Kvifor er mister fleire oppdrettslaks synet om sommaren? Truleg har det noko med havtemperaturen å gjere, meiner forskarar ved NIFES. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Varmare vatn kan gje oppdrettslaks grå stær

Oppdrettslaks mister ofte synet om sommaren då augene blir blakka av grå stær. No har forskarar funne ut meir om samanhengen mellom havtemperatur og blind laks.

Grå stær er ei augeliding som rammar både menneske og oppdrettslaks. Augelinsa blir gradvis blakka, og til slutt er ikkje linsa lenger gjennomsiktig. Dette er eit alvorleg velferdsproblem for laksen.

– Det er permanente skadar vi snakkar om. I verste fall kan fisken miste så mykje av synet at han ikkje klarer å sjå fôret han skal ete, han får ikkje i seg nok mat, og han vil slutte å vekse. Det seier Sofie Remø, forskar ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES). 

Likar ikkje varmt vatn

Det er særleg om sommaren at laksen blir blind, og grunnen er at havet då er varmare.

– Laksen er vekselvarm, så kroppen får same temperatur som vatnet han er i. Den optimale temperaturen for laks er om lag 13 grader. Blir det varmare, så trivst laksen dårlegare, og han har større risiko for å få grå stær, seier NIFES-forskaren.

I naturen kan vill laks gå til djupare og kaldare vatn når temperaturen stig, men dette kan ikkje laksen gjere i ein merd. Dei siste somrane har ein hatt periodar med svært høge temperaturar i sjøen og då er det mange oppdrettarar som kontaktar NIFES med spørsmål om grå stær, seier Remø.

– Sommaren er høgsesongen. Med klimaendringane så går vi mot enda høgare havtemperaturar. Då er det viktig å ha kunnskap om kva som skjer med fisken når temperaturen stig, slik at vi kan ta vare på fisken si helse og velferd.

Eggekvite-effekten

I ein studie som nyleg har blitt publisert fann forskarane fleire endringar som skjer i linsa når vasstemperaturen stig. Ei viktig endring er at linsa går tom for antioksidantar. Antioksidantane beskyttar linsa mot skadar, og når linsa ikkje lenger har nok antioksidantar blir proteina øydelagde, og ein ser kvite flekkar på linsa. Dette blir kalla oksidativt stress.

– Linsa er ei fin, lita kule med gjennomsiktig protein. Det minner litt om eggekvite, som også er gjennomsiktig protein. Når ein steikjar egget, så øydelegg ein proteina, og proteina blir kvite. Det er noko liknande som skjer i auget til laksen når proteina blir øydelagde. Då blir dei ikkje gjennomsiktige lenger, seier Remø.

Dette biletet viser friske augelinser frå ein oppdrettslaks. Dei er gjennomsiktige slik dei skal vere. Men i varmare vatn kan dei bli blakka og fisken mister synet. (Foto: Eivind Senneset)

Liknar på diabetes

Samtidig skjer det endringar i linsa som minner om endringane ein ser hos menneske som får grå stær som følgje av diabetes. Laksen som levde i det varmaste vatnet, fekk høgare blodsukker, og det gjekk ut over linsa.

– Når blodsukkeret stig, blir det for mykje sukker i linsa, og vi ser at det hopar seg opp med sukkeralkohol, seier Remø. Dette fører blant anna til problem med å bevare vassbalansen i linsa.

Temperaturen påverkar vassbalansen

Linsa må ha rett mengde vatn i seg for at ho skal vere gjennomsiktig, og viss ho svulmar opp eller tørkar ut kan cellene i linsa bli øydelagde og linsa blir blakka. Dette kallar forskarane osmotisk stress.

Forskarane såg at linsa hos laksen i det varmaste vatnet hadde dårlegare evne til å regulere nettopp vassbalansen, ved at linsa hadde mindre osmolyttar, som er det som fraktar vatn ut av cellene.

Histidin beskyttar mot grå stær

Det er først dei siste 20 åra at grå stær har blitt eit verkeleg problem for oppdrettsnæringa. Før det brukte ein animalske biprodukt som blodmjøl i fiskefôret, men det vart kutta ut på 90-talet på grunn av faren for å overføre kugalskap. Utan blodmjøl, og med mindre fiskemjøl i fôret, mista oppdrettslaksen ei viktig kjelde til histidin, og når laksen manglar nettopp histidin utviklar han lettare grå stær.

Histidin er ei essensiell aminosyre som er ein byggestein i protein, og denne viktige aminosyra kan i tillegg vere både antioksidant og osmolytt. Histidin kan difor både beskytte cellene og bevare vassbalansen i linsa, og det er dette som gjer at histidin kan beskytte mot grå stær.

Laksen kan berre få i seg histidin gjennom det han et, men ikkje alle råvarer har nok av dette næringsstoffet og difor tilset ein syntetisk histidin i fôret. NIFES- forskarane har tidlegare funne ut at laksen bør ha dobbelt så mykje histidin for å verne mot grå stær, som det laksen treng for å vekse. Dette gjeld særskilt rett etter at smolten har blitt sett ut i sjøen, og når temperaturen stig. Likevel klarer ein ikkje heilt å hindre grå stær.

– Det vi no har funne er dei underliggande årsakene til at laks lettare får grå stær om sommaren. Dette vil danne grunnlaget for vidare arbeid med å gjere fisken meir robust i møte med miljøendringar, seier Remø.

Referanse:

Remø, S.C., Hevrøy, E.M., Breck, O., Olsvik, P.A. og Waagbø, R. (2017): Lens metabolomic profiling as a tool to understand cataractogenesis in Atlantic salmon and rainbow trout reared at optimum and high temperature. Plos one. https://doi.org/10.1371/journal.pone.0175491

Powered by Labrador CMS