Ein notis frå Norges geologiske undersøkelse - les mer.

Klattar av randmorenar med vegetasjon ved ein meanderande bekk, nær Gammelvollsjøen i Tydal. (Foto: Marianne Christoffersen og Astrid Lyså)
Klattar av randmorenar med vegetasjon ved ein meanderande bekk, nær Gammelvollsjøen i Tydal. (Foto: Marianne Christoffersen og Astrid Lyså)

Kartlegg landformar i Noreg

Publisert

No aukar kunnskapen om norske landformar skapt av is og vatn frå siste istid. Forskarar saumfer utvalde område for å skjøna naturen vår enno betre.

– Landformar er ein viktig del av naturen med stor økologisk verd, og eit av temaa i ein omfattande framstilling av alle naturtypar i Noreg. Då er det sjølvsagt òg viktig å sørge for ei god kartlegging, seier forskar Marianne Christoffersen ved Noregs geologiske undersøking (NGU).

Saman med NGU-kollegaene Astrid Lyså, Ola Fredin og prosjektleiar Eiliv Larsen, har Christoffersen i år gjort feltarbeid på oppdrag frå Artsdatabanken i kommunane Farsund, Røros og Tydal. Dei har laserbilete frå fly kor vegetasjonen er skrelt vekk frå bileta, der landformane visast godt. Seinare sjekkar forskarane det dei er usikre på ute i felt, mellom anna ved hjelp av dronar.

Forskarane ser også på tilstanden til dei 28 raudlista landformane, som grotter, brear, elvesletter og jordpyramidar. Desse er vurdert ut ifrå om dei er sårbare, har kjende truslar knytt til seg eller om dei er sjeldne. Sårbarheita har gjerne samanheng med turisme, vassdragsregulering, klimaendringar, eller bygging av infrastruktur.

Les meir og sjå fleire landformar på nettsidene til Norges geologiske undersøkelse