Egil Lillestøl fekk i 2007 Norges forskningsråd sin formidlingspris. Det ligg stor faglig kunnskap og sterk fagleg integritet bak formidlingsaktivitet hans, heitte det i grunngjevinga for prisen. (Foto: UiB)
Egil Lillestøl fekk i 2007 Norges forskningsråd sin formidlingspris. Det ligg stor faglig kunnskap og sterk fagleg integritet bak formidlingsaktivitet hans, heitte det i grunngjevinga for prisen. (Foto: UiB)

Kjensler og kjernekraft

Egil Lillestøl har tatt på seg å redde verda med thoriumkraftverk. Mot seg har han ein million norske miljøvernarar. Med seg har han Frp, ein heil del forskarar og Oppland arbeiderparti.

Publisert

Hausten 2006 introduserte professor Egil Lillestøl thorium i den norske energidebatten.

“Snill” kjernekraft kunne kanskje løyse ikkje berre Noregs, men viktigare, globale energiproblem. I tillegg kunne det vere god butikk.

Thorium vakte stor interesse i pressa, men miljøorganisasjonane kom raskt på banen og avviste blankt utbygging av kjernekraftverk i Noreg.

Det er urealistisk, skapar alvorlege avfallsproblem og kan misbrukast til å utvikle atomvåpen, sa ei samla miljørørsle.

Frp interessert

At Lillestøls politiske våpendragar etterkvart vart Framstegspartiet hjelp truleg ikkje på entusiasmen. Frp var med Lillestøl til Cern og vitja Carlo Rubbia, tidlegare nobelprisvinnar i fysikk som har utvikla teknologien som kan takast i bruk i ein thoriumreaktor.

Frps energipolitiske talsmann Ketil Solvik-Olsen la deretter spørsmålet om thorium fram i Stortingets spørjetime 15. november 2006.

Thoriumutgreinga frå Solsvik-Olsen vart stort sett møtt med eit skuldertrekk.

- Det er uaktuelt. Vi vil satse på fornybar energi, sa den førre olje og energiministeren Odd Roger Enoksen.

Dette vart stort sett også svaret frå dei andre politikarane. Lillestøl fortsette sitt kamptog for thorium og etterkvart gav Olje- og energidepartementet (OED) Norges forskningsråd i oppgåve å sette ned eit thoriumutval.

Dette fekk som mandat å greie ut høvet til å ta i bruk dei store thoriumforekomstene vi har i Noreg til produksjon av energi.

Utvalet skal levere ein rapport på nyåret 2008. Det vart kritisert for å ikkje inkludere miljøvernarar. I juni i 2007 gjekk alle miljøorganisasjonane, med over ein million medlemmer i ryggen, ut med eit felles opprop mot kjernekraftverk i Noreg.

Mot tradisjonell kjernekraft

Lillestøl let seg ikkje stoppe av motstanden frå miljørørsla og majoriteten av politikarar.

- Eg slåst for det eg trur på, seier Lillestøl.

- Verda står framfor ei massiv energikrise. Det er det som driv meg. Vi må løyse denne energikrisa, elles får vi heller ikkje løyst klimakrisa.

Han meiner at politikarane har for lite kunnskap om kjernekraft. Dei har ikkje fått med seg at det har skjedd ei stor teknologisk utvikling på kjernekraftfeltet.

- Ein skulle kunne forvente at ein miljøvernminister ville setje seg inn i dei globale energiproblema før han eller ho byrjar å gå ut og kjempe mot gode løysingar.

Det siste året har han brukt det meste av tida si på å reise rundt og halde foredrag om thorium.

Forskning og politikk

- Overalt møter eg interesserte og engasjerte folk, seier Lillestøl.

Han bruker mykje krefter på å overtyde folk om skilnaden på thorium og tradisjonell kjernekraft. Han har sjølv lite til overs for tradisjonell kjernekraft, der våpenproduksjon var utgangspunktet.

- Koplinga til våpenproduksjon er i dag svakare, men også i dag blir det laga bombemateriale i atomkraftverk.

- Korleis er det for deg som forskar å ta på deg ei politisk rolle?

- Eg meiner at det ikkje er nokon motsetnad mellom forsking og politikk. Eg deltek i debatten med fagkunnskap. Eg har vore oppteken av energiproblematikken sidan 1970-talet og blitt meir og meir uroa.

- Det var ei stund at eg tenkte det kom til å gå bra, men eg ser at dei politiske diskusjonane heile tida fokuserer feil.

- Klimakrisa er blitt det store, men eg veit ikkje om nokon forskarar som har gått inn på barrikadane og slåst for energiproblemet, og eg tykkjer ikkje at eg kan la vere å bidra med mitt, seier Lillestøl.

- Ein har mista energiproblemet av syne, men det er det som kjem til å bli det store problemet i framtida, korleis vi skal skaffe nok energi til å få samfunnet til å gå rundt.

- Samstundes treng vi enormt med energi til å takle klimakrisa. Eg tenkjer då særskilt på CO2-deponering og kva det krev av energi. Men det vil også krevje energi mellom å reinse drikkevatn.

- Patetisk diskusjon

- Energiforbruket i verda har no ei doblingstakt på 20 år. Dette lar seg ikkje løyse med CO2-handtering og vindmøller. Verda er på rask veg inn i ei energikrise der forbruket av fossilt brensel vil auke dramatisk over dei neste tiåra.

- Energiproblemet vil leie til høgare risiko for konfliktar, og den auka bruken av fossilt brensel vil auke utsleppet av CO2 i atmosfæren.

- Den pågåande diskusjonen i Noreg og andre land om korleis ein kan handtere energiproblemet, er i denne konteksten patetisk. CO2-handtering, bioenergi, vindmøller og hydrogen er presentert som løysingar på det globale problemet.

- Medan dette blir diskutert opp og i mente, aukar forbruket av kol med kring 250 millionar tonn i året. Det tilsvarar meir enn fire gonger det årlege energikonsumet i Noreg.

- Det globale CO2-utsleppet i 2006 var på om lag 30 milliardar tonn. I dette perspektivet blir Noregs «månelanding» der det er planar om å deponere 1,5 millionar tonn CO2 i året, latterleg.

- Solenergi er det einaste som kan konkurrere med kjernekraft, hevdar Lillestøl.

Han seier vidare at biobrensel tek opp jordbruksareal i fattige land, og er eit mistak. Vind er for lite effektivt.

- Kvifor brukar så ikkje alle thorium?

- Vegen til kommersialisering av ein reaktor er lang og kostbar, og ikkje alle dei tekniske problema i reprosesseringa er løyst.

- Kjernekraft er feil fokus

Bellona er blant miljøvernorganisasjonane som avviser at bygging av thorium-kraftverk i Noreg er ei god løysing i overskodeleg framtid.

- Egil Lillestøl er ein drøymar. Vi er realistar og har sett på kva som ligg i realitetane rundt Noregs noverande og framtidige energiproduksjon, seier Nils Bøhmer, Bellonas atomfysikk-ekspert.

- Eit thorium-kraftverk vil gje like stor fare for ulykker som vanlege atomkraftverk. Det er heller ikkje eit realistisk alternativ.

- Litt av problemet med Lillestøl og hans kompanjongar, er at dei ikkje klarar å sjå heilskapen i dette.

- Vi i Bellona har rekna på kor mykje som ligg i thorium, for det er ikkje berre eit spørsmål om det er teknisk mogleg, men også om det er ein marknad som er viljug til å betale.

- Vi har konkludert med at det er urealistisk, fordi det ikkje finst ein marknad så lenge det er så mykje fossilt brensel tilgjengeleg.

Bøhmer og Bellona avviser ikkje at kjernekraft kan bli aktuelt om førti-femti år. Men førebels må vi satse på CO2­reinsing, meiner dei.

- Atomkraft vil stå for cirka 16 prosent av energiforsyninga i verda i tida framover mens vi har olje og gass.

- Det vi må konsentrere oss om i dei kommande åra er CO2-reinsing av fossile brennstoff, og utvikling av alternativ energi, og då fornybare energikjelder som vind, sol, vatn og bølgekraft, seier Bøhmer.

- Mitt største ankepunkt mot thorium er avfallsproblematikken og faren for misbruk i samband med utvikling av atomvåpen.

- Utfordringa frå Kina er å få dei til å reinse kolkraftverka, ikkje få dei til å bygge kjernekraftverk. Vegen til reinare energi går derfor gjennom reinare kol og fornybar energi.

Fagmiljøet ved UiB støttar Lillestøl

Om han møter motstand frå miljørørsla, har Lillestøl sitt eige fagmiljø i ryggen når han er ute og snakkar varmt om thorium.

Hans Petter Sejrup, dekan ved Matematisk-Naturvitenskapelig fakultet ved Universitetet i Bergen, seier til Hubro at det er viktig at Lillestøl set søkelyset på desse alternativa.

Han meiner at Lillestøl også har gjort eit arbeid som er viktig for å styrke grunnleggande fysikk i Noreg.

- På mange område er det viktig å ha kompetanse inn mot kjernefysikk. I debatten rundt kjernekraft er det veldig mykje kjensler. Det er viktig at UiB forskar og har faktabasert kunnskap på dette feltet, seier Sejrup.

- Vi treng meir kunnskap for å sjå på kjernekraft på nytt. For det har vore ei utvikling innan desse felta som gjer at vi kan sjå miljøperspektivet knytt til kjernekraft på ein ny måte.

- Debatten bør i alle høve vere basert på den siste kunnskapen på desse områda.

- Kompetansen som vi frå universitetet og Mat. Nat-fakultetet har innan naturmiljø, kan vere eit bidrag til utvikling av trygg kjernekraft i framtida. For det kjem til å kome, det er eg nokså sikker på, seier Sejrup.

Politikarar på glid

Medan Frp var først ute med å omfamne thorium som energialternativ, har også Arbeiderpartiet blitt meir positive.

“Ap åpner for atomkraft” var tittelen på ei sak i Hamar Dagblad 19. april 2007. Den viste til at Oppland Arbeiderparti går inn for bygging av thoriumkraftverk i Norge.

Hamar Ap er heller ikkje negative, heiter det i ingressen. Olje og energidepartementet avviser ikkje thorium, men vil avvente konklusjonane i rapporten.

Åslaug Haga gjev følgjande svar på korleis Olje- og energidepartementet stiller seg til eventuell thorium-produksjon i Noreg:

“Thoriumutvalget ble nedsatt av OED for å etablere et best mulig faktagrunnlag rundt muligheter og risiko ved bruk av thorium til energiproduksjon på lang sikt. Jeg vil avvente utvalgets rapport og konklusjoner før det tas en beslutning om hvordan utvalgets arbeid bør følges opp.”

I Teknisk Ukeblad 24. oktober 2007, er politikarar i Energi- og miljøkomiteen 2005-2009 spurt om korleis dei vil forhalde seg til thorium-rapporten.

Tore Nordtun (A) i energi- og miljøkomiteen vil sjå på rapporten med positiv interesse.

Ivar Kristiansen (H) i komiteen er lunken, men seier at dersom konklusjonen i utvalget blir positiv, må vi ta dette alvorleg.

Senterpartiets Erling Sande er meir skeptisk, men seier at partiet skal ta stilling til dette etter at utvalet har presentert konklusjonen sin.

SV vil ikkje ha thorium uansett kva rapporten seier, i følgje stortingsrepresentant Hallgeir Langeland. SV meiner at satsing på ny og fornybar energi er einaste riktige veg å gå.

- Kan ikkje velje bort kjernekraft

- I framtida kan vi ikkje seie nei til noka energikjelde, og det verkeleg store blir nok kjernekrafta, meiner leiaren av Energiutvalget i Svenska kungliga vetskapsakademien, Sven Kullander.

Professor Sven Kullander sit i det norske Thoriumutvalet som greier ut om det er grunnlag for å satse på thorium i Noreg. (Foto: UiB)
Professor Sven Kullander sit i det norske Thoriumutvalet som greier ut om det er grunnlag for å satse på thorium i Noreg. (Foto: UiB)

Svensken er ein av dei internasjonale ekspertane i Thoriumutvalet, som skal legge fram ein rapport i byrjinga av 2008. Han er positiv til utvikling av thorium i Noreg, og har tru på at dette også kan vere økonomisk lønnsamt på sikt.

- Det er hundre gonger meir energi i norsk thorium, enn i norsk olje og gass. Da snakkar vi om alt som har blitt og som blir vunne ut, hevder Kullander.

Han er professor i fysikk ved Uppsala universitet.

- Det mest interessante med thorium, er at ein med dette stoffet har høve til å utvikle ein sivil kjernebrenselsyklus.

- Ein kan sikre thoriumkraftverk mot misbruk på ein annan måte enn ein hittil har kunna med tradisjonell kjernekraftverk basert på uran. Kjernebrenselsyklusen for thoriumkraftverk kan designast slik at det blir nesten umogleg å framstille våpen.

- Dette er ein viktig grunn til at thorium er ei av dei mest attraktive stoffa å satse på i framtidig energiproduksjon.

Thorium kan vare i fleire hundre tusen år. Dei kjernekraftreaktorane som hittil er i drift, 440 i talet, går på uranisotopen uran-235 og nyttar berre 0,7 prosent av naturleg uran.

Dette er ifølgje Kullander ein veldig ineffektiv bruk av brensel. Desse kallast andregenerasjons reaktorar. Og thorium kan utnyttast langt betre til nesten hundre prosent.

I Sverige er folk meir positive til kjernekraft enn dei har vore på lenge, ifølgje Kullander.

For første gong sidan 1980-talet, har den svenske regjeringa gjeve ein særskilt pott til forsking på kjernekraft, og det er også eit mindretal av den svenske befolkninga som vil fjerne kjernekraft.

Om den norske opinionen er klar for kjernekraft, er Kullander usikker på. For sjølv om kjernekraft, i Norges tilfelle thorium, er gjennomførbart teknisk, er det ikkje sikkert at det er gjennomførbart politisk.

- Kanskje eit nordisk samarbeid for å utvikle og bygge ein ny generasjon kjernekraft kunne vore den beste løysinga.

- På ein slik måte skulle Norden kunne spele ei viktig rolle for å fram CO₂- utsleppsfri elektrisitet for eit framtidig Europa som i større grad blir avhengig av elektrisitet som hittil blir generert for ein stor del av kol, seier Kullander.