Heit debatt om hundetrening

Både hundane og menneska vert påverka av treningsmetodane.

Publisert
Den er kjent som mennesket sin besteven, og står alltid trufast ved vår side. Kan det vere vi vert meir påverka av hunden vår enn vi trur? (Foto: Photos.com)
Den er kjent som mennesket sin besteven, og står alltid trufast ved vår side. Kan det vere vi vert meir påverka av hunden vår enn vi trur? (Foto: Photos.com)

Hunden reknast for å vere vårt eldste husdyr, og hundar og menneskje har levd saman i minst 14 000 år. Forholdet er likevel langt frå konfliktfritt.

– Vanlege folk som får sin første hund, møter eit hav av informasjon om kva som vil vere best for hunden, rett og slett fordi det er så mykje tilbod der ute no samanlikna med for 20 år sidan, seier doktorgradsstipendiat Ane Møller Gabrielsen ved NTNU.

I Noreg lever det rundt ein halv million hundar, eit tal som stadig aukar. Aukande er også talet på hundeskular. I dag finst det om lag 200 aktive norske hundeskular, som alle lærer vekk ulike metodar for å trene hundane.

Heit debatt

Med det aukande talet hundar og hundeskular, aukar også konfliktane innan hundemiljøet og mellom hundar, eigarar og samfunnet. Dei største konflikttemaa er bandtvang, raseforbod og grunnleggande prinsipp for trening og oppfostring.

– Hundetrening er ein av dei største debattane blant hundeeigarar i dag, og krangelen er høglydt blant hundeeigarane og trenarane frå dei ulike miljøa, seier Gabrielsen.

Ho har følgt med på diskusjonar på nettforum, og intervjua eit utval av hundeeigarar og hundefaglege ekspertar. Nokre av funna hennar viser konfliktane mellom dei ulike skulane for trening og mellom hundar og menneska.

Kjernen i desse konfliktane kan likevel kokast ned til dei same spørsmåla; Kvifor gjer hundar slik dei gjer? Korleis kan vi få dei til oppføre seg annleis? Og kva er eigentleg ein hund?

– Ein får berre svært ulike svar etter kva for eit miljø ein spør, forklarar Gabrielsen, og fortel om korleis nokre hundetrenarar ikkje ville snakke med ho ein gong fordi dei meinte ho hadde valt side i debatten.

– Dei ville ikkje snakke med meg sidan eg sjølv er hundeeigar og tidlegare aktiv i debattane. Det eg gjer i mitt arbeid er ikkje å slå fast kva metode som er best, så det meiner eg seier litt om kor heit denne debatten faktisk er, seier ho.

Største skiljet

Ho har sett eit skilje mellom to av dei største retningane innan hundetrening. Dei omtalast gjerne som «tradisjonell hundetrening» og «positiv trening» – to treningspraksisar med ulik måte å tolke kva ein hund er og korleis han opptrer.

– Innan desse retningane finn ein ytterpunkter der ulveflokkprinsippet med brutale metodar og løfting etter nakkeskinnet ligg heilt i eine enden av skalaen.

– Heilt i den andre enden finn ein ein form for positiv trening der ein meiner at ein ikkje bør påføre hunden noko form for ubehag. Ikkje ein gong ubehagelig stemmebruk og ordet nei er lov å nytte, seier ho.

Debatten er heftig om kva metode som er best når vi skal trene hunden vår, men kvifor er dei ulike miljøa innan hundetrening så ueinige? (Foto: Photos.com)
Debatten er heftig om kva metode som er best når vi skal trene hunden vår, men kvifor er dei ulike miljøa innan hundetrening så ueinige? (Foto: Photos.com)

Gabrielsen understreker at sjølv om det finst to hovudretningar dei ulike treningsmetodane baserer seg på, er det ikkje alle som følgjer dei heilt etter boka.

Uavhengig av treningsmetoden ein tok utgangspunkt i, nemnte alle i Gabrielsen sitt utval også viktigheita av å belønne riktig åtferd. Det var heller ingen av dei som ynskja å skade hundane.

– Stor endring

Dei sterke usemjene mellom miljøa, skuldast dei ulike metodane som vert nytta. Gabrielsen kan fortelje om ei stor endring i synet vi har på denne bestevenen vår på fire bein.

Ei endring som har skjedd relativt raskt i løpet av dei siste tjue åra.

– Denne endringa ser ut til å ha byrja på 1990-talet, då ein gjekk frå å nytte metodar der ein påførte hunden ubehag for å få han til å gjere det ein ville, til å byrje å ta i bruk metodar basert på positiv forsterking.

– Norske hundeeigarar byrja så smått å gå vekk i frå å straffe uynskt åtferd til å premiere den åtferda ein ynskte seg – ein gjekk då frå tradisjonell til det som ofte blir kalla positiv trening, forklarar ho.

– Nyttar handfaste metodar

Fleire tradisjonelle trenarar nyttar ein teori om flokkprinsippet, og trur på at om ikkje hunden ser på deg som ein skikkeleg leiar, vil han heller ikkje lystre kommandoane dine.

Deira teori baserer seg på at ein hund er ein «ulv i hundeklede» som må lære seg at den er på botnen i eit hierarki der far, mor og born er på topp. Den er lågast på rangstigen, og må berre finne seg i det.

– Metodane for å etablere dette systemet vert då å få på plass eit skikkeleg leiarskap med metodar som for nokon kan verke nokså brutale.

– I nokre bøker anbefalast det eksempelvis å kome med leiarmarkeringar, der hundeeigaren utan forvarsel skal løfte hunden opp etter nakkeskinnet og riste den litt for å vise den kven som er sjefen, seier ho og demonstrerer med handa forma som ei klype.

Fleire hundetrenere av den gamle skulen har gått hardt ut mot det dei kallar «dei nye akademikarane», og meiner at teoriane og teoretikarane bak positiv trening manglar både basiskunnskap og erfaring.

– Skadar hundane

Den kanskje mest ekstreme varianten av positiv trening, klikkertrening, prøver derimot å unngå all bruk av ubehag i hundetreninga. Klikkermiljøet er heilt på den andre sida av konflikten, og desse meiner at mange av dei tradisjonelle metodane rett og slett er skadelege for hundane.

Dei viser til forsking som fortel at dette er ein lite hensiktsmessig måte å nytte når ein skal trene ein hund.

Klikkermetoden er utvikla frå trening av marine dyr i sjøparkar, basert på eksperiment og dokument av den radikale åtferdspsykologen B.F. Skinner.

Den går ut på at eigaren brukar eit apparat som lagar ein klikkelyd, og når hunden høyrer den, veit han at han har gjort noko riktig og snart vil få belønninga si.

– Positive trenarar som klikkertrenarar, meiner at makt og smertepåføring er heilt unødvendig, og at bruk av straff hindrar individet si evne til å lære. Klikkertrenarar hevdar at flokkleiarskap og dominans ikkje er relevant for hundetrening, og at flokkleiarar har misforstått så å seie alt, seier Gabrielsen.

Ulv i hundekle

Ane Møller Gabrielsen saman med boxeren Hilma. (Foto: Kristin Møller Gabrielsen)
Ane Møller Gabrielsen saman med boxeren Hilma. (Foto: Kristin Møller Gabrielsen)

Ho har sett på korleis tradisjonelle hundetrenarar gjerne viser til at vitskap ikkje er relevant for hundetrening. Men likevel baserer også den tradisjonelle treningsmetoden seg på vitskapeleg kunnskap.

– Den største skilnaden i syna til desse trenarane, er at ein innan tradisjonell hundetrening nyttar ein biologisk modell og ser på hunden som ein «ulv i hundeklede» som vert driven av instinkt.

– Klikkertrenarane tyr til åtferdspsykologi, og meiner at hunden er ein organisme som lyder universelle lovar for læring basert på belønning og straff. Dei meiner at ein må oppmode hunden til ynskt åtferd, seier ho.

Dessa funna kan fortelje oss at vi har minst to veldig ulike forståingar av hundar i Noreg, ifølgje Gabrielsen: Ein ulv i hundekle driven av instinkt, og ein hundeforma organisme som berre er ute etter premie eller å unngå straff.

Vert sjølv ein mini-ulv

I eit av foruma ho har sett nærare på er det tradisjonelle hundetrenarar som kjem saman og diskuterer metodane. Her oppdagar ho at ein hundeeigar klagar si naud over hunden.

Han hadde vore på tur med hunden sin, som nekta å lyde, og han måtte bite hunden for å vise kven som var sjef. Likevel sprang hunden sin veg. På forumet fekk personen beskjed om å jobbe meir med leiarskapet.

– Denne episoden fortel oss om korleis vi sjølve vert påverka av treningsmetoden vi vel. Ved at hunden vert forstått som ein mini-ulv, så må ein sjølv også verte som ein ulv og plassere seg øvst på rangstigen, seier ho.

– Skapar kvarandre

Gabrielsen viser til at fleire studiar syner at bruk av fysisk straff i trening resulterte i mindre lydige og meir aggressive hundar med åtferdsproblem. Dette gjaldt ikkje berre for hundane.

I eit av intervjua Gabrielsen har gjort med ein som tidlegare trena på tradisjonell måte, kom det fram at også trenaren fekk fysiske reaksjonar av å nytte denne treningsmetoden.

– Det interessante spørsmålet i denne samanhengen vert då ikkje kva ein hund er, men kva ein hund og eit menneskje blir gjennom interaksjon dei imellom.

– Vi skapar og formar kvarandre gjennom praksisar. Ulike treningsmetodar vil dermed gje ulike hundar – og menneskje, avsluttar ho og legg hendene trygt ned igjen i fanget sitt.