Hjorteauke på helsa laus

Helsetilstanden til hjorten blir dårlegare for kvart år fordi bestanden aukar i raskt tempo. Elg og villrein klarar seg betre.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I 2007 vart det felt til saman 72 870 elg, hjort og villrein i Noreg. Dette er meir enn nokon gong tidlegare.

Dei forvaltningsmessige utfordringa er samtidig mange.

- Hjortebestanden aukar framleis i raskt tempo, og negative konsekvensar av høg bestandstettleik er no tydelege i alle overvakingsregionane, seier seniorforsker Erling J. Solberg ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

- For elg og villrein er situasjonen meir nyansert. Medan det er betring å spore i område som tidlegare sleit med svekka helsetilstand, er trenden no negativ i andre regionar.

For første gong er det levert ein årsrapport frå overvakingsprogrammet for hjortevilt der både elg, hjort og villrein er presentert samla.

Det nasjonale overvakingsprogrammet for hjortevilt vert gjennomført på oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning. NINA er ansvarleg for dette arbeidet.

Dårleg hjort

Heilt sidan starten av overvakingsprogrammet i 1991 har det vore ein systematisk nedgang i helsetilstanden til bestanden i dei tre overvakingsområda for hjort (i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal/Sør-Trøndelag).

- Denne utviklinga er etter alt å døme relatert til den stadig aukande bestandstettleiken. Dersom bestandsveksten får halde fram, vil dei negative konsekvensane forsterke seg i åra framover, spår Solberg.

Elg i nedgang

"Elgen - en miljøversting?"
"Elgen - en miljøversting?"

Hos elg er helsetilstanden framleis dårlegare i dei fleste sørnorske bestandane samanlikna med bestandane frå Trøndelag og nordover.

I de to sørlegaste overvakingsområda (i Vest-Agder og Vestfold/Telemark) er det enno inga konsekvent auke i helsetilstanden trass i at bestandstettleiken er redusert vesentlig sidan bestandstoppen på starten av 1990-talet.

Det er likevel ting som tyder på at nedgangen i helsetilstanden har stoppa opp. Lenger nord og aust (i overvakingsområda i Oppland og Hedmark) er den høgare og til dels meir stabil.

Dei siste åras negative utvikling i Hedmark, kan derimot tyde på at denne situasjonen er i ferd med å snu. Årsaka kan vere vedvarande høg bestandstettleik gjennom mange år.

Dei same trendane er også synlege hos elgen. Helsetilstanden i elgbestandane frå Trøndelag og nordover er framleis høg og stabil.

Redusert rein

Utviklinga i vekt og kalveproduksjon viser at helsetilstanden hos villreinen på Hardangervidda og i Setesdal Ryfylkeheiane no er i betring etter mange år med lave tal.

- Dette heng saman med ein målretta og vedvarande bestandsreduksjon, seier Solberg.

I dei nordlege overvakingsområda (Rondane, Snøhetta, Knutshø, Forollhogna) vert bestandane halde på eit stabilt nivå, som ligg lågare enn på 1980-talet. Likevel er det ting som tyder på helsetilstanden er i nedgang.

- Må ta grep

- Den største utfordringa i åra framover blir å få betre kontroll med utviklinga i dei lokale hjortebestandane. Betre kunnskap, samorganisering og definering av klare forvaltingsmål vil vere dei viktigaste faktorane for å oppnå dette, seier Solberg.

Dei seinare åra har det skjedd store forbetringar med omsyn til organisering av jakteiningar og etablering av fleirårige bestandsplanar.

- For å redusere lokale konfliktar knytt til trafikk- og beiteskadeproblematikk, og for å ivareta ein god helsemessig status hos den norske hjorten, er det avgjerande at den lokale forvaltninga no tek nødvendige grep for å få kontroll med bestandsutviklinga, påpeiker Solberg.

Lenke:

Les hele rapporten Hjortevilt 2007.

Powered by Labrador CMS