Feministbølge i islam

Det er i Midtausten dagens kvinnekamp blir kjempa. Med Med Simone de Beauvoirs «Det annet kjønn» i den eine handa og Koranen i den andre kjempar feministar mot polygami og for kvinners rettar.

Publisert
(Illustrasjonsbilde: iStockphoto)
(Illustrasjonsbilde: iStockphoto)

I Libanon er den fremste feministen ein mannleg ayatollah. I Sudans hovudstad Khartoum ser kvinnelige islamister på seg sjølv som frigjorde.

Kvinnesak og feminisme står høgt på den muslimske dagsorden, hevdar stipendiatane Marianne Bøe og Liv Tønnessen. Begge forskar på kvinners stilling og kvinnerørsler innanfor islam.

Bøe i Iran, medan Tønnessen har forska mykje i Sudan og i Libanon.

Tønnessen er nett tilbake frå Beirut der ho skulle samle inn data for å samanlikne med kvinnerørsler i Sudan. Det vart komplisert.

Progressiv ayatollah

Hizbollah har full mediestopp på alle kvinnesaker, så denne gongen lukkast det ikkje Tønnessen å få snakke med dei ho ønska.

Derimot fekk ho eit intervju med den sentrale shiamuslimske ayatollahen Muhammed Hussein Fadlallah, som ofte er sitert  som Hizbollahs ideologiske leiar.

- Han er veldig aktiv når det gjeld kvinner og islam og er å sjå på TV, i radio og aviser.

- Fadlallah har ein heil del progressive synspunkt, som til dømes å oppmode menn til å gjere meir husarbeid, kvinner til å ta sjølvforsvarskurs og delta i samfunn og politikk. Han har uttalt seg kritisk om at Hizbollah ikkje stiller med kvinnelege kandidatar på sine valglister, fortel Tønnessen.

Kvinner retolkar Koranen

Nyleg kom det fram at konservative politikarar tvingar iranske feministar i skjul. Det var etter at Mahmoud Ahmadinejad kom til makta i 2005 at regjeringa gjekk frå å vere reformvenleg til å bli meir konservativ.

Ayatollah Khomeini oppmoda i si tid kvinner til deltaking i det politiske livet, og han innførte ei statleg kvinneorganisasjon etter revolusjonen i Iran. Det var også nokre få kvinner med i Khomeinis første regjering.

Litt etter litt blei kvinneaktivistane meir organiserte og sette kvinnespørsmålet på dagsorden i den islamske republikk. No opplever kvinnene motbør, men det er like fullt ei stor kvinnerørsle i Iran, der nærmare sytti prosent av studentane er kvinner, og svært mange ikkje giftar seg før dei er over tretti år gamle.

Marianne Bøe har forska på dagens familielovdebatt med utgangspunkt i ulike kvinneaktivistars bidrag.

- Eg ser på aktivistar i Teheran, og det er eit stort skilje mellom landsby og storby. Men situasjonen i Iran er ein heilt annan, enn til dømes i Afghanistan, der kvinners tilgang til utdanning er avgrensa, seier Bøe.

(Illustrasjonsbilde: Wikimedia Commons)
(Illustrasjonsbilde: Wikimedia Commons)

- Iranske kvinner jobbar for tida mot eit familielovforslag der parlamentet blant anna gjekk inn for å fjerne den første kona sitt samtykke i polygame ekteskap.

- Iranske kvinner opplevde statens forsøk på å innføre lovar som gjer det lettare for menn å ha fleire koner som eit tilbakeslag.

- Kvinneaktivistar i Teheran, med Shirin Ebadi i spissen, drog til parlamentet og protesterte og stoppa ratifisering av forslaget. Prosessen viser at det er eit stort tolkningsrom i islam.

- Dei fleste kvinneaktivistar jobbar mot lovar, med kodifisering av muslimske tekstar, i hovudsak Koranen og hadithane. Dei framhevar at det ikkje er noko i islam som viser til at praksisen med polygami skal oppretthaldast, seier Bøe.

Islam som dynamisk prosjekt

Tønnessen meiner at for å forstå kvinners rettar i sharia, må ein skilje mellom faktiske lover og islamske feministars strategi for forandring. Like rettar for kvinner er til tider fråverande i lovene i Midtausten og Nord-Afrika i dag.

- I Sudan er det stigmatiserande med polygami, sjølv om loven i landet tillet det. I debatten om polygami er det mange ulike tolkingar som rår. Tolkinga av islam er eit utruleg dynamisk prosjekt, seier Tønnessen.

- Islam er ikkje ein folkefiende som lever sitt eige liv. Det finst imidlertid ingen fasit som kan avsløre kva som er riktig eller feil tolking.

- Tolkinga blir dermed ei elastisk og til tider selektiv øving som gjer islam til ein foranderleg masse. Om denne tolkinga dreg i ei ekstrem liberal eller ekstrem konservativ retning, avheng kort og godt av kven som tolkar.

- Vi har det same i kristendommen. Biskop Kvarme hevdar med dekning i Bibelen at homofili er ei synd. Mange norske kristne avviser blankt dette og viser til andre kristne verdiar når dei forsvarer dei homofiles sak, seier Tønnessen.

- Om det finst ein veg til kvinnefrigjering innanfor islam er eit spørsmål muslimske kvinner (og menn) stridast om. Det er med kvinnelige imamar som med kvinnelige prester – deira eksistens avheng av kven som tolkar dei religiøse tekstane.

- I desse tider ser vi altså uttrykk for denne selektive og elastiske nytolkinga av islam i form av islamske feministar som søker å retolke koranen i eit likestillingsperspektiv. Dette er både tankevekkande og viktig, seier Tønnessen.

Marianne Bøe meiner at det er innanfor islam at desse kvinnene sitt forhandlingsrom finst.

- Privat kan dei vere sekulære feministar, men lovane må grunnast i den strategien som verkar, og det er at ein brukar det islamske rammeverket.

- I Koranen står det at polygami er tillate, men i del to av verset, står det at du skal handsame alle koner likt. Det meiner kvinneaktivistane ikkje er mogleg og derfor tolkar dei det slik at polygami ikkje bør vere tillete, seier Bøe.

Ei kone for ein time

I Iran har kvinneaktivismen eit elitepreg. Dei fleste kjem frå den øvre middelklassen og frå storbyane.

- Likevel kjem stadig fleire studentar frå landsbygda og frå ulike samfunnslag. Dei arrangerer underskriftskampanjar, deltek på møter og driv med det eg kallar «basic» aktivisme, forklarer Bøe.

- Det er mykje intern strid i desse laust organiserte kvinnerørslene. Eit spørsmål dei er usamde om er kva type rettar dei slåst for. Det finst sekulære grupper i Teheran som ønsker internasjonale konvensjonar og som kjempar mot polygami.

- Men ein finn også religiøse kvinner i statlege organ, som meiner at polygami er bra for kvinner, og at det beskyttar familien. Dette blir grunna med at det beskyttar mot utruskap og skilsmisse.

- Men polygami er ikkje vanleg, mest fordi det er så dyrt. Det krev at ein held ein familie til med bustad og livsopphald, det har dei færraste menn råd til. Det er ikkje ønskeleg å ha to koner i same hus, seier Bøe.

I Iran vert det no oppmoda til både polygami og midlertidige ekteskap. Det vert sagt at eit ekteskap kan vare frå eitt sekund til 99 år.

- Du kan ta ei kone for ein time, og mange meiner at dette er ein måte å skjule prostitusjon, men likevel fins det kvinneaktivistar som er for desse ordningane, fordi det beskyttar ei kvinnes ære.

- Det er i dag veldig mange single i Iran, og alle livsval blir skubba fram i tid. Å vere ugift kvinne på over tretti år, vert rekna for svært uislamsk, seier Bøe.

- Ein misser ikkje stemma si, sjølv om ein har på seg ein hijab, seier religionsvitar Marianne Bøe som er og knytt til Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK), og statsvitar Liv Tønnessen, forskar ved Chr. Michelsens institutt (CMI). (Foto: Thor Brødreskift)
- Ein misser ikkje stemma si, sjølv om ein har på seg ein hijab, seier religionsvitar Marianne Bøe som er og knytt til Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK), og statsvitar Liv Tønnessen, forskar ved Chr. Michelsens institutt (CMI). (Foto: Thor Brødreskift)

Islamsk versus vestlig feminisme

Tønnessen forklarer at så langt er dei islamske feministane samde med vestlege sekulære feministar. Men islamske feministar meiner at lovene er eit produkt av ei konservativ og patriarkalsk tolking av islam gjort av og for menn. Vidare hevder dei at vegen til frigjering ikkje er sekulær, men islamsk.

-  Feministar i Sudan og andre stader kjempar på to frontar. Mot patriarkalske menn og mot vestlege feministar som meiner at dei må reddast frå islam.

- Den vestlege tilbodspakka blir sett på som ei tvangstrøye. Og mange meiner at vestlege feministar er arrogante.

- Dei tolkar det slik at vestlege feministar insisterer på at kvinner i muslimske land er undertrykte, men sjølv meiner dei muslimske kvinnene at dei ikkje er undertrykte.

- Ein misser ikkje si stemme sjølv om ein har på seg ein hijab. Dei kvinnene eg intervjuar i Sudan er sterke og politisk engasjerte. Det har aldri slått meg at dei er undertrykte. Vi treng ikkje å redde dei frå islam, seier Tønnessen.

Bøe er samd i at islamske feministar ikkje har noko imot vestlege feministar.

- Kvinnene som kjempar kvinnesak i Iran les både «Det annet kjønn» og Koranen, men dei er samstundes opptekne av at vestleg feminisme ikkje passar i Iran. Mange er irriterte over at dei på død og liv må vere sekulære, og dei oppfattar vestlege kvinner som ikkje-religiøse, seier Bøe.

Felles rørsle?

Tønnessen forklarer at ein kritikk mot den islamske feminismen er nettopp at debatten blir ført av øvre middelklassekvinner utdanna i Vesten.

- Dette ser eg svært tydeleg i Sudan, og ein kan spørje korleis desse kan representere dei muslimske kvinnenes liv. Og landsbykvinnene på si side kan ikkje lett setje seg inn i den meir eller mindre akademiske «diskursen» i Khartoum, Teheran og andre stader, seier Tønnessen.

- Det har vore forsøk på å skape ei felles internasjonal muslimsk kvinnerørsle utan at dette har lykkast, men Sisters of Islam frå Malaysia er ein av organisasjonane som jobbar internasjonalt med stort gjennomslag, forklarer Bøe.

- Blant anna har dei sidan 2005 arbeidd med å utforme ei familielov som dei meiner er både i tråd med islam og prinsipp som rettferd og likskap. Målet deira er at lovforslaget skal kunne brukas som eit verktøy for å fremme reformar i muslimske land. Slike forsøk kan vise seg å vere meir levedyktige enn løysningar importerte utanifrå, avsluttar Bøe.