Annonse

Ikkje noko tull med bronsealder-trønderen

Han levde i kjernefamilie, og han var ein reinslig og ryddig fyr. Nå er bustader heilt attende til 2000 år før Kristus avdekka sør for Trondheim.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Melhus har eit fint, gamalt kulturlandskap, men ingen visste at det budde folk her allereie for 4 000 år sidan."

Ein god ting med vegbygging gjennom gamle kulturlandskap er at arkeologane får grave på stader dei ikkje hadde tenkt å grave. Dermed aukar sjansen for å gjere nye og uventa oppdagingar.

Det har NTNU-arkeologen Preben Rønne gjort. Bygginga av ny E6 gjennom Melhus sør for Trondheim har opna for heilt nye oppdagingar. Rønne har funne busetnader som daterer seg heilt attende til to tusenår før vår tidsrekning.

Overraskande gamle

- Dette er første høvet arkeologar har hatt til å skaffe seg kunnskap om korleis bronsealdermenneska i Midt-Noreg organiserte daglegliva, fortel Rønne.

- Det er nytt at vi i det heile tatt finn bustader frå denne tida. Fram til dette har ein berre funne restar etter eitt slikt hus i Trøndelag.

Det som overraska han mest, var at husa var så store, bustadene så velorganiserte, og at dei dukkar opp frå eit så tidleg tidspunkt.

- I Danmark, som eg kjem ifrå, finn vi slike bustader første etter Kristi fødsel, fortel Preben Rønne.

Avtrykk til evig tid

Utgravingane byr også på interessant informasjon om korleis melhusbyggen innretta seg for 4 000 år sidan.

- Avtrykka etter stolpehola fortel oss at det var vanleg å bygge delar av huset som stall for husdyra. Ein gjorde det gjerne slik at dyra “kapsla inn” den delen kor menneska budde.

- Det kunne vere slik at dyra haldt til ytst mot kortendane, og midt i. Slik nytta ein varmen dyra produserte til å greie seg gjennom kalde vintre, fortel arkeologen.

"Stolpehol - arkeologens våte draum."

Det er på bakgrunn av hola etter stolpene som heldt huset oppe, arkeologane trekker sine konklusjonar.

Metoden går ut på å skrape bort jordlaget øvst, slik at dei kan observere det harde stein- og leirlaget under. Stolper som er slått ned, set merker i dette laget, og desse avtrykka vert ståande til evig tid.

Irriterande ryddige

Avtrykka fortel også at desse menneska organiserte seg i relativt små einingar, fortel Rønne.

- Det ser ut til at melhusbyggen i bronsealderen budde i kjernefamiliar, i motsetnad til danskane, som budde saman i større grupper. Så kan hende er mor-far-barn inga ny oppfinning, undrar han.

Eit anna karakteristikum ved desse folka er at dei var “plagsamt” reinslege.

- Det kan sjå ut som om desse nordmennene var ufatteleg, irriterande ryddige av seg. På dei danske utgravingsplassane finn vi koppar og kar slengt rundt, og vi kan finne restar etter mat og liknande, som gir oss mykje nyttig informasjon.

- Men desse trønderane har rydda opp etter seg, og det er faktisk utruleg irriterande, seier den danske arkeologen.

Powered by Labrador CMS