
Slik veit vi når Mannen vil rase
– Det er fjellet sjølv som fortel oss det, seier NVEs sjefsgeolog Lars Harald Blikra. Auka rørsler, rystelsar og mindre steinsprang eller utfall frå fjellet er signal ekspertane ser etter. Han er oppteken av at folk skal kjenne seg trygge.
Saman med kollegaer i Stranda i Møre og Romsdal og Kåfjord i Troms overvakar Blikra dei fire fjellpartia som er vurdert å ha ein høg risiko for skred her i landet.
Forskarane er i stand til å registrere signal med ulike sensorar både i overflata og inne i djupe borehol.

– Vi har kompetente folk innanfor ei rekkje ulike fagområde, slik som geologi, IT og data, instrumentering, samband og mekanikk. Dette er nødvendig for å kunne oppretthalda og drifta til dels store anlegg i fjellet, samstundes som vi må kunna analysera og tolka store mengder data.
– Dette skal til slutt brukast til å formidla fjellet sin helsetilstand, altså farenivået, til beredskapsaktørane ute i samfunnet, forklarar sjefsgeologen.
Det er svært moderne teknikk geologane nyttar for å overvake fjellet: strekkstag, laserar, radarar, GPS, totalstasjon, elektroniske vinkelmålarar, boreholsensorar, seismiske sensorar og vêrstasjonar.
Kvart fjellparti er overvaka av mange ulike målesystem, og det er også fleire uavhengige sambandssystem for data ut frå fjellet. Måledata vert overført fortløpande til NVEs overvakingssenter på Stranda i Møre og Romsdal, eller Kåfjord i Troms.
– Me er organisert med vaktordningar både på teknisk og geofagleg side for å vera trygge på at tilgangen på kunnskap frå fjellet er god nok og for at vi skal vere i stand til å varsle samfunnet når det skjer endringar i fjellets stabilitet, forklarar Blikra.
Fjellskreda varslar seg sjølv

I område med låg jordskjelvaktivitet, som Noreg, kjem fjellskred nesten alltid frå fjellparti som er i sakte bevegelse, typisk inntil nokre centimeter per år. Slike bevegelsar kan vare i fleire tiår er eller hundreår. Nokre gonger aukar bevegelsane betydeleg. Før skreda har fjellpartia vore urolege med hyppige småskred, og ein har observert sprekkar i fjellet som utvida seg. På denne måten varslar fjellskredet seg sjølv.
Erfaringar frå Alpane der det fleire gonger har gått fjellskred frå overvaka fjell, viser at akselerasjonsfasen før eit skred, varer frå eit par veker til litt over ein månad. Historisk har ein sett liknande ved fjellskreda i Noreg.
Overvaking døgnet rundt
Dei overvaka fjellpartia har til ein kvar tid eit farenivå på ein fire trinns skala: grøn (låg), gul (moderat), oransje (høg) og raud (ekstrem fare). Fjellet sine bevegelsar er den viktigaste faktoren for å fastsette farenivået. Dersom farenivået vert endra, varslar NVE andre beredskapsaktørar som kommunar, politi, fylkesmannen og andre aktørar. For kvar heving av farenivået vil NVE og dei andre beredskapsaktørane intensivere beredskapen.
Kan folk stola på at varslinga kjem i tide?
– Ja, med dei målesystema og reservesystem både på strøm og samband skal folk føla seg trygge, seier Blikra.
– Vi håpar at vi har klart å formidle dette godt nok, for det er heilt sentralt at folk i faresonene for slike hendingar har tillit til oss. Ei større utfordring er at vi må varsle under ein del usikkerhet, og i hendingar med så katastrofale konsekvensar kan vi ikkje venta for lenge før vi endrar farenivå. Derfor må folk vera budd på å vera evakuerte i relativt lange tidsrom. Kunnskap hos folk om korleis fjellet oppfører seg og korleis vi overvakar trur eg er viktig for at folk skjønar og aksepterer slike situasjonar, seier han.