Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Hender som holder en tampong og et bind.
I dag er handtering av menstruasjonen ein milliardindustri.

For 100 år sidan var det tabu å snakka om kvifor kvinner blør

Menstruasjon har gått frå å bli sett på som ein sjukdom til å bli ein del av kampen om kvinnehelse – og ein industri verd milliardar av kroner.

– Lenge vart menstruasjon sett på som ein sjukdom. Det var først i 1940-åra det vart mindre skamfullt. Men framleis var det radikalt å seia at ein kunne jobba og gå på skule når ein hadde menstruasjon, seier Camilla Mørk Røstvik.

Røstvik er forskar ved Institutt for religion, filosofi og historie på Universitetet i Agder (UiA).

Fabrikkane som lagar bind og tampongar

I ei ny bok dykkar ho ned i 100 år med bedriftshistorie. Ho har gått gjennom arkiv hos fabrikkane som lagar bind og tampongar.

Der har ho studert historia til Saba i Noreg, Essity i Sverige, Tambrands i dåverande Sovjetunionen, Procter & Gamle i Storbritannia og Europa, Kimberly-Clark i Nord-Amerika og dei nyare bedriftene Thinks frå USA og Clue frå Danmark.

Der ser ho korleis leiarane av dei store bedriftene har påverka korleis vi ser på menstruasjonen. Dei har hovudsakleg vore menn.

Portrett av forskar Camilla Mørk Røstvik
Forskar Camilla Mørk Røstvik har dykka ned i 100 år med historie om korleis samfunnet ser på menstruasjon.

– «Om du bruker produkta våre så vil du kjenna deg bra», var noko dei reklamerte med. Dei fremmar at du skal vera ung, rein, tiltrekkjande og helst kvit. Du skal også vera aktiv, gjerne på ski og skøyter, seier Røstvik.

Blod passa ikkje inn i marknadsføringa

Før krigen pleidde fleire kvinner i Noreg å strikka sine eigne bind for å kunna gjenbruka dei. Sidan blod er vanskeleg å få bort, var det mykje arbeid å vaska for hand.

På 1920-talet skulle det endeleg bli enklare. Amerikanske bedrifter introduserte ideen om heller å kjøpa og kasta bind. I Noreg starta Saba produksjon av bruk-og-kast bind etter krigen.

– Det var deira sjanse til å tena pengar på noko som eigentleg var hemmeleg å snakka om i samfunnet. Bedrifter fekk kundar på å vise korleis kvinner skulle trena, eta og sjå best ut under menstruasjonssyklusen. Då passa ikkje blod inn, seier forskaren.

Saba blei eit symbol

Røstvik påpeikar at sidan menstruasjon var så tabubelagt å snakka om, var det å selja kvinnelege produkt ein slags aktivisme i seg sjølv. Det gjorde at feministar på 1970-talet stilte spørsmål ved produkta.

Bind med blod
Bedrifter fekk kundar på å vise korleis kvinner skulle trena, eta og sjå best ut under menstruasjonssyklusen. Då passa ikkje blod inn.

– Det er første gong norske aktivistar gjer opprør og set spørsmålsteikn ved produkta. Kva er det eigentleg i dei? Kvifor kostar produkta så mykje? Kvifor skal ein pynta på sanninga om korleis det er å ha menstruasjon?

Fram til 1990-talet hadde Saba eit uoffisielt monopol i Noreg. Det vart seinare overteke av merket Essity.

Saba vart etter kvart eit symbol for nordmenn på at det faktisk var mogleg å snakka om bind, blod og menstruasjon.

Kvinner tek over

I dag er handtering av menstruasjonen ein milliardindustri. Ifølge ein rapport frå Markets and Markets er det forventa at marknaden når 27,7 milliardar dollar innan 2025.

Tidlegare var det vanleg at menn dominerte bedrifter som produserte bind. Røstvik seier at det dei siste åra har vore ein tendens til at fleire kvinner startar bedrifter innan dette feltet.

– Den nye gründerkulturen kjem med den same kritikken som feministane. Der dominerer kvinner med produkt som menskoppen og undertøy til gjenbruk. Dei er lei av dei store bedriftene som ikkje utviklar seg og uvissa rundt innhaldet i sanitærprodukta, seier forskaren.

Trur at dei skal døy

I dag bognar marknaden med betre og fleire produkt. Eit hav av appar hjelper deg under syklusen. Og land som Kenya og Skottland gir gratis bind og tampongar til befolkninga.

Sjølv om vi har komme langt, ser Røstvik at problema knytt til kvinnehelse ikkje er bra nok.

– Produkta har gjort det lettare å vera aktiv utan å blø gjennom kleda. Men utfordringar knytt til mensen har aldri fått særleg merksemd. Kva er eigentleg normal smerte under menstruasjon? Og kvar går grensa til at ein kanskje har ein diagnose som endometriose?

Endometriose er ein kvinnesjukdom der vev som liknar livmorhinna, veks utanfor livmorhòla. Dette gir kraftige smerter under menstruasjon og kan gjera det vanskeleg å bli gravid, ifølge Helsenorge.no.

Utan god nok kunnskap viser fleire studiar at menstruasjon kan bli ei traumatisk oppleving.

– Ifølge ei norsk undersøking stadfestar generasjonen frå 1890 til 1920 minne om at dei trudde dei skulle døy då dei fekk mensen for første gong. Og dette skjer framleis. Vi treng endå betre undervisning og eit klart språk om at menstruasjon er blod, seier Røstvik.

Om forskaren

Camilla Mørk Røstvik er førsteamanuensis i historie ved UiA. Ho er leiar for Menstruation Research Network i Storbritannia og er ein del av den nyoppretta forskingsgruppa Menstruation Studies i Skandinavia.

Referansar:

Camilla Mørk Røstvik: Cash Flow: The Businesses of Menstruation. UCL Press, 2022. Samandrag. Gratis for nedlasting.

Camilla Mørk Røstvik: «Vi hadde ikke menstruasjon, vi hadde ‘vondt i maven’» Norske menstruasjonsopplevelser fra 1900-tallet. Tidsskrift for kjønnsforskning, 2018. Doi.org/10.18261/issn.1891-1781-2018-04-02

Powered by Labrador CMS