Vikingar stal britisk bispestav

Tjuvegodset fekk nytt liv som smykke bore av ei vikingkvinne som tok det med seg til grava. Dette kan ha redda ein av dei eldste britiske bispestavane, ifølgje forskar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Gravfunna som gullbiten frå den britiske bispestaven samt relikvieskrinet gjort i Grytten i 1961, vert sett på som veldig viktige funn gjort på norsk jord i moderne tid. (Foto: Åge Hojem/NTNU Vitenskapsmuseet)

Forsking gjort ved University College Cork i Irland viser oppsiktsvekkande detaljar om funn frå ei norsk vikinggrav.

Eit objekt i gull som vart funne i ei vikinggrav i Grytten på Møre i 1961, skal ifølgje ein irsk forskar stamme frå Nord-England. Opphavleg skal det ha vore ein del av pynten på ein bispestav.

Del av bispestav

I høve Skandinavia-turneen hans, var doktor i arkeologi, Griffin Murray frå Irland på snarvisitt innom Vitenskapsmuseet på NTNU i mars for å ta gravfunna i nærare augesyn.

Som resultat av vitjinga hans, kom det nye fakta på bordet om bispestavane, korleis dei såg ut og korleis vikingane plyndra dei med seg.

– Denne biten har vore ein del av pynten på midten av ein bispestav, eller ein crozier, frå seint 700-tal, eller byrjinga av 800.

– Mest truleg kjem han frå Nord-England, og ikkje Irland som ein først trudde. Dekorasjonen liknar ikkje det irske, fortel Murray som har spora opp heilage objekt som vart gjort om til smykke av vikingar i skandinaviske land.

Ein av dei eldste

Den irske forskaren bidreg med funna sine i eit intensivt forskingsprogram om irske skattar.

Han har undersøkt fleire fragment av gamle irske og engelske bispestavar, og meiner crozier-funnet til Vitenskapsmuseet er viktig for å forstå korleis bispestavane såg ut i den tidlegaste perioden.

– Det mest påfallande med dette objektet, er tidsepoken det er frå. Dette er det eldste engelske fragmentet som er kjent, og det einaste frå før år 1000. Hadde ikkje norske vikingar stole den, ville han mest truleg gått tapt, seier Murray om bispestav-biten.

Vaskekte vikingplyndring

Gullbiten vart funne i ei vikinggrav på ein av Setnesgardane i Grytten på 1960-talet, og seinare flytta til Vitenskapsmuseet. Samlingsansvarleg for arkeologi, Jon Anders Risvaag, fortel at det var givande å ha den irske forskaren på vitjing.

– Murray er ein av dei fremste ekspertane på området, og vi fekk ny og spanande kunnskap om vikingfunna som det er viktig å bringe vidare, seier han.

Om ikkje norske vikingar hadde stole den britiske bispestaven, ville han mest truleg gått tapt. (Foto: Åge Hojem/NTNU Vitenskapsmuseet)

Risvaag meiner det er interessant å få fastslått når objekta til Vitenskapsmuseet stammar frå, og at dei faktisk er resultat frå vaskekte vikingplyndring.

– Det viser rett og slett at vikingane segla ned til dei britiske øyer med sverd og øks i handa og rana bispestavar og andre objekt frå dei, seier han.

Kan ha blitt redda

Risvaag meiner at bispestav-objekta kan ha blitt redda av vikingane sitt plyndringstokt, og viser til at dei fleste bispestavane som vart verande på dei britiske øyene, vart smelta om.

– I Noreg og i andre skandinaviske land gjekk desse ned som gravgods, difor er det også her ein finn dei finaste objekta. Ein tradisjon som truleg har redda ein av dei eldste bispestavane me kjenner til i dag, seier Risvaag.

Ifølgje Murray Dei tidlegaste raida på kyrkjene fann stad frå like før år 800, og heldt fram med ”bestemt intensitet” i heile det niande århundret.

Han meiner at vikingane hadde kyrkjene som mål, ikkje berre fordi dei var senter for rikdom, men fordi dei var forsvarslause og uvæpna.

– Då dei norske vikingane segla til Irland og dei britiske øyene, hadde dei som mål å stele med seg verdifulle ting. Kloster og kyrkjer var opplagte og mjuke mål, for vikingane var heidningar og hadde ikkje noko forhold til bispetradisjon eller ei religiøs overtyding, seier den irske forskaren.

Gjort om til smykke

Doktor i arkeologi, Griffin Murray, undersøkte gravfunna då han var på snarvisitt på Vitenskapsmuseet i mars i år. (Foto: Åge Hojem/NTNU Vitenskapsmuseet)

Sidan ein ikkje hadde biskopar eller kristendom i Noreg på 800-talet, vart bruksendringa til ransobjektet radikal.

– Biten frå bispestaven vart delt i to og nytta som pynt. Vi har berre halve delen her, og vi veit ikkje kor den andre halvparten er. Denne biten har truleg vorte nytta som ei slags utsmykking på drakta, eller som smykke bore av ei velståande kvinne, seier Risvaag.

Dei til saman rundt 60 overlevande fragmenta frå bispestavane som er funne, vil doktor Murray organisere og samle i ein katalog.

Grava til rik vikingkvinne

I den same gravhaugen på Møre vart det også gjort fleire funn av fine gjenstandar i tillegg til gullbiten frå bispestaven. Også ei vekt, myntar og perler samt eit relikvieskrin låg i grava, som Risvaag trur tilhøyrde ei rik kvinne.

Eit relikvieskrin er ein behaldar for relikviane frå ein kristen helgen, frå ein gjenstand med tilknyting til Jesus. Relikvieskrina vart ofte forma som ein bygning, helst ei kyrkje, og var dekka med steinar, edelmetall og emalje.

– Dette er eit flott skrin i massivt tre dekka av tinn. Mest truleg har det vore fleire smykkedetaljar på skrinet som har vorte brotne vekk, men skrinet har likevel inngått som ein fin dyrebar gjenstand frå ein eigedom med høg status på Vestlandet.

– Det var nok ei velståande vikingkvinne med høg status som låg i denne grava og som fekk skrinet og gullbiten som gåve frå ein viking på røvartokt i Storbritannia, seier han.

Høyrer til Noreg

Irske aviser har følgt opp Murray si forsking, og har spekulert i om Irland kan krevje å få objekta utlevert. Dette vil ifølgje Risvaag ikkje vere aktuelt.

– Desse objekta har lege i jorda sidan vikingtida. Alt ein grev opp i dag som er eldre enn reformasjonen i 1537 er staten sin eigedom.

– Om materialet hadde vorte ført inn ulovleg til Noreg i dag, ville det derimot vorte tilbakeført til landet det opphavleg kom frå, forklarar han.

Powered by Labrador CMS