Søner av arbeidande mødrer er positive til likestilling

Har menn hatt aktive, fulltidsarbeidande mødrer, er dei mykje meir positive til likestilling.

Publisert
Menn som voks opp med ei mor i arbeid, vil sjølve ikkje mislike at kona arbeider. (Foto: NHH Bulletin)
Menn som voks opp med ei mor i arbeid, vil sjølve ikkje mislike at kona arbeider. (Foto: NHH Bulletin)

Det er ein samanheng mellom kva haldningar menn har til kjønnsroller, og i kva grad kvinner deltek i arbeidsmarknaden.

– Haldninga til mennene er forma av arbeidsstatusen til mødrene deira, noko som igjen påverkar yrkesdeltakinga til kvinner i neste generasjon, seier førsteamanuensis Aline Bütikofer ved Norges Handelshøyskole.

Forskinga til Bütikofer tyder på at barnehagesatsinga til den førre regjeringa kan ha vore eit fornuftig tiltak.

– Barnehagesatsinga til dei raudgrøne var god politikk dersom ein vil at menn i framtida skal vere positive til kvinner i arbeid, seier Bütikofer.

Ho har sett på mekanismane rundt kvinners inngang på arbeidsmarknaden og korleis oppfatningar om kjønnsrollene blir forma og speler inn.

Arbeidslivet i USA

– Studien viser at haldningane menn har til kjønnsroller, i stor grad samvarierer med kva rolle deira eiga mor hadde då dei voks opp. Menn som voks opp med ei mor i arbeid, vil sjølve ikkje mislike at kona arbeider.

– Det vil igjen gjere det meir attraktivt for kvinner å arbeide, for å tiltrekkje seg desse mennene, seier Bütikofer.

Studien hennar tek utgangspunkt i ein studie frå 2004, som seier at haldningsendringar hos menn kan ha vore ein viktig faktor for at kvinner kom ut i arbeidslivet i USA.

Bütikofer har gjort ei liknande undersøking med data frå heimlandet, Sveits.

Krigseffekt

– I 1970-, 1980- og 1990-åra blei det enormt mange fleire kvinner i arbeidslivet, både i USA og i resten av verda. Det er nok snakk om fleire effektar i denne prosessen, men forandringar i preferansane kan vere ein del av forklaringa, seier ho.

Andre forskarar har trekt fram at dei nye hushaldsapparata hadde mykje å seie, for dei letta dei tradisjonelle arbeidsoppgåvene kvinnene hadde i heimen. Auken i servicenæringa blir òg rekna som svært viktig, for det er her flest kvinner har vore tilsette.

– Andre verdskrigen fungerte nærmast som eit startskot for denne utviklinga. Det hadde ikkje vore nokon særleg aksept for kvinner i arbeid, i alle fall ikkje i industrien, men med krigen blei det eit veldig behov for arbeidskraft sidan mennene var ved fronten og kjempa.

– Dermed fekk plutseleg ein heil generasjon unge gutar oppleve at mor var i arbeid, seier Bütikofer.

Haldningar blir forma

Aline Bütikofer. (Foto: NHH Bulletin)
Aline Bütikofer. (Foto: NHH Bulletin)

I ein studie av danske data kjem det fram at menn er mindre nøgde både med den finansielle situasjonen sin og med livet generelt dersom kona bidreg til å forsørgje familien.

– Studien viser at menn reagerer negativt dersom kvinnene tener meir pengar enn dei, mens kvinnene ikkje reagerer negativt dersom mennene gjer det, seier Bütikofer.

Ut frå dette kan ein konkludere med at menn burde jobbe meir, men Bütikofer meiner at det må nyanserast.

– Min studie tyder på at desse haldningane er i endring, og at det nesten ikkje vil finnast menn som reagerer slik om berre nokre tiår, seier ho.

Referanse:

Bütikofer: Revisiting ‘mothers and sons’ preference formations and the female labour market in Switzerland, Labour economics Vol. 20, no. 1 (Jan. 2013)