Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Synne Groufh-Jacobsen er overraska over at dei som held seg til plantebaserte diettar et lite frukt, grønt og fullkorn. Ho tar doktorgraden på tema.

Vegetarianarar et ikkje nok frukt og grønt

Halvparten av dei som følgjer ein plantebasert diett, et mindre fullkorn, frukt og grønsaker enn styresmaktene anbefaler.

Publisert

Det viser ei ny undersøking om matvanar blant 808 deltakarar som held seg til plantebaserte diettar.

– Berre halvparten av deltakarane i vår studie rapporterte at dei et frukt kvar dag. 75 prosent svarte at dei et grønsaker kvar dag, og 25 prosent svarte at dei et produkt med fullkorn dagleg, seier Synne Groufh-Jacobsen.

Ho er doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Agder (UiA), Institutt for ernæring og folkehelse, og har gjennomført studien i samarbeid med forskarar frå OsloMet.

– Studien konkluderer med at dei som har delteke i spørjeundersøkinga, et mindre frukt, grønsaker og fullkornprodukt, og kan hende får i seg meir sukker enn det som er anbefalt i norske kosthaldsråd, seier forskaren.

En liten del av utvalet ser ut til å få i seg meir sukker enn anbefalt. Halvparten rapporterer at dei et søtsaker og salthaldig snacks kvar veke. 10 prosent rapporterte dagleg konsum av drikke med sukker.

­– Funna overraskar oss, og det er behov for å følgje opp med nye studiar, seier Groufh-Jacobsen.

Ho legg til at det er viktig å minne om at det er brei semje blant fagfolka om at eit vegetarisk kosthald er tilstrekkeleg i alle fasar av livet, men det forutset at kosthaldet dekker dei behova kroppen har for næringsrik mat.

Motivert av helse og klima

Den nye studien er gjennomført som ei spørjeundersøking via nettet. Blant deltakarane var 530 kvinner og 278 menn. Dei har rapport om kosthaldsvanar, eiga helse og motivasjonen for å følgje plantebaserte diettar.

– Klimaomsyn, helse og dyrevelferd viser seg å vere dei viktigaste motivasjonsfaktorane for å følgje ein plantebasert diett, seier forskaren.

71 prosent seier klimaomsyn er viktigast, mens 64 prosent peiker på helse. 49 prosent seier at dyrevelferd er viktigast.

75 prosent av dei spurte rapporterer at dei opplever eiga helse som god eller veldig god.

For lite jod i kosthaldet

Få av deltakarane rapporterer om kjennskap til næringsmangel eller andre negative helsetilstandar. Groufh-Jacobsen minner om at det er ein svakheit med denne studien at han ikkje har målt om deltakarane faktisk har næringsmanglar. Det som oftast vert rapportert, er mangel på vitamin B12, jern og vitamin D.

Ho har i ein tidlegare studie rapportert at norske veganarar og vegetarianarar har ein risiko for jod-mangel, men understrekar at det er ei utfordring som ein òg ser i resten av befolkninga.

– Mjølk og meieriprodukt, og kvit fisk og egg er hovudkjeldene for jod i det norske kosthaldet. Dei som utelet dei matvarene er spesielt utsette for jod-mangel, seier ho,

Personar med restriktive diettar kan også vere utsette for B12-mangel og jernmangel. I den tidlegare studien, fann ho hovudsakleg tilstrekkeleg jernstatus hos personar med vegansk og vegetarisk kosthald.

– I vår nye studie rapporterer berre 10 prosent av deltakarane at dei bruker jod-tilskot. Det kan tyde på at våre deltakarar får i seg for lite jod, spesielt veganarar som utelet alle dei viktigsta jod-kjeldene i kosten, seier Groufh-Jacobsen.

Viktig med kosttilskot

I underkant av halvparten i denne studien rapporterte dagleg bruk av kosttilskot. Det synest ho er litt lite.

­– For nokon av dei som utelet mange matvaregrupper frå kosthaldet kan det vere viktig med kosttilskot i form av vitamin og mineral for å unngå næringsmangel. Samtidig er det viktig å ikkje ukritisk bruke kosttilskot, seier ho.

Ho minner om at meir plantebasert mat i kosthaldet vert tilrådd av styresmaktene, og at det er brei semje om at det er sunn mat.

– Men kosthaldet må være variert. Etter det vi finn i vår undersøking, er det viktig å gjere nye undersøkingar om personar som har eit plantebasert kosthald har den kunnskapen og dei ferdigheitene dei treng for å setje saman eit tilstrekkeleg samansett kosthald, seier forskaren.

Ho minner om at undersøkinga er basert på sjølvrapportering frå dei som et plantebasert, og at studien ikkje har samanlikna funna med ei kontrollgruppe som har følgt ein annan type diett.

– Det inneber at ein må følgje opp med nye studiar, seier Groufh-Jacobsen.

Ho skal sjølv følgje opp dette sporet i doktorgradsavhandlinga si. Avhandlinga dreiar seg om matvanar, ernæring og ernæringskompetanse blant unge med eit plantebasert kosthald samanlikna med ei gruppe som ikkje har det. Ho skal også undersøke motivasjon og eventuelle hindringar for å ha eit meir plantebasert kosthald.

Referansar:

Synne Groufh-Jacobsen mfl: Dietary Habits and Self-Reported Health Measures Among Norwegian Adults Adhering to Plant-Based Diets. Front. Nutr., 2022.

Synne Groufh-Jacobsen mfl: Vegans, Vegetarians and Pescatarians Are at Risk of Iodine Deficiency in Norway. Nutrients, 2020.

Plantebaserte diettar

Dei 808 deltakarane svarte at dei forhold seg til ein av desse plantebaserte diettane:

• Vegansk diett som utelet all animalsk mat

• Lakto-ovo vegetarisk diett som utelet kjøt og kjøtprodukt, fisk og skaldyr, men inkluderer mjølk eller meieriprodukt og egg i varierande grad

• Pescatariansk diett som utelet kjøt og kjøtprodukt, men inkluderer fisk eller skaldyr, mjølk eller meieriprodukt og egg i varierande grad

• Fleksitariansk diett som forsøker å redusere forbruket av animalsk mat

Powered by Labrador CMS