Foreldra vurderer jenter som mindre egna til å ta over garden. Sjølv om ho ofte er flink med dyra, meiner dei ho manglar traktorkompetanse. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Foreldra vurderer jenter som mindre egna til å ta over garden. Sjølv om ho ofte er flink med dyra, meiner dei ho manglar traktorkompetanse. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Foreldra gir ikkje garden til odelsjenta

Oppfatninga av at gutar har eit «traktorgen» bidreg til å ekskludere kvinner frå landbruket.

Publisert

Kvinner har erobra ei rekke nye yrke og roller i Noreg i etterkrigstida, men bondeyrket er ikkje eit av dei.

‒ Det er framleis ei vanleg oppfatning blant norske bønder at gutar er fødde med ei interesse for traktorkøyring, maskinar og teknologi, medan jenter har ein ibuande omsorg for dyr, seier Reidun Heggem ved Norsk senter for bygdeforsking.

Fordi mange bønder meiner at det å handsame traktoren er ein essensiell del av det å vere bonde, konkluderer dei med at det berre er gutar som kan drive ein gard utan å vere avhengig av partnaren sin.

‒ Resultatet er at jentene blir vurdert som mindre eigna, fordi dei ikkje har opparbeidd seg kompetansen som foreldra meiner kjenneteiknar den gode bonden.

‒ Slike førestillingar kan bidra til å stenge ute jentene frå landbruket, hevdar Heggem.

I doktorgradsavhandlinga si har ho undersøkt kva norske bønder legg i omgrepet «den gode bonden» og kva for omsyn som spelar inn når foreldra vurderer kven av barna – sonen med traktorgenet eller dottera med dyretekket – som skal ta over garden.

Kvinneflukta frå landbruket

På 1950- og 1960-talet vart kvinnene «dytta» ut av landbruket fordi den auka mekaniseringa gjorde det tradisjonelle kvinnearbeidet på garden overflødig. Seinare vart dei «dratt» ut, som følgje av den store etterspurnaden etter arbeidskraft i det offentlege helsevesenet og skuleverket, ifølgje landbruksforskar Reidar Almås.

Riktig nok fekk dei betre moglegheit til å ta over garden i 1974, da odelslova vart revidert og gav eldste barn, uavhengig av kjønn, beste odel.

Likevel er berre 14 prosent av hovuddrivarane på norske gardsbruk kvinner i dag. I snart 15 år har talet stått meir eller mindre stille.

I eit stadig meir likestilt Noreg, kvifor er det ikkje fleire kvinner i landbruket?

Tradisjonell arbeidsdeling

 «Han [sonen] køyrer traktor, medan ho [den eldste dottera] må ta mjølkinga og husarbeidet. Ho reagerer på det. Han er god til å køyre traktor. Ho, på si side, spør om å få køyre traktor når det ikkje passar; ho seier ‘Eg vil køyre traktor no’, men Martin [far til jenta] er kanskje opptatt. Skal han køyre traktor med ho berre fordi ho seier det er hennar tur?»

Det seier ein av bøndene Heggem intervjua, ei kvinne på ein gard med kjønnstradisjonell arbeidsdeling.

‒ Når spørsmålet om kven av ungane som skulle ta over garden kom på banen, sa dei fleste bøndene at «det er det same for oss om det er sonen eller dottera vår som tek over». Men det passa liksom alltid litt dårleg når jenta på garden spurde om å få køyre traktor, seier Heggem.

Traktoren er ikkje alt

Sjølv om mange av bøndene ho intervjua meinte at det var medfødde forskjellar i anlegg og interesser hos gutar og jenter, fann ho også at kjønnsforskjellane vart tolka på måtar som bidreg til å inkludere jenter i landbruket.

‒ Somme av bøndene meinte til dømes at sjølv om traktor- og maskinkunnskap er viktig og naudsynt å kunne for å drive ein gard, er det trass alt berre er ein del av arbeidet, fortel Heggem.

Dei var opptatt av å oppvurdere den feminine kompetansen, som omsorg for dyra, og meinte at denne kompetansen var akkurat like viktig som traktorkøyring og teknisk innsikt.

Andre igjen meinte at fokuset på traktorkunnskap var overdriven. Kvinnelege bønder kan vere vel så kompetente bønder, sjølv om dei ikkje bruker traktor.

‒ Dei meinte at også jenter kan lære seg å bruke traktor, og landbruket må endre seg, seier Heggem.

Framtidas landbruk

Og endrar seg, det gjer det det norske landbruket til gagns. No er mantraet i landbrukspolitikken at landbruket skal vere multifunksjonelt.

Det betyr at i tillegg til tradisjonell matproduksjon, skal bøndene også bidra til å oppretthalde kulturlandskap, biologisk mangfald og busetting og arbeidsplassar i distrikta.

Gardsturisme og nisjeproduksjon er framtida dersom ein siktar på å klare seg som bonde i dagens Noreg. Denne utviklinga gjer at det blir rom for stadig færre bønder i det konvensjonelle landbruket og bidreg også til å endre den tradisjonelle bonderolla.

Ifølgje Heggem har utviklinga ein viktig kjønnsdimensjon, med konsekvensar for den kvinnelege rekrutteringa til landbruket:

‒ Det multifunksjonelle landbruket krev også nye formar for kompetanse, til dømes innan service, omsorg og kommunikasjon. Det betyr at utdanninga som jentene drog til byen for å skaffe seg, no kan kome til nytte i landbruket.

Ho hevdar dessutan at kvinnelege bønder uttrykker større ynskje og vilje til endring, medan mannlege bønder føretrekk i større grad å drive slik dei alltid har drive.

‒ Kvinner har ofte ein mentalitet som dagens landbruk etterspør. Da er det uheldig for næringa av talet på kvinnelege bønder er såpass lågt.

Fleire kvinner i det nye landbruket

Mykje av det som før vart rekna som tilleggsnæring, som turisme og såkalla grøn omsorg – til dømes aktivitetstilbod for barn og unge, yrkestrening og andre velferdstilbod på garden – er i dag hovudnæringa for stadig fleire bønder.

Heggem peikar på ein samanheng mellom korleis bønder vurderer dottera som potensiell arvtakar og kva for produksjon som føregår på garden.

‒ Føregår det turisme eller grøn omsorg på garden, er det meir sannsynleg at foreldra vurderer dottera som den komande arvtakaren. Det er også på dei multifunksjonelle gardane at ein finn flest kvinnelege bønder, hevdar ho.

Dei usynlege bøndene

Enn så lenge har dei multifunksjonelle gardane ein tendens til å forsvinne i den offisielle landbruksstatistikken.

For å bli registrert i det såkalla produsentregisteret må garden vere av ein viss storleik og drive konvensjonelt landbruk, til dømes mjølk-, kjøt-, eller kornproduksjon.

‒ Ein av tre såkalla multifunksjonelle gardar møter ikkje krava til å stå i produsentregisteret, og synest dermed ikkje i statistikkgrunnlaget som både landbruksforskinga og styresmaktene i stor grad baserer seg på, seier ho.

Forskaren meiner at dersom ein ynskjer eit reelt bilde av rekrutteringa til landbruket, må ein inkludere alle formar for landbrukseigedomar, ikkje berre dei som står i produsentregisteret.

‒ Det er eit jentepotensial i landbruket, som i dag ikkje synest i statistikken. Difor gjeld det å opne definisjonane på kva landbruk er.

Referanse:

Reidun Heggem: Den nye «bonden» - mellom endring og kontinuitet. Empiriske studier av rekruttering til norske landbrukseiendommer sett i lys av det multifunksjonelle landbruket, doktorgradsavhandling, NTNU, 2014.