Aquatraz er eit samarbeid mellom oppdrettsselskapet Midt-Norsk Havbruk og Seafarming Systems. Merden er 18 meter djup og 160 meter i omkrins. (Foto: NIVA)
Aquatraz er eit samarbeid mellom oppdrettsselskapet Midt-Norsk Havbruk og Seafarming Systems. Merden er 18 meter djup og 160 meter i omkrins. (Foto: NIVA)

Skal sørge for eit lusefritt laksefengsel

Published

For litt under ein månad sidan vart den første laksen sleppt ut i ein flunkande ny prototype-merd nord i Trøndelag.

Med nót i stål og vasstraum inkludert skal merden Aquatraz både hindre rømming og trimme laksen, medan Norsk institutt for vassforsking (NIVA) held auge med lusa og vassmiljøet i merden.

Namnet på det nye merd-konseptet er inspirert av fengselsnamnet Alcatraz, fengselet på ei øy i San Fransisco-bukta som ingen fange kunne rømme ifrå. Målet for den nye merden er at han skal vere like rømmingssikker – og forhåpentleg meir lusefri.

–Det er stas og veldig artig å få vere med på dette prosjektet, seier forskar Sara Calabrese ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA).

Ho og kollega Anders Hobæk er nettopp komne heim frå prøvetaking. Merden ligg i Eiterfjorden nord i Trøndelag, og i det komande året skal NIVA drive miljøovervaking i merden.

Les heile saka på NIVA.no.