Filter som lagar «smart vatn» skal gje meir effektiv produksjon av olje og gass, fortel Torleiv Bilstad, Remya Nair og Evgenia Protasova. (Foto: Lars Gunnar Dahle)
Filter som lagar «smart vatn» skal gje meir effektiv produksjon av olje og gass, fortel Torleiv Bilstad, Remya Nair og Evgenia Protasova. (Foto: Lars Gunnar Dahle)

Smart vatn kan gje meir olje

Vatn opptrer i mange former. Hardt vatn, mjukt vatn, saltvatn, is, dogg og fukt er alle kjente omgrep. «Smart vatn» er kanskje mindre kjent.

Publisert

Forskar Evgenia Protasova og doktorgradsstipendiat Remya Nair står like fullt på sitt. Dei forskar begge på smart vatn ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Saman med professor Torleiv Bilstad utnyttar dei eigenskapar ved vatnet som har opna for meir effektiv oljeproduksjon.

Økt oljeutvinning, såkalla IOR (Improved Oil Recovery), omfattar alle metodar som har som mål å vinna ut mest mogeleg av hydrokarbona frå reservoaret. Dette må gjerast før trykket blir for lågt til å halde fram med lønsam produksjon.

Den vanlegaste metoden er å tilsetja polymerar i injeksjonsvatnet – som er sjøvatn. Polymerar er enkelt sagt lange strenger med molekyl som gjer vatnet meir elastisk og dermed i stand til å skyva meir olje ut av dei ørsmå porene i undergrunnen i retning av dei oljeproduserande brønnane.

Manipulerer ion

Men polymeren er kostbar og toler lite før han går i oppløysing. Effekten blir derfor ofte sterkt redusert på den lange vegen frå plattforma eller produksjonsskipet til oljebrønnane.

Forskarane ved Det nasjonale IOR-senteret ved UiS har difor utvikla ein annan metode. 

– Ved heller å manipulera samansettinga av iona som er i lag med vassmolekylane før injeksjonen, blir olja fortrengt langt betre enn ved bruk av polymer. Dette gjev grunnlag for ein høgare utvinningsgrad – og dermed lengre levetid på feltet, fortel Evgenia Protasova.

Superfilter

Metoden er både enklare og mindre kostbar enn bruk av polymer. Spesialutvikla nanofilter blir installert øvst i injeksjonsbrønnane. Desse endrar samansettinga av ion i vatnet på ein slik måte at olja i reservoaret blir skyvd mot dei produserande brønnane utan hjelp av polymeren.

– Filtera gjer med andre ord heile jobben både enklare og til ein langt lågare kostnad, seier Remya Nair og viser til ein stabel av filter på kontorhylla.

Desse er brukt i laboratorieforsøk som har vist det store potensialet i filterteknologien.

Fleksibel teknologi

– For å kunna utvikla smart vatn må me forstå i minste detalj dei kjemiske samanhengane mellom bergartene og vatnet i reservoaret, råoljen og injeksjon av saltvatn, fortel Torleiv Bilstad.

Han presiserer at det ligg mange år med forsking i ulike miljø og frå dedikerte fagfolk bak den kunnskapen forskarane i dag har om korleis injeksjonsvatnet kan tilpassast kvar enkelt sone i reservoaret.