Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter - les mer.

Fra venstre: Danial Khan (18), Ana Maria Jimenez (18) og Vithusiya Vadivelu (18) har vore på speeddate med medelevane sine. – Å bli kjent med folk handlar om å forstå dei. Forstår ein kvarandre, blir det mindre rasisme, seier Jimenez. (Foto: Silje Pileberg)

Speeddating mot fordommar og diskriminering

– Skular sitt arbeid mot fordommar og diskriminering er ikkje det som det ein gong var, meiner professor Claudia Lenz.

Publisert

I år delast Benjaminprisen ut for 18. året på rad og alle norske barne-, ungdoms- og vidaregåande skular kan søkje. Prisen går til skular som utmerkar seg for sitt arbeid mot rasisme og diskriminering.

I 2018 gjekk prisen til Kuben videregående skole i Oslo. Her stiller elevane seg rett som det er på to rekker og blir kjende med kvarandre – på eitt minutt.

– Det høyrest litt rart ut, men det hjelper! Vi er så ofte i grupper med dei vi kjenner. På speeddate blir vi tvinga til å snakke med dei vi ikkje kjenner også, seier Vithusiya Vadivelu (18).

– Skular tenkjer breiare enn før

Professor Claudia Lenz ved MF vitenskapelig høyskole forskar på førebygging av fordommar og gruppefiendskap. Ho meiner at norske skular i dag tenkjer annleis om antidiskrimineringsarbeid enn før.

– Når ein ser på dei skulane som har fått Benjaminprisen sidan 2002, ser ein at arbeidet mot diskriminering stadig endrast. Det blir påverka av hendingar og diskusjonar i samtida, seier ho og held fram:

– Skulane jobbar også breiare. Det har blitt færre internasjonale festar og feiringar av kulturelt mangfald. Arbeidet mot fordommar og diskriminering skjer no på mange plan.

Det kan starte med ein date

Ein speeddate kan for eksempel vere ein start på noko større, meiner Claudia Lenz.

– Du får etablert ein første kontakt. Du har helst på nokon, og neste gong kan du seie takk for sist. Når dette blir utgangspunkt for noko meir, gjer det det mindre sannsynleg at du byggjer fordommar mot ein person.

Elevane Danial Khan (18), Ana Maria Jimenez (18) og Vithusiya Vadivelu (18) er samde.

– Å bli kjent med folk handlar om å forstå dei. Forstår ein kvarandre, blir det mindre rasisme, seier Jimenez.

Benjaminprisen

Benjaminprisen deles ut hvert år til en skole som arbeider godt mot rasisme og diskriminering.

Prisen bærer navnet til Benjamin Hermansen som ble drept på Holmlia i 2001. Drapet på ham var rasistisk motivert.

Prisutdelingen finner sted i tilknytning til den årlige markeringen av den internasjonale Holocaustdagen i januar.

Kunnskapsministeren overrekker prisen, og vinnerskolen får en sum på 250 000 kroner.

Lenke til søknadsside

– Lærarane bryr seg om oss

Kuben videregående skole ligg på Økern i Oslo og er Oslos største og mest mangfaldige skule. Mangfaldet sjåast både i etnisitet, interesser og geografi. Skulen har ni ulike utdanningsprogram og elevane kjem frå heile byen, mange for å ta yrkesfagleg utdanning.

Speeddate i Klassens time er eitt av mange initiativ som skal motverke fordommar og diskriminering. Khan, Jimenez og Vadivelu fortel at dei også opplever at skulens tilsette er oppriktig interesserte i korleis dei har det.

– Lærarane bruker å ha samtalar med oss, dei spør oss om vi har det bra. Viss vi for eksempel er redde for å snakke framfor klassa kan vi ta det opp med dei, fortel Vadivelu.

– Dessutan er det ikkje slik at dei berre bryr seg viss vi er lei oss. Viss du ler kjempemasse kjem dei også og spør oss kva som skjer, legg Jimenez til.

Har tilsett erfaringskonsulentar

Rektor Kjell Ove Hauge fortel at skulen har nedfelt respekt, ansvar og omsorg som viktige verdiar.

– Dette går igjen både i styringsdokument og på veggane i klasseromma, der elevane sjølve har skrive ned kva det skal bety for kvardagen på skulen, fortel han.

Alle dei rundt 250 tilsette har blitt kjende med verdiane gjennom opplæring og arbeidsgrupper. Skulen har også tilsett såkalla erfaringskonsulentar, som sjølve har erfaringar frå miljø elevar er med i og derfor blir verdifulle kontaktpunkt og rådgjevarar.

– Vi legg vekt på at vi som jobbar på skulen skal vere synlege. Det skal vere lett for elevane å finne nokon å snakke med ved behov.

– Benjaminprisen heng høgt, og å få han var ein stor inspirasjon til å halde fram arbeidet vårt, fortel rektor Kjell Olav Hauge ved Kuben videregående skole i Oslo. (Foto: Silje Pileberg)

Skular som søkjer må ikkje vere fleirkulturelle

I løpet av 17 år har skular over heile landet fått Benjaminprisen: frå Mandal videregående skole i sør til Sjøvegan videregående skole i nord. Prisen er oppkalla etter Benjamin Hermansen som vart drepen av nynazistar då han var 15 år. Benjamins mor, Marit Hermansen, var med i juryen fram til ho døydde tidlegare i år.

Formidlar Kristin Borgenheim ved HL-senteret oppmodar skular i heile landet til å søkje.

– Alle skular som jobbar mot rasisme og diskriminering vil bli vurderte, seier ho og understreker at skulane ikkje treng å vere fleirkulturelle.

– Det kan vere vel så viktig å jobbe med gode haldningar og mot rasisme på skular med få eller ingen fleirkulturelle elevar. Dessutan er det fleire skular som har minoritetar som dei ikkje tenkjer over, seier Borgenheim.

Referansar:

Claudia Lenz mfl.: Tiltak mot hatefulle ytringer: Kunnskaps- og tiltaksoversikt, rapport fra HL-senteret, 2018.

Emma Arneback og Jan Jämte: Att motverka rasism i förskolan och skolan, Natur & Kultur Akademisk, 2017. (Sammendrag)

Powered by Labrador CMS