Tyskartøs eller spionheltinne?

Etter krigen dømdes den unge kvinna Dagmar Lahlum for landssvik. Over 50 år seinare dukkar det opp opplysningar som tyder på at Lahlum tvert imot spionerte på nazistane som agent for britiske MI5. Korleis kan det då ha seg at ho aldri sjølv hevda si uskuld?

Published
Dagmar Lahlum. (Foto: Privat, brukt med løyve frå familien)
Dagmar Lahlum. (Foto: Privat, brukt med løyve frå familien)

Masteroppgåve

Hatledal, Kristin: Krigsheltinne eller tyskarjente? Historia om Dagmar Lahlum - i lys av andre etterretningskvinner. Institutt for arkeologi, konservering og historie, Universitetet i Oslo, 2009.

Hatledal skriv no på ei bok om kvinner i norsk motstandsrørsle.

Oppgåva var blant dei nominerte til prisen for fremragande bidrag til kjønnsforskninga ved UiO 2009. Prisen vert delt ut av Senter for tverrfaglig kjønnsforskning.

Informasjon om vinnar og nominerte til STK sin pris i år.

1945: 22 år gamle Dagmar Lahlum vert sett i varetekt fordi ho har jobba med å sensurere brev i den tyske tryggingstenesta. Lahlum hevdar at ho ikkje er nazivennleg, og ber om å få snakke med britisk politi. Men britisk politi vil ikkje ta imot henne. Lahlum dømmast for landssvik.

2001: Dokument om den britiske dobbeltagenten Eddie Chapman blir offentleg tilgjengelege. Dei fortel om Chapmans spionasje på nazistane under krigen, mellom anna i Noreg. Han vart der kjærast med Dagmar Lahlum, og hevdar at han rekrutterte ho som spion. Men korkje Chapman eller Lahlum lever lenger, og ingen av dei prøvde nokon gong å bevise at Lahlum var uskuldig i landssvik. Kan det verkeleg vere sant, når ho aldri forsvarte seg mot skuldingane?

– Etter mi vurdering hjelpte Lahlum britisk etterretning, sjølv om dei kanskje ikkje såg på ho som sin spion, seier Kristin Hatledal, som har skrive masteroppgåve i historie om Dagmar Lahlum.

Arbeidet med oppgåva har vore som eit lite detektivarbeid, der Hatledal både har leita i arkiv og gamle aviser, og intervjua andre motstandskvinner for å finne ut kva som er årsaka til at Lahlum hamna på den «gale» sida i krigsoppgjeret.

Chapman – spion, skurk og forførar

Utsegna frå Chapman, slik dei er gjeve att i dokumenta som vart frigjevne i 1999 er altså det einaste beviset på at Lahlum jobba mot nazistane.

Chapman var ein småkriminell mann med tvilsamt rykte både før og etter krigen, men var dobbeltspion i britisk teneste under krigen. Han kom til Noreg i 1942, under namnet Fritz Grauman.

Offisielt var han tyskar og jobba med å lære opp tyske agentar, men i røynda samla han informasjon for britisk etterretning. Chapman var ein mann med mange kjærastar, og i Noreg trefte han altså Dagmar Lahlum og vart forelska i henne.

– I dokumenta om Chapman står det at Lahlum var del av norsk motstandsrørsle, og at han rekrutterte ho til spion. Ho vart med som alibi når han drog ut med båt på spiontokt, ho gjorde det lettare å få innpass blant dei tyske kameratane hans og ho tok bilete av tyske soldatar for han, seier Hatledal.

Chapman skal ha bede om at Lahlum fekk 600 kroner av hans lønn overførd til sin konto for jobben ho gjorde. Sjefane hans i MI5 (Storbritannia sin tryggingsteneste) var på si side ikkje glade for at Chapman hadde avslørd seg for ei norsk jente han var kjærast med.

– Når Chapman fortalde om forholdet sitt til Lahlum, kan det vere at han overdreiv hennar tilknyting til norsk motstandsrørsle. Men eg trur ikkje han laug om arbeidet ho gjorde saman med han.

– Om målet hans var å framstille seg sjølv i eit betre lys, burde han ikkje ha nemnt henne i det heile, sidan han eigentlig ikkje skulle avsløre alibiet sitt for nokon, meiner Hatledal.

Sjølv har ho ikkje funne støttande bevis på at Lahlum var knytt til norsk motstandsrørsle, og meiner at bevisa Chapman gav på dette kan peike mot at ho hadde lause kjenningar i rørsla, men ikkje nødvendigvis at ho sjølv var aktiv.

– Truleg ville ho prøvd å få støtte frå nokon i motstandsrørsla under landssviksaka om ho kunne. Men det er sjølvsagt også mogleg at ho berre kjende dekknamn på kontaktane sine og difor ikkje fekk tak i desse, seier Hatledal.

Tok jobb for nazistane

Chapman reiste frå Noreg i 1944, og Lahlum tok då arbeid med brevsensur for SIPO, det tyske tryggingspolitiet. Det var på grunn av dette arbeidet ho vart tiltala for landssvik då freden kom.

– Det er vanskeleg å seie om ho tok denne jobben for pengane si skuld, eller om det var med ein baktanke om å samle informasjon ho kunne gi vidare til Chapman, meiner Hatledal.

Men kvifor gjorde ikkje Lahlum forsøk på å bevise at ho hadde vore spion, utover å be om å få snakke med britisk politi?

– Ho hadde fått beskjed av Chapman om å teie om etterretningsarbeidet, og det må ha vore avgjerande for ho. Det Lahlum skal ha vore med på er etterretningsarbeid, og slikt arbeid er strengt hemmeleg.

– Det var også personar i den norske etterretningsorganisasjonen XU som hadde påbod om å halde stilt om rolla si sjølv om krigen var over, seier Hatledal.

Vernar om Chapman sitt alibi

I politiforklaringa Lahlum sjølv gav då ho vart tiltalt for landssvik nemner ho korkje motstandsrørsle eller spionarbeid. Ho fortel om Chapman, men seier at ho ikkje kjende etternamnet hans eller kva han arbeidde med.

– Dette tyder på at ho laug for å verne om alibiet til Chapman, sidan det ikkje stemmer overeins med det Chapman fortel til MI5. Eg trur som sagt ikkje at Chapman laug om Lahlum si rolle, seier Hatledal.

Lahlum fortel også at ho og kjærasten hadde diskutert kva som ville skje med henne når krigen tok slutt, om han ikkje kom tilbake, og at det var Chapman som hadde sagt ho skulle vende seg til britisk politi.

Dette kan tyde på at planen var at ho skulle fortelje sanninga til dei, og at Chapman rekna med at dei ville støtte henne. Men britisk politi ville altså ikkje ta imot Lahlum.

Chapman jobba ikkje lenger for MI5 då krigen tok slutt. Han hadde fått sparken, mest sannsynleg på grunn av at han utgjorde ein tryggingsrisiko for MI5. Han kom heller ikkje tilbake til Lahlum, men gifta seg med ei engelsk kvinne som han hadde hatt eit forhold til før krigen.

– Då Lahlum vart avvist av britisk politi, verkar det som om ho gav opp. Ho godtok førelegget på 189 dagar i fengsel, i tillegg til rettstap, noko som innebar tap av stemmerett i offentlege saker og tap av retten til å gjere teneste i landsforsvaret, fortel Hatledal.

Førelegget kom i 1947, og dei 189 dagane hadde Lahlum allereie sona i varetekt.

– Det kan verke rart for oss at ho godtok dette, men i hennar situasjonen var dette kanskje det enklaste, meiner Hatledal.

Ho peikar på at Lahlum var svært ung, berre 22 år, då krigen tok slutt. Ho hadde heller ikkje noko nettverk: Familien budde eit stykke unna, og ho var kjent som tyskarjente i Oslo. Ho hadde heller ikkje økonomiske ressursar, då ho kom frå ein fattig heim.

Og ho hadde ingen bevis då ikkje ho fekk støtte frå britisk politi. I tillegg var det kanskje enklare å ta eit førelegg enn den merksemda ein rettssak ville gje i lokalavisa heime i Eidsvoll.

Ekstrastraff for seksuelle overtramp?

Kristin Hatledal. (Foto: Heidi Elisabeth Sandnes)
Kristin Hatledal. (Foto: Heidi Elisabeth Sandnes)

Hatledal har også sett på om straffa Dagmar Lahlum vart idømt var rettferdig sett i forhold til det ho var tiltalt for, jobben i brevsensuren.

– Eg vil påstå at ho vart strengt straffa, samanlikna med andre som hadde gjort tilsvarande brot. Dei fleste som jobba same stad som henne fekk straffar mellom 60 og 120 dagar.

– Dei fleste av desse var medlem av det norske nazipartiet Nasjonal Samling, noko som var skjerpande for straffa. Lahlum hadde også jobba kort tid hos SIPO, seier Hatledal.

I krigsoppgjeret vart førelegg, det at politiet avseier ein dom utan at den tiltalte får forsvare seg i ein domstol, utvida til å kunne brukast også ved brot som gav fengselsstraff.

– Dette kan ha gjort at dommar vart meir tilfeldige, ikkje minst fordi politiet hadde mange nytilsette og uerfarne folk, fordi etaten hadde vore nazifisert under krigen. I saka mot Lahlum kan det har spelt ei rolle at ho var kjent for å ha hatt eit forhold til ein tyskar, det vil seie Eddie Chapman, og omgjekk andre tyskarar, påpeiker Hatledal.

– Eg har intervjua slektningar av Lahlum, som fortel at ho aldri snakka om det ho hadde vore med på under krigen. Ingen visste korleis ho opplevde landssvikdommen, seier Hatledal. Til tross for at ho teia heile livet, meiner altså historikaren at det er mest sannsynleg at Lahlum var på den «rette» sida.

Ikkje den einaste

Hatledal har samanlikna saka til Lahlum med fem andre norske kvinner som utførde etterretningsarbeid under krigen. Ei av desse, Anne Marie Breien, vart også tiltalt for landssvik.

Det som klart skil Breien og Lahlum frå dei fire andre kvinnene i Hatledal si studie som ikkje hadde problem med å bevise at dei var del av motstandsrørsla, er at dei var seksuelt involverte med ein tyskar – eller i Lahlum sitt tilfelle ein antatt tyskar.

– Breien fekk i alt 34 attestar på at ho hadde vore tilknytt motstandsrørsla, men likevel tok det halvanna år før saka mot henne vart lagt bort. Ho hadde hatt eit seksuelt forhold til nestkommanderande for Gestapo i Oslo-området, fortel Hatledal.

Dette forholdet nytta ho mellom anna til å fremje førespurnadar om frigjering av ein rekkje fangar, og straffeletting for andre.

– Men i landssviksaka verker det som statusen som tyskarjente gjorde det vanskeleg for henne å bli frifunne. Det ser ut som at grensene mellom tyskarjenter og denne typen motstandskvinner vart litt viska ut, meiner Hatledal.

Ho meiner desse kvinnene rett og slett hadde litt for store likskapar med tyskarjentene, og dette kan ha vore problematisk for eit samfunn som etter krigen hadde eit skarpt skilje mellom dei som svikta og dei som hadde kjempa for nasjonen.

– Var det vanleg å bruke seksuelle verkemeddel i norsk motstandskamp?

– Nei, det var det ikkje. Ein kunne nok flørte seg ut av farlege situasjonar, men å bruke sex aktivt slik Breien gjorde gjekk over ei grense svært få kryssa.

– Det at Breien gjekk over denne grensa kan ha vorte sett på som forræderi fordi kvinner sin seksualitet var ei nasjonal sak på ein heilt anna måte enn mennene sin seksualitet. Det vart sett på som forræderi mot nasjonen å involvere seg med tyskarar.