Søtingsstoff drep hjerneceller

Søtingsstoffet aspartam er mykje brukt i såkalla lettprodukt. Dette tilstetnigsstoffet drep hjerneceller, har to medisinstudentar ved NTNU funne ut. Men det er framleis usikkert kor mykje av stoffet som når fram til hjernen når ein får det i seg.

Publisert

- Ein bør halde seg borte frå slike produkt, ut frå ein føre-var haldning, seier medisinstudentane Hetle og Eltervaag til Dagbladet. Dei åtvarar spesielt mot bruk av aspartam i næringsstoff til born, fordi det påverkar dei områda i hjernen som formidlar læring.

Tilsette aspartam direkte

Hetle og Eltervaag har gjort 400 forsøk med ein halv milliard hjerneceller frå mus, ved å tilsette aspartam direkte i cellene.

Tittelen på hovudoppgåva er Cola light one calorie - men hva med hjernen? Den er nyleg godkjend ved Det medisinske fakultet ved Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet - NTNU.

Supersøtt

Stoffet aspartam er omtrent 200 gongar søtare enn sukker, og mykje brukt i lettprodukt som brus, sukkerfrie godsaker, is og tyggegummi. Stoffet blir teke opp i tarmen, og går derifrå vidare inn i kroppen, mellom anna til hjernen.

Det er likevel usikkert kor mykje av stoffet som kjem fram til hjernen ved normalt konsum. Dette bør undersøkjast vidare, meiner dei to studentane, som altså har tilsett stoffet direkte i hjernecellene til mus. Stoffet er godkjent i alle vestlege land.

Høyrt det før

- Desse påstandane har vi høyrt før. Dette tek vi heilt med ro. Aspartam er det mest testa søtstoffet i verda. Vi føler oss på sikker grunn, seier Kristen Shultz Jörgensen til avisa. Han er kommunikasjonsdirektør for Coca-Cola i Norden og Baltikum. Coca-cola Light er eitt av dei mest vanlege lettprodukta.