Bli med på ei reise gjennom blod, sveitte og tårer - og 50 andre kroppsvæsker. (Bokomslag: Det Norske Samlaget)

Åsmund Eikenes har skrive bok om kroppsvæsker

Biolog og forskingsformidlar Åsmund Husabø Eikenes fortel om donering av beinmerg til forsking og spyttar i eit plastrøyr for å leite etter spor av neandertalarane.

Åsmund Husabø Eikenes. (Foto: Tove K. Breistein)

I Sprut møter du mellom andre ein hjerneforskar, ein urolog og ein kokk. Dei deler historier og eigne erfaringar, som saman med det siste frå forskingsverda gir deg oppsiktsvekkjande, ny kunnskap om kroppsvæskene: Vatnet i hjernen vaskar bort søppel medan du søv. Slimet i livmorhalsen hjelper friske sædceller å nå fram til egget. Ørsmå dropar av snørr kan sveve i lufta i heile ti minutt etter eit kraftig nys. Blodet til unge personar inneheld kanskje ei kjelde til evig liv.

– Lesarane vil få innblikk i korleis ny kunnskap blir til. Ein drope av ei kroppsvæske kan redde liv, og for å få det til treng vi at dyktige forskarar arbeider med nye og komplekse løysingar. I SPRUT får lesarane møte ein handfull slike personar rundt om i heile Noreg, seier Eikenes sjølv.

Han meiner boka representerer noko nytt innan norsk populærvitskap.

– Eg har nytta både erfaringa som forskar og som journalist for å skrive boka, og tar lesarane tett på spektakulære oppdagingar om kroppsvæskene. Eg skriv til dømes om korleis det er å donere min eigen beinmarg til ei forskargruppe på NTNU slik at dei kan finne betre behandling for beinmargskreft, seier han.

Åsmund H. Eikenes (f. 1986) har ein doktorgrad frå Senter for kreftbiomedisin ved Universitetet i Oslo og er forskingsformidlar. Eikenes er frå Leikanger i Sogn, men bur i Oslo.

Powered by Labrador CMS