– Treng ikkje lokale talent

Marknaden fungerer utruleg effektivt i fotballen, meiner den britiske økonomiprofessoren Stefan Szymanski. – Økonomisk sett er det derfor ingen grunn til å investere i lokale spelarar når ein er med i ein global marknad, hevdar han. 

Publisert

Som i Noreg er britane opptekne av å rekruttere spelarar til sin øvste fotballdivisjon.

Tippeligaen blir med jamne mellomrom skulda for å vere fylt opp med halvmotiverte og overbetalte utlendingar som fortrengjer norske talent frå plassane. Den same problemstillinga blir stadig debattert i England.

Forskjellen er at Premier League-klubbane kan velje og vrake på den aller øvste hylla i spelarmarknaden.

Professor Stefan Szymanski har skrive mykje om fotball og økonomi, mellom anna boka “Soccernomics”.

Han har sett på kvar i England Premier League-spelarane kjem frå, kva klubbar dei endar opp i, og om det har noko å seie for eit lag at dei har lokale spelarar.

– 21 prosent spelte i det countyet dei var fødde i, og 35 prosent i same regionen. Ein skulle kanskje tru at vingar og spissar ville vere meir mobile, sidan dei ofte er mest ettertrakta, men slik er det ikkje.

– Det er ingen forskjellar mellom spelarposisjonane.

Fotballinteresse

– Men det er mest sannsynleg at spelaren startar karrieren lokalt. Eit interessant poeng er at dersom du speler i ein region med stor fotballinteresse, er det meir sannsynleg at du får ein lang karriere, seier Szymanski.

Dei dårlegaste byene til å produsere spelarar er Nottingham, Swindon og Wolverhampton. Men det har eigentleg ingenting å seie.

– Kor mange lokale spelarar ein har, betyr ingenting for kvar ein hamnar på tabellen. Lønnsposisjonen til klubben speler derimot ei stor rolle.

– Dess meir du bruker over gjennomsnittet, dess høgare opp på tabellen kjem du. Ansienniteten til manageren er ein annan faktor som verkar inn, hevdar Szymanski.

Perfekt arbeidsmarknad

Det er veldig få andre arbeidsmarknader der ein kvar veke får oppdateringar på produktiviteten til dei tilsette, slik ein får gjennom spelarbørsar, toppscorar- og poengstatistikkar og anna.

Ifølgje Szymanski er spelarmarknaden nærmast ein perfekt arbeidsmarknad.

– Dersom ein spelar overpresterer, må du gi han høgare lønn, elles forsvinn han til ein annan klubb. Marknaden fungerer utruleg effektivt i fotballen.

– Reint økonomisk er det derfor ingen grunn til å investere i lokale spelarar når ein er med i ein global marknad, konkluderer han.

Bakgrunn:

I vår var professor Stefan Szymanski på besøk ved NHH, eit fagseminar som Institutt for samfunnsøkonomi arrangerte i høve 60-årsdagen til professor Roger Bivand.