Landbrukets folk må delta i klimadugnaden og sjå klimaendringane som ein sjanse til å koma på offensiven i kampen om å forme framtida, meiner professor. (Foto: henta frå framsida av boka Klimasmart landbruk - Korleis kan norsk landbruk bidra til det grøne skiftet?)

Korleis kan norsk landbruk bidra til det grøne skiftet?

Reidar Almås er ein nestor innan norsk landbruksforsking og ei ny bok tar han til orde for å spisse den norske landbruksmodellen for å møte klimautfordringane, både på den einskilde gard, nasjonalt og internasjonalt.

Landbrukets folk må delta i klimadugnaden og sjå klimaendringane som ein sjanse til å koma på offensiven i kampen om å forme framtida. Da kjem ingen unna å tilpasse drifta til endringar i vêr og klima, samtidig som politikken må utformast slik at både bonden og forbrukaren gjer klimakloke val.

Almås er professor emeritus i bygdesosiologi og regionalpolitikk og seniorforskar ved Ruralis – Institutt for rural- og regionalforsking, tidlegare Norsk senter for bygdeforsking, som han starta og bygde opp.

Powered by Labrador CMS