- Mors kjøttkaker verre enn eksos

Psykolog vil gje oss spesialtilpassa nett-terapi for å få oss til å ete mindre raudt kjøtt.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Det er verre for miljøet at vi eter biff enn at vi køyrer bil. Og no bekreftar ein ny studie frå NTNU at nordmenn elskar kjøttpålegg, pølser og kjøttkaker. I norske heimar er foredla kjøttprodukt på middagsbordet heile to–tre gonger i veka.

Lågkarbodietten med bacon til frukost og skinke til kveldsmat fører òg til at kjøttforbruket i Noreg stadig går oppover.

Sidan 1982 har nordmenn dobla forbruket av kjøtt. I fjor åt vi 77 kilo kjøtt kvar. Verdsgjennomsnittet er 45–50 kilo.

No arbeider forskarar frå NTNU saman med ekspertar frå Tyskland, Nederland og USA for å få nordmenn til å ete mindre av det raude kjøttet.

Stort kjøttpress i Noreg

– Poenget er ikkje at nordmenn skal slutte å ete kjøttkaker og bli vegetarianarar. Men vi ønskjer eit kosthald meir i pakt med naturen, helsa og all svolten som finst i verda, seier Sunita Prugsamatz.

Ho er postdoktorstipendiat ved Psykologisk institutt, NTNU, og den som driv det internasjonale prosjektet på heiltid. Prugsamatz kjem frå Australia, og var vegetarianar i mange år før ho flytta til Noreg.

– Men så trefte eg ein ung, norsk mann som i likskap med nordmenn flest elskar å ete kjøtt. Etter at eg flytta til Noreg, kjende eg eit stort sosialt press om å ete kjøtt. Viss ein er invitert på middag, og ikkje vil ete kjøttmaten som blir tilbode, blir det nesten oppfatta som uhøfleg.

– Det er òg lite vegetarmat på norske restaurantar. Då får folk heller ikkje høve til å prøve slik mat, seier Prugsamatz.

No har ho, i samarbeid med kollegaen Christian Klöckner, bygd opp eit online diagnoseverktøy for å sjå om skreddarsydd informasjon og støtte over nettet kan hjelpe nordmenn til å ete mindre kjøtt.

Fire slags folk

I eit pilotprosjekt deltok 82 norske menn og kvinner i ei nettundersøking.

Dei svarte på ulike spørsmål knytt til forbruk av og haldningar til kjøtt, og på spørsmål som synte kva for kunnskap dei hadde om konsekvensane av å ete mykje kjøtt – og om dei kunne vere interesserte i å endre kosthaldet.

Alt etter svara som vart gitt, delte forskaren dei i fire grupper:

  1. Dei som var tilfredse med kjøttforbruket sitt, og ikkje såg nokon grunn til å endre på det.
  2. Dei som var fornøgde med forbruket sitt, men likevel såg at det kunne vere grunnar til å redusere det.
  3. Dei som såg ein grunn til å redusere, men som ikkje heilt visste kva for grep dei skulle ta.
  4. Og dei som allereie visste kvifor forbruket burde ned, og som hadde tatt nokre grep for å gjere endringar.

Med så ulike utgangspunkt er det grunn til å tru at «one size fits all»-tenking ikkje duger.

Skreddarsydd informasjon

I tidlegare kampanjar for redusert kjøttforbruk har det blitt gitt lik informasjon til alle deltakarane. Dette har ført til liten endring i kosthaldet.

No ønskjer forskarane å sjå om skreddarsydd informasjon er det som skal til. Resultata frå pilotstudien tyder på det.

Studien omfatta også ei spesialdesigna nettside der deltakarene kunne gå inn hente informasjon. Det viste seg at dei ulike gruppene var interessert i ulike delar av nettsida, og at ikkje all informasjon var like relevant for alle.

– Det er stor skilnad på informasjonsbehovet hos ein person som ikkje veit at kjøttproduksjon har konsekvensar for helse og miljø, og ein person som har stor kunnskap om dette, men som ikkje har gjort nokre konkrete forandringar, seier Prugsamatz.

Neste trinn i prosjektet er ein stor studie som vil omfatte 17 000 nordmenn.

Målet er at prosjektet blant anna skal føre til endringar i korleis staten informerer nordmenn om mat.

Og middelet skal vere ei nettside der du eller eg kan gå inn og hente akkurat den informasjonen vi treng, avhengig av kven vi er og korleis vi tenker og handlar. Ein slags skreddarsydd nett-terapi for deg og meg.

Kylling beste kjøtt for miljøet

– Vi trur at styresmaktene må bruke ein del pengar på å lære opp folk til å ete annleis. Det blir i dag brukt 89 millionar statlege kroner på norske opplysingskampanjar om kjøtt.

– Nokre av desse pengane kan heller brukast til å fortelje at det er like mykje protein i kikerter som i kjøtt. Og at det tek hardare på miljøet at vi eter biff enn at vi køyrer bil, seier Prugsamatz.

Eitt kilo biff produserer nemleg like mykje CO2 som ti mil med bilkøyring. Det har fleire årsaker: Oksen bruker lang tid på å vekse seg stor nok til å kunne slaktast, og han lagar mykje metangass for å fordøye maten.

Det blir òg kravd mykje energi for å ta vare på dyret, ikkje minst om vinteren. Og viss kjøttet skal foredlast maskinelt til kjøttkaker, aukar utsleppa av CO2 endå meir. Det har difor stor tyding for miljøet om vi nøyer oss med ein hundregrams biff, framfor ein kvartkilos.

Både gris og spesielt kylling er langt betre for miljøet. Desse dyra slepp ut mindre metangass ved fordøyelse av maten, og veks seg slakteferdige fortare.

Pilotstudien synte at nordmenn flest ikkje er vidare interesserte i å bli vegetarianarar. Då er det lettare å få dei til å ete litt mindre raudt kjøtt, og litt meir av eit anna slags kjøtt.

– I Tyskland kan folk kjøpe kjøttdeig som er halvparten kylling og halvparten okse. Slike produkt gjer det lettare å velje miljøvennleg, seier Sunita Prugsamatz.

Powered by Labrador CMS