Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
– Mange meiner at seksuelle overgrep er noko av det verste ein kan gjera, seier Kristian Mjåland.(Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB)
Fengselsbetjentstudentane vart meir fordomsfulle gjennom studiane
Dei har eit meir stereotypt syn på personar som er dømde for seksuallovbrotsverk etter at dei er ferdig utdanna. Det kan gjera rehabiliteringa mindre effektiv.
Stadig fleire innsette i norske fengsel sonar straffer for seksualbrotsverk. Dei siste femten åra har talet dobla seg.
I dag er i overkant av 20 prosent av dei som sit i fengsel, dømde for slike lovbrot. I nokre regionar er det snakk om kvar tredje fange.
– Dette er kanskje hatgruppe nummer éin i samfunnet. Mange meiner at seksuelle overgrep er noko av det verste ein kan gjera, og det er ein veldig sterk moralsk fordømming av særleg menn som gjer denne typen lovbrot.
Det seier forskar Kristian Mjåland på Universitetet i Agder. Han har i fleire år forska på norske fengsel.
For ei tid tilbake ønskte han og kollegaene å finna ut korleis dei som studerte til å bli fengselsbetjentar såg på dei innsette som er dømt for seksuelle overgrep.
Stereotypiar om overgriparar
Det finst mange negative stereotypiar av denne gruppa innsette. Dei blir ofte sett på som sosialt isolerte menneske som ikkje klarer å ha naturlege relasjonar til andre vaksne.
Den stereotypiske overgriparen er besett av sex, bruker lang tid på å planlegga lovbrot, og har høg risiko for tilbakefall. Fleire av desse stereotypane er likevel berre fordommar.
– Når det er ei så stor gruppe i norske fengsel som er dømde for seksuallovbrot, er det eit dårleg utgangspunkt om dei blir møtte med fordommar og moralsk fordømming. Tidlegare forsking har vist at vilkåra for rehabilitering er dårlegare om han som sonar straffa, føler at han blir møtt på ein fordømmande måte, seier Mjåland.
Forskarane tok utgangspunkt i studentane ved Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga, som er den einaste høgare utdanninga for fengselsbetjentar i Noreg.
Ved å stilla dei same spørsmåla til studentane på starten og på slutten av utdanninga, ville forskarane sjå om haldningane deira endra seg i løpet av studieløpet.
Det dei fann var overraskande.
Nedst i hierarkiet
Resultata tyder på at studentane fekk noko meir stereotype oppfatningar om seksualforbrytarar i løpet av utdanninga. Dette gjekk imot det forskarane på førehand hadde trudd.
Mjåland har ein teori om korleis funnet kan tolkast. Mange som er dømde for overgrep sonar side om side med andre innsette i norske fengsel. Samtidig er denne gruppa svært lite populære i fangehierarkiet.
For å unngå vald og truslar prøver mange som sonar for denne typen lovbrot, å tiltrekkja seg så lite merksemd som mogleg.
– Dei isolerer seg, går ikkje like mykje ut i luftegarden og held seg for seg sjølv i fellesareala. Når fengselsbetjentstudentane kjem ut i praksis, så ser dei mønsteret dei hadde venta seg: Menn som held for seg sjølv og som lever veldig tilbaketrekt, seier Mjåland.
Det er med andre ord ikkje sikkert at denne gruppa innsette er sosiale einstøingar, men at dette er ein tilpassingsstrategi for å halda ut soninga.
Annonse
Lite tilbakefall
Studentane hadde òg ei oppfatning av at dei som er dømde for seksuallovbrot, hadde høg risiko for å gjera seg skuldig i nye lovbrot. Denne oppfatninga var stabil gjennom heile studieløpet.
Her trudde forskarane at dei ville sjå ein reduksjon, for forsking viser at tilbakefall for dei som er dømde for seksuallovbrot, er betydeleg lågare enn for dei fleste andre typar lovbrot.
– Ei tolking av dette funnet kan vera at studentane har praksis i fengsel med høgt tryggingsnivå. Der sonar dei som gjer den mest alvorlege kriminaliteten. Om studentane etter dette tenkjer at denne gruppa representerer ein betydeleg risiko etter enda soning, er det kanskje ikkje så rart, seier Mjåland.
Eit forventa funn som faktisk vart stadfesta, var at studentane hadde lav grad av straffande haldningar overfor personar dømde for seksuallovbrot. Desse haldningane var reduserte ytterlegare ved enda utdanning.
– Den norske kriminalomsorga bygger på humanistiske verdiar. Dei som har veldig straffande haldningar, stiller kanskje litt svakare når dei søkjer seg til studiet. Når studentane blir meir kjende med dei innsette, så vil studentane òg vera mindre tilbøyelege til å ønskja å straffa folk veldig hardt, seier Mjåland.
Problematiske funn
Det er nokre svakheiter ved studien. 94 prosent av studentane svarte på undersøkinga i starten av studiet. Svarprosenten fall til 65 prosent på slutten av studien. Dataa er òg baserte på heile gruppa, og forskarane har ikkje hatt moglegheit til å følgja individuelle studentar.
Med atterhald om desse svakheitene meiner Mjåland at funna likevel er urovekkjande.
– Stereotype oppfatningar av dei som sonar for seksuallovbrot som spesielt farlege, kan på den eine sida føra til at handteringa av denne gruppa blir teken på alvor. Men det kan òg stå i vegen for rehabiliteringa. Det er verd å dvela litt ved, seier han.
I studien har forskarane brukt skalaen Perceptions of Sex Offenders (PSO). Mjåland ønskjer seg no at andre studiar kan bruka denne skalaen for å måla haldningar til fleire yrkesgrupper som jobbar med personar dømt for seksuallovbrot.
Då kan tala samanliknast, og forskarane kan seia meir om funna.
Annonse
Mjåland og kollegaene skal òg setja i gang årlege undersøkingar av fengselsbetjentstudentar med breiare tema enn den nyleg gjennomførde studien.
– Det er gjort overraskande lite forsking på fengselsbetjentar i Noreg. Eg håpar at me på sikt kan bidra til å gjera noko med det, seier Mjåland.