i Libya der opprørarar no kjempar mot regjeringsstyrkane til Gaddafi.

Medan ti land røysta for resolusjonen, avstod fem land frå røystinga. Resolusjonen representerer ei ny utvikling, ifølge Knut Einar Skodvin, stipendiat ved Det juridiske fakultet.

– Det er ikkje tvil om at resolusjonen har eit folkerettsleg gyldig grunnlag, men tidlegare har ein halde sterkt på ein høg terskel for intervensjon. Denne resolusjonen opnar for å argumentere for intervensjon i fleire tilfelle enn tidlegare, noko som igjen kan opne for misbruk, seier han.

Det nye elementet er at resolusjonen om å gå inn i Libya først og fremst er retta mot å beskytte sivilbefolkninga.

Sivilbefolkninga skal beskyttast mot brot på menneskerettane. Samstundes er spørsmålet om kva sivilbefolkninga eigentleg skal beskyttast mot ope for tolking.

Lett å angripe

– Kan resolusjonen tolkast i den retning at den også legitimerer ein intervensjon i til dømes Jemen eller Bahrain? I fleire regime verda over ser vi i dag systematiske brot på menneskerettane, seier Skodvin.

Sett i frå ein humanistisk synsvinkel er den nye resolusjonen eit framsteg i riktig retning. Sett i frå ein meir konservativ og tradisjonell synsvinkel, er resolusjonen problematisk, ifølge Skodvin.

– Det største ankepunktet mot Tryggingsrådet sin resolusjon er at den lett kan skuldast for å vere noko anna enn den gjev seg ut for, seier han.

Særskilt problematisk er det at resolusjonen rettar seg sterkt mot å beskytte sivilbefolkninga i dei delane av Libya der opprørarane held til.

For å få regimeskifte?

Skodvin understrekar at dette ikkje rokkar ved det rettslege grunnlaget for resolusjonen, men meiner at dette gjer det lettare for motstandarane å argumentere for at den reelt sett handlar om å få til eit regimeskifte.

Muammar Gaddafi, avbildet i 2009. (Foto: US Navy/Wikimedia Creative Commons)

– Særleg Storbritannia og Frankrike har definert det libyske folk som opprørarane. Men Gaddafi har framleis støttespelarar i Libya.

– Eit anna spørsmål er korleis ein skal kunne skilje mellom opprørarar og sivilbefolkning i ein krigssituasjon.

– Dei einaste som i denne situasjonen peikar seg ut som openbare regulære, militære styrker, er regjeringsstyrkane. Slik sett inneber resolusjonen reelt sett å ta stilling mot Gaddafi, heller enn å beskytte sivilbefolkninga, seier han.

Grunnleggjande skilje

FN-resolusjonen nemner spesielt Benghazi, eit område der opprørarane har teke over. Gaddafi har i sterke ordelag truga med hemn, og Knut S. Vikør, professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, meiner at faren for massedrap absolutt var til stades.

– Gaddafi sitt styre er basert på frykt, og når denne frykta blir tilsidesett av opprørarar, må det sterke midlar til for å gjenopprette den, seier han.

Benghazi aust i Libya har i stor grad blitt symbolet på opprøret i Libya, men ifølge Vikør var opprøret i utgangspunktet eit breitt opprør spreidd utover heile landet. Folk gjorde opprør i stort sett alle store og mellomstore byar. Politi og hæren forsvann raskt.

– Men det var i aust opprøret festa seg. Der stod Gaddafi sine styrkar svakare, og avdelingar av hæren trakk seg tilbake eller bytta side i langt større grad enn i vest. I vest trakk hæren seg først ut for så å samle seg og kome tilbake, seier Vikør.

Skilje mellom aust og vest

Vikør peikar på at det er eit grunnleggjande skilje mellom dei austlege og vestlege delane av Libya. Sahara strekk seg i ein spiss ut mot havet og deler landet i to.

FNs Sikkerhetsråd. (Foto: www.kremlin.ru)

Ein sentral veg gjennom ørkenen har vore bindeleddet mellom aust og vest. Langs den same geografiske skillelinja går det også eit språkleg skilje, mellom den nord-afrikanske og den aust-arabiske verda.

– Likevel har folk flytta fram og tilbake mellom aust og vest, og det er umogleg å seie om somme av dei som protesterer i dei vestlege delane av Libya opprinneleg kjem frå aust.

– Dersom ein legg omfanget av opprøret til grunn, kan ein likevel ikkje gå ut i frå anna enn at opprøret har ein brei stammeoppslutnad, seier han.

Vanskeleg å spå utfall

Libya har vore eit eige land i 100 år, men stammetilhøyrigheita står framleis sterkt. Warfalla-stammen, som er ein av dei største med om lag 1 million medlemmer, har hovudbase i vest, men finst også i aust.

– Gaddafi, som sjølv kjem frå ein liten stamme, har samla leiarar frå mange stammar og prøvd å overtale dei til å støtte han. Samstundes har kanskje desse stammeleiarane mindre autoritet enn ein trur, seier Vikør.

Jurist og stipendiat Knut Einar Skodvin meiner at terskelen for å intervenere er seinka med resolusjonen om å gå inn i Libya. (Foto: Åse Johanne Roti Dahl)

Han understrekar at det finst mange ulike fraksjonar og undergrupper i stammane og at biletet er komplisert.

– Det er vanskeleg å seie kva som vil skje i Libya. Gaddafi har hatt makta i 40 år. Dersom han fell, må det på plass eit heilt nytt system i Libya, og då må ein byrje med blanke ark, seier han.

Har avstått frå bakkestyrkar

I forkant av den militære intervensjonen i Libya gav USA klart uttrykk for at den måtte ha støtte frå den arabiske verda. Dette skulle ikkje vere ein vestleg inngripen, og ifølge Knut Einar Skodvin har resolusjonen ein ordlyd som vaktar seg vel for å bruke omgrep som regimeskifte.

Han ser det som lite sannsynleg at resolusjonen i det heile ville ha vorte vedteken utan støtte frå Den arabiske liga og Den afrikanske union.

Fredag førre veke var det møte i Den afrikanske union der saka vart drøfta, men det har kome lite ut av møtet i form av offentlege utsegner. Det kom likevel signal om at dei meiner seg oversett. Nye møter er varsla.

Ikkje okkupasjon

Resolusjonen tillet bruk av militær makt i Libya, men ikkje okkupasjon. I første rekke er det innført eit flyforbodssone som inneber at internasjonale styrkar med støtte frå Tryggingsrådet skal øydeleggje regjeringsstyrkane sine moglegheiter for å gjennomføre angrep frå lufta. Bruk av bakkestyrkar er førebels ikkje sett i verk.

– Ein reell beskyttelse av sivilbefolkninga vil likevel i kortare periodar gjere bruk av bakkestyrkar naudsynt, seier han.

Fredag førre veke signaliserte generalsekretær i NATO; Anders Fogh Rasmussen, at slik bruk av bakkestyrkar ikkje er utelukka. Ifølge NRK har NATO no likevel bestemt seg for at bakkestyrkar er uaktuelt. Eventuell bruk av bakkestyrkar aktualiserer spørsmålet om okkupasjon, ifølge Skodvin.

Definisjonen av okkupasjon og bruk av bakkestyrkar er eit stridsspørsmål blant juristar innanfor folkerett. Somme hevdar at all bruk av bakkestyrkar er å sidestille med ein okkupasjon, medan andre meiner at framande makter må ha vedvarande og effektiv kontroll over eit land i lenger tid for å kunne kalle det ein okkupasjon.

Avgjerande ryggdekning

Til trass for at Skodvin ser problematiske sider ved resolusjonen om å intervenere i Libya, understrekar han viktigheiten av å kunne lene seg på ein resolusjon frå Tryggingsrådet. Då NATO gjekk inn i Kosovo i 1999 var dette utan FN i ryggen.

Spørsmålet er om den no seinka terskelen for å intervenere med eit mandat frå FN også kan seinke terskelen for unilaterale intervensjonar utan FN si støtte.

– Mykje av motstanden mot Irak-krigen fokuserte på mangelen av ein folkerettsleg heimel i form av ein resolusjon frå Tryggingsrådet. I høve til situasjonen i Afghanistan har ein ikkje sett like store protestar. Det er lettare å stå på barrikadane mot ein inngripen når det ikkje er støtta av ein resolusjon i FN, seier han.

Powered by Labrador CMS