Internett endrar demokratiet

Internett har gjort det enklare for samfunnsborgarane å vere politisk aktive og orientere seg i politiske spørsmål. Men forventningane om at nettet skulle aktivisere fleire borgarar, har ikkje slått til, ifølgje professor.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Professor Harald Baldersheim er ein av hovedinnleiarane på avslutningskonferansen til KIM-programmet 6. mars 2008"
"Professor Harald Baldersheim er ein av hovedinnleiarane på avslutningskonferansen til KIM-programmet 6. mars 2008"




Da Internett-bølgja skylde inn over Noreg mot slutten av 1990-åra, trudde mange at Internett skulle gi alle borgarar ei stemme i samfunnsutviklinga, og at det skulle utviklast nye og kreative demokratiformer.

Slik har det ikkje gått, i alle fall ikkje enno.

- I dag kan vi sjekke kva Internett har ført til, og forventningane var nok svært overdrivne. Det generelle samfunnsengasjementet blant dei breie massane ser ikkje ut til å ha blitt større.

- Men vi ser mellom anna at det er blitt enklare å vere politisk aktivist, fortel Harald Baldersheim.

Han er professor ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo og har leidd forskingsprosjektet Makten på nettet, makten i nettet, som var ein del av programmet Kommunikasjon, IKT og medier (KIM) i Forskingsrådet. Formålet var å analysere kva IKT har å seie for makt og demokrati i samfunnet.

Lettare å være aktivist

- Internett har først og fremst hatt det å seie at det er blitt lettare for samfunnsborgarane å orientere seg i lokalpolitiske spørsmål, fordi det ligg mykje informasjon ute på nettsidene til kommunane, seier Baldersheim.

I dag legg mange kommunar mellom anna ut informasjon om saker som skal behandlast i kommunestyret, og derfor er det heilt klart blitt enklare å følgje med på saker ein er særleg interessert i, fortel han.

Nettdebatt er vanskeleg

Men forventningane om at Internett skulle skape eit breiare samfunnsengasjement blant større grupper, har ikkje slått til i same grad, meiner professoren:

- Det er ikkje lett å skape eit aktivt debattdemokrati med breitt engasjement, og fleire kommunar har prøvd og fått negative erfaringar.

Men det går faktisk an;

- I våre studiar av kommunesektoren har vi funne fleire kommunar som har klart å skape eit aktivt debattdemokrati via sine eigne heimesider, seier Baldersheim.

Larvik kommune lykkast ganske godt ved det førre kommunevalet, da kommunen drog i gang prosjektet Aktiv borgar, og laga avtalar med dei politiske partia. Dei beste døma finn vi likevel i Danmark, som i kommunane Odder og Hals på Jylland.

- Det som skal til for å lykkast med å skape eit ordentleg debattdemokrati på nettet, er at både kommunane og politikarane må vere aktive.

Debattane må “springast i gang”, som ein dansk politikar uttrykte det.

- Kortversjonen av konklusjonane våre på dette feltet er at redaktørfunksjonen er svært viktig. Det blir ikkje noko engasjement utan ein aktiv redaktørfunksjon, seier Baldersheim.

Fullt namn, takk

Det er elles ikkje berre kommunane som har drege i gang debattsider: Også dei fleste nettavisene med respekt for seg sjølv har etablert slike tilbod, med varierande resultat.

- Den store utfordringa er å unngå kverulantane, som har ein tendens til å drepe eller dominere debattane på nettet. Dette er ei av årsakene til at redaktørfunksjonen er svært viktig, seier Baldersheim.

Han er også ein sterk tilhengar av at debattantane bør underteikne med fullt namn.

- Det verkar ikkje minst disiplinerande både på form og innhald. Det er rettnok slik at dette kravet kan verke diskriminerande, fordi det stiller noko større krav til kompetanse blant debattdeltakarane.

- Men det overordna omsynet til debattkvalitet tilseier at debattane ikkje bør vere anonyme, meiner Baldersheim.

Powered by Labrador CMS