Den ukjende Austfronten

Austfronten og Balkan har vorte neglisjert i historieforskinga på første verdskrig. Om femten år vil dagens fokus på Vestfronten bli sett på med undring, meiner historieprofessor.

Publisert
Russiske styrkar på veg mot Austfronten i 1917. (Foto: Wikimedia Commons / National Geographic Magazine)
Russiske styrkar på veg mot Austfronten i 1917. (Foto: Wikimedia Commons / National Geographic Magazine)

Laurdag 28. juni var det nøyaktig hundre år sidan den 19 år gamle serbiske nasjonalisten Gavrilo Princip skaut og drap Franz Ferdinand, tronarvingen av keisardømet Austerrike-Ungarn.

Skota i Sarajevo markerte slutten på ein av dei lengste fredsperiodane i europeisk historie og er sett på som starten på første verdskrig, krigen som skulle ende all krig.

Rolf Hobson, professor i historie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) ved Universitetet i Bergen, fortel at attentatet var ein utløysande årsak til krigsutbrotet, men på ingen måte den viktigaste.

– Krigen ville mest sannsynleg ha kome uansett på grunn av nasjonalismen, imperialistiske rustningskappløp og eit destabilisert statssystem. Attentatet utløyste ei svært alvorleg krise som vart forsterka av at Tyskland og Austerrike-Ungarn utnytta det i eit breiare diplomatisk spel der dei bevisst risikerte ein europeisk storkrig, seier han.

– Dei følte at rustningskappløpet og serbisk og russisk nasjonalisme representerte eit trugsmål mot maktposisjonane deira.

Hobson arrangerte i vinter ei opa førelesingsrekke for å markere at det er hundre år sidan krigsutbrotet.

Vestfronten dominerer

Den første verdskrigen endra verda på mange måtar – politisk, geografisk, militært og teknologisk – og det er difor skrive enormt mykje om den. I samband med hundreårsmarkeringa kjem det hundrevis av nye bøker i tillegg til at det blir arrangert ei mengde forskarkonferansar verda rundt.

Historieskrivinga er, ifølgje Hobson, dominert av britar, franskmenn, tyskarar og nokre amerikanarar.

Forskingslitteraturen har difor vore konsentrert om Vestfronten, den industrialiserte krigføringa der, og stat og samfunn i Tyskland, Frankrike, Storbritannia, Austerrike-Ungarn og Italia.

– Austfronten veit vi altfor lite om, og då særleg om den samanhengande militariseringa av stat og samfunn i Russland som fann stad frå revolusjonen av 1905, gjennom krigen og borgarkrigen fra 1918 til 1921. Det er heilt openbart at denne militariseringa forma den totalitære eittpartistaten som bolsjevikane sette opp i 1921. Det som står att er å sjå på prosessane i detalj.

Grunnen til at det er slik, meiner Hobson, er fordi første verdskrig hamna i skugga av andre hendingar i russisk historie, og som følgje av dette har det vore få russiske historikarar som har studert krigen.

– Dei har meir enn nok av andre, tragiske periodar å undersøke, som revolusjonen, borgarkrigen, stalinismen, industrialiseringa og andre verdskrig.  

Språkbarrierar

Hobson trekk fram manglande språkkunnskaper som ein av grunnane til at ein lenge har neglisjert krigane på Austfronten og på Balkan, men meiner det som skal til for å overvinne slike hindringar er å utvikle transnasjonale forskingsprosjekt.

– Det er langt færre historikarar frå desse landa og som i tillegg er integrert i den internasjonale forskinga. Det blir samstundes stadig færre historikarar meistrar andre framandspråk enn engelsk. Mykje av det som står att av forsking om krigen er frå områda der kjeldene ikkje er på engelsk, tysk eller fransk.

Ein av grunnane til at vestlege historikarar dominerer er nemleg fordi dei har eit transnasjonalt fellesskap der dei samarbeider om konferansar og forsking og les kvarandre. For å bli sett på som ein seriøs historikar på feltet må ein kunne lese det som blir gitt ut på engelsk, tysk og fransk.

Synet vil endre seg

Hobson har trua på at synet på første verdskrig kjem til å endre seg dei neste åra. Forklaringane på og tolkingane av krigen har endra seg i tråd med tida dei er skrivne i.

– Forskingsinteresse er prega av samtida. Medan ein på 1950-, 60- og 70-talet såg på den russiske revolusjonen som den viktigaste varige følgja av krigen, var ein meir interessert i fenomena som utgjer total krig og samanhengane mellom første og andre verdskrig etter kommunismens fall.

– Om 15 år trur eg at vi vil vite mykje meir om Austfronten og om statane Russland, Polen og Austerrike-Ungarn under krigen og vi vil sjå tilbake med undring på dagens konsentrasjon om Vestfronten.