Moral framfor straff

Strafferetten er det einaste statlege instrumentet som har som målsetting at det skal gjere vondt. Då er det uheldig at ingen veit kvifor han er som han er, meiner forskar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

 (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)
(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

Postdoktor Jørn Jacobsen ved Universitetet i Bergen har starta på herkulesoppgåva det er å vurdere fundamentet for den norske strafferetten.

– Mange av omgrepa vi jobbar med i strafferetten, som intensjon, skade eller ansvar, er ikkje definerte. Ein argumenterer med dei utan å forklare kva ein meiner. I staden stør ein seg til ei kjensle av kva som fungerer og er nyttig.

Det er ein skepsis mot å kome til botns i kva omgrepa eigentleg tyder, som eg opplever har tømt strafferettsvitskapen for teoretiske ressursar. Vi blir fattige i møte med nye typar problem.

– Før var verda meir homogen. No må retten handtere mykje som kjem utanfrå, som EU og FN, og vi veit ikkje alltid heilt kva det er for noko, seier han.

Vil overprøve Stortinget

Jacobsen meiner at strafferetten sjølv, slik han utspelar seg i rettsapparatet, i stor grad kan leve med denne pragmatismen. Men for strafferettsvitskapen kan ikkje vage grunnomgrep vere godt nok.

(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)
(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Lovgjevarane må ofte handle på kort tid, med tynt diskusjonsgrunnlag og med partipolitiske interesser i spel. Samfunnet har ingen garanti for at dei tek gode avgjerder, og difor må rettsvitskapen kunne påpeike svakheiter.

– Vi har ein tradisjon for at det ikkje er rettsvitskapen si oppgåve å overprøve det Stortinget har avgjort, men det avgrensar perspektivet til rettsvitskapen. Vi kan ende med å sitte og systematisere noko som kanskje ikkje held mål reint argumentativt, forklarer Jacobsen.

I si forsking har han difor arbeidd med å tematisere berebjelkane i strafferetten og kople dei saman med tilgrensande vitskapar, særleg politisk filosofi og moralfilosofi, for å etablere eit strafferettsleg fundament.

Det er eit arbeid han allereie har vunne stor tillit for, mellom anna vart han tildelt årets Nils Klim-pris for yngre forskarar.

Eit sosialt instrument

– Kva er det vi vil oppnå med dagens strafferettspraksis?

Jørn Jacobsen er postdoktor på Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.
Jørn Jacobsen er postdoktor på Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen.

– Enkelt sagt er det eit verktøy for å handtere alvorlege sosiale problem. Ein har laga ein komposisjon av litt ulike målsettingar, som å forhindre ny kriminalitet, reagere mot det som er skjedd og kanskje rehabilitere til ein viss grad.

– Dette er klassisk pragmatisme: Ein fornemmer kva type omsyn som gjer seg gjeldande, og prøver å balansere dei i eit godt samspel.

Dei fleste som ikkje kjem i direkte kontakt med strafferetten er nøgde med norsk strafferett, ifølgje Jacobsen. Men det spørst kva ein skal bruke som indikator på om noko står bra til.

- Det finst ein fare for at systemet kan etablere sine eigne sanningar, frikopla frå sosiale og politiske diskusjonar, seier han.

Statleg privilegium

Han meiner det er interessant at strafferetten er det rettsområdet der staten har størst spelerom og minst tradisjon for internasjonale bindingar. Strafferetten har vore staten sitt privilegium å utvikle, og det avspeglar seg i at brotsverk mot staten er rekna for svært alvorlege.

Vår politiske stabilitet har nok skulda for at vi aldri har vore tvinga inn i ein prosess der vi er blitt nøydde til å klargjere staten si rolle grundig.

– Dei nordiske samfunna har lenge vore velordna samfunn med høg sosial tillit og låg kriminalitet, og vi har klart oss fint med ein relativt human strafferett. Men no skal det harmoniserast internasjonalt, og i den prosessen er ikkje Norden trendsetjaren.

– Litt av problemet vårt er at vi ikkje heilt har klargjort for oss sjølve kvifor vi meiner det vi meiner. Vi står litt svakt i diskusjonen med den internasjonale verda, vi har ikkje argument utover at «det fungerer for oss», illustrerer Jacobsen.

Det er ingen som heilt har teke grunnleggjande ansvar for utviklinga av strafferetten, meiner han.

– Ein kan kanskje seie det slik. Det er sjølvsagt gjort mykje godt strafferettsvitskapleg arbeid i Noreg, men miljøet har vore lite.

– Vi har mangla tradisjon for å teste strafferettsvitskapen gjensidig mot til dømes filosofi, psykologi og sosiologi, og det trur eg har vore eit stort tap. Ein treng ikkje vere teorifiendtleg sjølv om ein er liten.

Kjensler blir til lov

Det er svært problematisk å bruke enkelttilfelle som grunnlag for generell lovgjeving, meiner Jacobsen. Likevel skjer det ofte, til dømes med innføringa av terrorlovene som er komne det siste tiåret.

– Terrorlovene er basert på eit menneskebilete som har problematiske sider. Når ein tenker etter, er jo samfunnet vårt forbausande velfungerande. Berre eit lite fåtal utfører alvorleg kriminalitet.

– Men vi ser at når det skjer noko tragisk, kjem kjenslene i sving, og somme politikarar hoppar på toget, og vi kan få ein spiral som kan vere vanskeleg å stogge. Politikarane har sjølvsagt eit ansvar for å gjere samfunnet trygt, men det er ikkje alltid lett å finne balansen.

Terrorlovene vart innførte i ei flodbølgje av internasjonal handlekraft etter terroråtaket mot World Trade Center 11. september 2001.

Knapt to veker etterpå vedtok Tryggingsrådet i FN resolusjonen som ga medlemslanda pålegg om å kriminalisere terror, og den norske regjeringa reagerte straks med lydig å vedta provisoriske terrorlover i påvente av at det nye Stortinget skulle samlast etter valet same haust.

Terrorlover utan debatt

Den prinsipielle debatten var så godt som fråverande den gongen, ifølgje jusprofessor Erling Johannes Husabø ved Universitetet i Bergen.

– FN-resolusjonen vart lagt fram ein dag og vedteken den neste. For Noreg sin del stod det fram som viktig å følgje opp internasjonale plikter. I den provisoriske anordninga kopierte ein Tryggingsrådet si formulering om at planlegging eller førebuing av terror skulle kriminaliserast.

– Eg meinte det var uheldig fordi det ikkje forklarer konkret kva som er straffbart. Ein kan argumentere for at å lese visse bøker, gå inn på visse nettstader, eller berre kjøpe fyrstikker for den del, kan vere straffbart, seier han.

Lova vart kritisert for dette, og før terrorparagrafane vart gjort permanente sommaren etter, vart det bestemt å avgrense dei til å kriminalisere inngåing av forbund om å utføre terror.

– Mi vurdering er at det kan forsvarast, fordi ein då har gått utanfor privatområdet. Inngår du ei avtale om terror og angrar neste morgon, kan dei andre likevel gå vidare med planen. Du har ikkje lenger full kontroll over utfallet, og det er større grunn til å tru at det kan utvikle seg til ei straffbar handling, meiner Husabø.

Umyndiggjer borgarane

Etter terroråtaket mot Utøya og regjeringskvartalet i sommar, har den dåverande justisminister Knut Storberget sagt at han vil sjå på moglegheitene for å kriminalisere også dei som planlegg terror heilt åleine. Husabø trur vi no kan få ein ny debatt om terrorlovgjevinga.

– I tillegg er tre menn som vart arresterte i fjor no blitt tiltala for å ha planlagt terror, og det kan hende at saka mot dei vil vise at det ikkje nødvendigvis er så lett å prove at ei avtale er inngått.

– Denne saka kan avsløre problem for påtalemakta og spore til ny debatt, spekulerer han.

Jørn Jacobsen påpeiker at dersom vi prøver å bruke straffelova til å eliminere risiko, kan vi ende med eit samfunn av umyndiggjorte borgarar.

– Heile samfunnsordninga vår byggjer jo på at vi er tiltrudd evna til å avgjere kva som er rett og gale. Men slik fridom fordrar ein sjanse til å mogne som menneske. I ei verd der lova ikkje gjev deg spelerom for sjølv å finne ut kva som er rett og gale, vil du neppe bli ein særleg ansvarleg person.

– Vi risikerer eit samfunn der kodane for rett og gale blir bytta ut med kva som er lov og ikkje lov. Men menneske får ikkje eit gjennomtenkt forhold til moral før dei hamnar i situasjonar der dei får kjenne på dei vala og argumenta som gjer seg gjeldande, og må finne ut av kor dei står, seier Jacobsen.

Vitskapen må med

Han reknar også med at vi vil få debatt om strafferetten etter terroråtaket 22. juli, og meiner strafferettsvitskapen har eit ansvar for å melde seg på i diskusjonen. Det gjeld til dømes spørsmålet om straffenivå.

– Det vi har av empirisk dokumentasjon, syner at det ikkje er straffa som er avskrekkande, men om folk trur dei blir avslørt eller ikkje. Slike argument bør kome fram.

– Vi greier aldri å luke ut risikoen for at noko slikt som skjedde 22. juli kan skje på nytt, men det viktige er at vi får ein gjennomtenkt diskusjon av kva resultat vi kan forvente av ulike verkemiddel, og kva prinsipp som gjer seg gjeldande.

– Eit signal om at det er ansvaret til den enkelte som står i sentrum, og ikkje trugsmålet om straff frå staten, er kanskje det som gjev oss flest myndige samfunnsborgarar til slutt, meiner Jacobsen.

Powered by Labrador CMS